Verdidebatt

Når ordet «helvete» er brukt opp på feil skismøring

Dette er eit slags ope brev til NRK, Dagbladet, TV 2 og andre offentlege forvaltarar av dei sterkaste kraftuttrykka i det norske språket.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Kong Harald trefte ein viktig sorgnerve under den nasjonale minneseremonien søndag. Monarken let tårene komme, og han slo fast: No er nesten alle orda brukte opp.

Katastrofen. Katastrofen var så overveldande. Vi fekk sjå 77 bilete av levande menneske som brått er meiningslaust borte. Kva ord har vi igjen for å setje ord på ein slik katastrofe?

Eg veit ikkje.

I tida etter bombeangrepet og massakren er mange samde om å prøve å dempe den hatefulle ordbruken i debatt om innvandring og religion, utan å undertrykkje debatten. Kanskje er det også ei tid for å vaske det daglege språket om alle slags emne i lys av tragedien i regjeringskvartalet og på Utøya.

Kvar enkelt som tek sterke ord i bruk i annakvar setning, kan kanskje ha fått noko å tenkje på. Her skal det handle om det offentlege språket.

Helvete. I vinter og vår gjorde ramnane på baksida av denne avisa intense forsøk på å oppdra Dagbladet i omgangen med kraftuttrykk. Det vil seie: Å oppdra den liberale tabloiden er eit langt i overkant ambisiøst prosjekt for to spede ramnar, så det var vel like nyttelaust som velmeint.

Dagbladet gjorde nemleg, som vanleg: Avisa pøsa på med ordet «helvete» så snart det var ein ørliten motgang på ein idrettsarena. Svensk smørebom i ski-VM eller ein skadd akilleshæl på ei fotballbane etter seriestart: Det skulle ikkje meir til for å smelle til med ordet «helvete» i kraftige typar. Dagsavisen kunne ikkje vere dårlegare under ski-VM og skreiv om «Marit Bjørgens smertehelvete» då ho fortalde at ei hard tremil på ski gjer vondt kroppen.

Kanskje har private og offentlege forvaltarar av ord kunna tillata seg slik omgang med kraftuttrykk sidan vel noko av det verste vi har trudd vi kunne bli utsette for her i landet, er ein nedtur i sport.  Og for å bli synlege i det gneldrande informasjonssamfunnet blir det eine sterkare ordet enn det andre teke i bruk anten det er sport eller politikk det er snakk. Det skal ikkje mykje politisk tautrekking til bak stengde dører i ei omstridd sak før eit presseorgan kan avsløre at det er «krig» på kammerset.

Kongen. Kongen fekk i grunnen rett for lenge sidan: No er snart alle orda brukte opp. På tøv og tant.

Statsminister Jens Stoltenberg sa på si side så kraftfullt om Utøya-massakren at hans «barndoms paradis var gjort om til eit helvete». Men kva ord skulle Dagbladet nytte for å skildre denne svartaste dagen då ordet «helvete» der i garden for lengst var brukte opp på feil skismøring og vondt i hælen?

Vi som ikkje er blant dei overlevande og pårørande, har prøvd å komme oss tilbake til meir normale dagar. På fjernsynet rullar fotballkampane. Og, ser det ut til, alt er tilbake til slik det var før.

For nokre dagar sidan tapte Molde ein cupkamp etter å ha hatt bøttevis med sjansar til å vinne. NRK-veteranen Arne Scheie utbraut minst ein gong i ei slag medlevande fortviling: «Hvorfor klarte ikke Molde å drepe kampen?»

Hæ?

Drepe. Eg blir så uvel når eg framleis tenkjer på at Scheie – truleg i innøvd tankeløyse – slengde ut ordet «drepe» at eg slit med å hugse kven Molde tapte mot. Ikkje spelar det noka rolle heller. I staden ser eg føre meg Anders Behring Breivik på Utøya - med gevær eller med ladegrep på eit VG-foto frå rekonstruksjonen. Grufulle inntrykk trengjer seg fram hos meg midt under ein, får vi tru, uskuldig fotballkamp. Måndag kveld fekk vi høyre det igjen, no var det ein TV 2-kommentator som etterlyste kvifor Molde ikkje tidleg klarte å «drepe kampen» - no mot Lillestrøm.

I mitt enkle sinn tenkjer seg at det finst mange tydelege ord som på variert vis kan forklare kor viktig det er for eit lag å få taket på ein fotballkamp enn ordet «drepe». Kraftuttrykk som er tømde for innhald ved å bli misbrukt til det meste, er etter 22. juli igjen fylte med så mykje gru, blod og død at dei fleste bør ha fått nok av utidige kraftsalver. Kan ikkje minst offentlege forvaltarar av ord klare å vaske språket i lys av ein verkeleg katastrofe?

For det kan då ikkje ha vore meininga at journalistane, straks dei første sørgjedagane var over, skulle ta alle kraftorda tilbake?

Denne kommentaren stod på trykk i Vårt Lands papirutgåve 24. august.

PS. Heldigvis tyder noko på at somme i media etter 22. juli har dempa bruken av blodige uttrykk i utrengsmål anten det er sportsjournalistar eller finansjournalistar.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verdidebatt