Verdidebatt

Buplikt for prestar

Der er tid for endring av buplikta for prestar. Plikt og rett er tvillingpar, og det er nok grunnen til at saka står i stampe. Likevel: Det er på tide å få ei ordning som høver for år 2011.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Eg er gift med ein prest. Derfor kan eg ikkje for alvor flytta inn i det huset me har kjøpt fordi bispedømmerådet meiner me ikkje stettar vilkåra for fritak for buplikta. Det har eg skrive om på bloggen min: http://marittotland.blogspot.com/2011/11/svaret-var-nei-pa-fritak-for-buplikta.html

Sjølv om det for oss no er eit spørsmål om når me kan melda adresseendring til folkeregisteret, er dette ei sak som ikkje handlar om oss. Det er fleire spørsmål knytt til ordninga som bør lyftast fram i dagen. Saka treng offentleg debatt. Derfor deler eg synet på saka som kjem fram i avisinnlegget mannen min, Jan Ove Totland, har i Vårt Land, i dag 8.desember, der han skriv:

Buplikt for prestar,
irrelevant og uakseptabel ordning

For snart 11 år sidan var eg så heldig å bli prest i Husnes og Holmedal sokn. Her trivest vi så godt at vi ynskjer å bu her som pensjonistar. Tidleg i haust var det av ulike grunnar naturleg å kjøpe vår framtidige bustad. Bustaden er plassert sentralt i soknet, og sokneråd, prost og presteforeininga sitt bustadombod stilte seg positive til søknaden om fritak frå buplikta. Men Bjørgvin bispedøme sa nei, sjølv om eg denne månaden fyller 55 år og som prest i  Bjørgvin er omfatta av bispedømet sin seniorpolitikk. Med ei så streng handheving av buplikta, finn eg tida inne til å stille spørsmål ved om dette er ei ordning som kan forsvarast i 2011.

Det er ingenting i prestetenesta eller presterolla i dag som tilseier at presten skal bu i ein spesiell bustad. Den siste tenestemessige tilknytninga til prestebustaden fall bort då prestane for nokre år sidan fekk beredskapsordning og bustadtelefonen vart bytta bort med mobiltelefon. Når presten ikkje har beredskap, treng han/ho ikkje vere tilgjengeleg mellom kl.17 og kl.08 eller i helgene. Og har presten beredskap, så er ikkje kravet at han/ho skal opphalde seg i prestebustaden, men i beredskapsområdet. Å ha eit punkt i tenesteordning for prestar der arbeidsgjevar kan pålegge presten plikt til å bu i ein spesiell bustad er difor irrelevant og heilt uakseptabelt.

Eg kan ikkje forstå at det kan vere i tråd med vanleg arbeidsrett at ein arbeidsgjevar kan bestemme over ein arbeidstakar sitt privatliv når det ikkje har noko som helst relevans i høve til arbeidet ein er sett til å utføre. Om lag fjerdeparten av prestane i Den norske kyrkja  har ikkje lenger buplikt. Det er eit tydeleg signal om at plikt til å bu i ein spesiell bustad ikkje lenger har noko med prestetenesta å gjere.

Eg ber dei som har ansvar for å gje rettferdige lover om å fjerne denne plikta som kan opplevast som ei stor og unødig ulempe,  både for presten og familien. Dette må ikkje forseinkast av ein debatt om rekruttering av prestar til område der det å stille bustad til disposisjon kan vere eit godt tiltak. Å bu i prestebustad frivillig med høve til å flytte ut når ein sjølv vil, er noko heilt anna enn å vere klistra til prestebustaden av plikt.
Dersom det i nokre område er ynskjeleg at presten skal bu i ein ærværdig prestebustad av kulturhistorisk verdi, ja, då får ein gjere det så attraktivt å bu der at presten gjer det frivillig.

Bustadordninga for prestar som plikt er utgått på dato for lenge sidan. Den er både irrelevant og uakseptabel.  Her inviterer eg alle gode krefter til å gå saman om å gje prestane fridom i høve til bustad.

Jan Ove Totland
Sokneprest i Husnes og Holmedal sokn

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verdidebatt