Verdidebatt

Arrogansepartiet

Dei moderne Ap-toppane har snart fleire vener med byråkrat-og direktørstatus enn som er arbeidsfolk, men med eit godt nakkegrep på LO-pampane har partiet eit sosialdemokratisk alibi.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Arbeiderpartiet kom i 1933 med slagordet: By og land, hand i hand! Men dette slagordet gjeld ikkje for neoliberalisten Jens Stoltenberg og hans såkalla "sosialdemokratiske parti", det nye slagordet kan være: Urban, kul og sentral er tingen, ruralt er galt, på bygda bor snart ingen!

 Dei moderne Ap-toppane har snart fleire vener med byråkrat-og direktørstatus enn som er arbeidsfolk, men med eit godt nakkegrep på LO-pampane har partiet eit sosialdemokratisk alibi. AP held ikkje berre på å avvikle si sterke binding til "vanlege folk", men dei gjer noko som er mykje verre, dei avviklar velferdsstaten og distrikts-Norge. Når det er noko AP ikkje vil gjennomføre så etterlyser dei utgreiing om det som skal gjerast; slik som Stad skips-tunell, utgreidd 17 gonger og heving av kvikksølv-ubåten på Fedje som til no har vore utgreidd for 67 millionar. Men og når det er noko AP vil - slik som bygging av monster-kraftmaster gjennom turist-og naturperla Hardanger,der dei let være å fokusere på utgreiing av kabelalternativet, og monster-master i fjord-og fjellheimen i Sogn står for tur. Med partisekretær Raymond Johansen si utsegn i Bergens Tidende, laurdag 10.08: "Kraftlinjen gjennom Hardanger kan betegnes som en seier for miljøet", har uforstanden og arrogansen fått eit andlet. AP åpnar også for storstila utbygging av vindkraft i ytre Sogn, kjempevindmøller skal kle kvart nes og kvar fjelltopp i innseglinga til Sognefjorden, ein natur som av reise-forfatteren Jens A. Riisnes er sagt å vere av verdas vakraste.

Ap er særs sleipe når det kjem til avvikling av småbrukarane, som på eiga hand stadig får dårligare økonomiske kår. Samdrift vart initiert med gode økonomiske incentiv, dersom to eller fleire bønder ville drive saman, men det gjekk ikkje lenge før det økonomiske incentivet vart kraftig redusert og i dag er samdrift så dårlig økonomi at fleire gjev opp. AP byggjer ikkje lenger landet, partiet har avvikla all desentraliserande, distriktsvenleg politikk og gjer det nesten umogeleg å bu i distrikta, verst er det at matproduksjonen er så kraftig redusert og matjord bygd ned eller gror att, det er grovt svik - også mot den urbane befolkninga.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verdidebatt