Verdidebatt

Manglar prest ved bryllaup - vondt å lesa

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Dette var vondt å lesa :

http://www.nrk.no/nyheter/distrikt/nrk_sogn_og_fjordane/1.6807342

Ei ung kvinne vil så gjerne vil så gjerne gifta seg i kyrkja i heimbygda der ho vaks opp.  Som så mange andre ynskjer ho og kjærasten hennar å feira bryllaupet på sommartid.  Men så var det å finna ein prest som er "på vakt" , då !

Sjølvsagt skal også prestane ha ferie , men slik det går fram av artikkelen , ser det ut for at det er smått med tilgjengeleg prest i heile prostiet.  Dersom dette er korrekt , må ferielista vera sett opp på ein lite tilfredsstillande måte.  Behovet for kyrkjelege handlingar vil vera til stades gjennom heile året , og sommarbryllaup er vel heller ikkje noko nytt ...

Kanskje er dei prestane som ikkje har ferie alt er bortbesilte til andre bryllaup i prostiet , men det burde vera råd å finna ei god løysing.  Kanskje kunne ein få til ei samordning ved at den same presten ambulerer frå kyrkje til kyrkje på same dagen , eller at ein legg fleire bryllaup til same kyrkja.  I det siste tilfellet bør ei så langt mogleg lytta til brurepara og dei kjenslene som desse har.

Kyrkja bør ha i mente at bryllaupet er ein heilt spesiell dag for brurefolket , og det å verta vigde i den kyrkja dei har gode minne frå , kan vera med å både forsterka og fornya forholdet til kyrkja.  Ja , det kan faktisk verta ei forsterking og fornying i truslivet til brurefolket !

Når menneske ynskjer kontakt med kyrkje og bedehus , bør me både lytta og leggja til rette.  Av og til må me kanskje til og med "gå den andre mila" , som det står om i Matt. 5,41.  Lat oss gjera det i glede !  Anten det er brurefolk eller andre menneske som søkjer kontakt eller ber om ei teneste.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verdidebatt