Verdidebatt

Eit liberalt livssyn

Eg trur ikkje på Jesus, eg trur på liberalismen. Men av og til kan dei to faktisk gå hand i hand.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Eg er døypt i Den norske kyrkja. Eg er konfirmert der. Ja, eg har til og med hatt sommarjobb som kyrkjetenar. Oppveksten min var ikkje fylt av mørkemenn og moralisme. Tvert imot; prestane i kyrkja mi var relativt liberale og frilynte, ikkje minst den dyktige og dedikerte konfirmasjonspresten min. Eg lærte mykje, og hadde lite å utsetje på dei religiøse delane av oppveksten min.

Likevel valde eg å melde meg ut då eg var 20 år. Rett og slett fordi eg ikkje trur på Gud. Gjennom mitt eige liv og utdanning har eg til no ikkje sett nokon overbevisande grunn til å tru på overnaturlege krefter. Og eg fann til slutt ut at eg ikkje kunne halde fram med å legitimere og bidra med skattepengar til ein religion som eg strengt tatt ikkje tilhøyrde. Så eg valde å avslutte medlemskapen i statskyrkja, og har levd svært godt med det sidan.

Ateist eller agnostikar?

Ein ven av meg vert ofte spurt om korleis det er å ikkje tru på Jesus. Han brukar å svare: «Trur du at Muhammed er Guds sendebod?», noko som vanlegvis framkallar hovudristing. «Nettopp slik», svarer han.

Om nokon spør meg kva livssyn eg har no, svarar eg at eg er ateist. Ein del reagerer litt på dette, og meiner at eg «i det minste» burde vere agnostikar. Men agnostikar er for meg eit ganske meiningslaust omgrep. Eg meiner; anten så trur ein på eksistensen av noko, eller så gjer ein det ikkje. Det er ingen mellomting. Agnostikarar seier gjerne at eksistensen av guddommar uansett ikkje kan bevisast, og at dei «ikkje vil utelukke» at Gud eksisterer. Det gjer sjølvsagt ikkje eg heller. På same måte som eg ikkje vil utelukke at reinkarnasjon kan skje, eller at det finst romvesen. Berre ein idiot vil utelukke noko av prinsipp. Men fram til eg får grunn til å tru at Gud eksisterer, vil eg – som for alle andre ikkje-godtgjorte fenomen - legge til grunn at han ikkje gjer det. Altså er eg ateist – eg trur ikkje på guddommar.

Kristenliberalisme

Som ateist fyller eg kanskje det mange tenkjer på som stereotypien på ein liberalar. Det er likevel ingen nødvendig samanheng mellom det å vere liberal og ikkje-truande, like lite som det er ein nødvendig samanheng mellom å vere konservativ og tru på Gud. Mange sentrale liberalarar, frå Thomas Jefferson til Trine Skei Grande, har vore truande menneske.

Det å vere liberal handlar om å legge til grunne nokre grunnleggjande verdiar for samfunnet. Ein av dei er menneskerettar. Å tru at kvart einskild menneske har ein del rettar som ingen kan ta fra oss, kan ein så absolutt grunngje ut frå religion. Mange av dei tidlege liberalarane snakka jo nettopp om gudegjevne rettar – retten til liv, ytringsfridom, religionsfridom med meir - som ingen menneske på jord kan ta frå oss. Og nettopp dette; kvart menneske sin ukrenkjelege eigenverdi, er kanskje det viktigaste berøringspunktet mellom kristendom og liberalisme.

Fridom for framtidige generasjonar

Sjølv om eg deler dette verdisynet, vil eg nok grunngje det meir ut frå moralfilosofiske enn frå religiøse betraktningar. Livet er det viktigaste vi har, og vi har berre eitt av det. Skal det vere mogleg for kvar einskild å ikkje berre overleve, men også finne sin veg til det gode liv, må nokre grunnleggjande rettar vere urørbare og ukrenkjelege. Retten til eigedom, til ytringsfridom, til vern mot vilkårleg rettargang er døme på slike rettar. For ikkje å snakke om retten til familie- og privatliv.

Til ei viss grad vil også liberalarar så vel som kristne vere opptekne av fridom. Å leggje til grunn at det viktigaste målet med politikk, er å gje kvart einskild menneske størst mogleg fridom, står heilt sentralt for meg som liberalar. Dette gjeld sjølvsagt også framtidige generasjonar sin fridom, noko som mellom anna medfører at liberalarar har eit grunnleggjande engasjement for vern av klima og miljø. Det har også mange kristne, sjølv om ein frå den kanten typisk vil snakke om å verne om skaparverket.

Straff som folkeoppdragande middel

Liberalarar vil likevel i mange spørsmål kome i konflikt med dei som legg til grunn eit meir reindyrka religiøst livssyn. Tydelegast kanskje i spørsmål om bruk av straff og forbod. Eller som vi ofte seier i Noreg: I verdipolitikken.

Eg meiner heilt grunnleggjande sett at å bruke straffelova som folkeoppdragande middel er misbruk av tvangsmakt. At fleirtalet skal bruke tvang og straff mot handlingar som ikkje går ut over andre enn individet sjølv, vil ikkje vere i tråd med liberal ideologi. At storsamfunnet med makt skal tvinge gjennom sitt moralsyn i den einskilde familie, og mot det einskilde individ, er noko som står langt frå mitt liberale grunnsyn. Eksempelvis har eg ingen prinsipielle problem med bruk av hijab eller andre religiøse plagg, liberale skjenketider, surrogati, gambling, ulike seksuelle orienteringar osb.

Det betyr ikkje at eg som liberal ikkje har meiningar om kva som er umoralsk og ikkje. Eg mislikar folk som er utro, spreier rasistiske ytringar, sel kroppen sin for pengar eller brukar narkotika. Men som liberalar skil eg mellom det eg mislikar og det eg vil forby. Einskildmennesket sin fridom bør trumfe storsamfunnet sitt ønske for å drive oppdraging av myndige borgarar. Ja, for i fridomen til den enkelte ligg faktisk også fridomen til å gjere «feil» val, ja, sågar også retten til å gå til grunne.

Det gode liv

For berre gjennom mest mogleg fridom til den einskilde, er det mogleg å finne vegen til det gode liv. Kva det gode liv måtte vere, kan ikkje samfunnet som sådan definere. Det er opp til kvar enkelt. Somme finn vegen til det gode liv gjennom å tru på Gud. Det gjer ikkje eg. Men at vi alle skal ha fridomen til å finne vår eigen veg, er liberalismens viktigaste politiske mål. Og det er noko eg trur på.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verdidebatt