Draumefangaren

Når Runar Søgaard følgjer draumane sine, 
følgjer han Guds plan for livet sitt.

Min tro

Det er ein Jesu mannsalder sidan Runar Søgaard kom inn i rampelyset med rakettfart. Kongsvingerguten hadde flytta til Sverige og blitt kjæraste med den svenske nasjonalskatten Carola Häggkvist. Snakkar om huskestue! Ikkje berre var fyren norsk, han var også medlem av den kristne kyrkjelyden Livets ord. Det var ingen veg tilbake. Søgaard var frå første stund eit mediefenomen.

Han var gift med Carola i ti år, mellom 1990 og 2000. Sidan gjekk dei kvar til sitt, men Søgaards stjerne på den skandinaviske kjendishimmelen sløkte ikkje av den grunn. I seinare tid har han vore deltakar både i Farmen kjendis (2019) og Camp Kulinaris (2020). No gir han også ut sjølvbiografien sin, som har fått tittelen Gud gav oss ti bud – jeg har brutt ni av dem.

– Eg kunne ha skrive ei bok som var tre gongar så tjukk, men ein stad måtte eg dra grensa, seier Runar Søgaard og set opp eit av sine aller breiaste smil der vi møter han på Grand Hotel i Oslo.

LES OGSÅ: Paven støtter likekjønnede partnerskap: – Det er som en tåke letter og sola trenger igjennom

Gladkristen

Hotellnamnet passar Søgaard godt, det er noko grandiost over auraen hans. Han ser ut som ei krysning av ei popstjerne og ein amerikansk TV-predikant. Strøken sveis. Boots på føtene. Kvite tenner og eit muntert glimt i auget. Han ler mykje under intervjuet, og har ingen vanskar med å kalle seg for ein «gladkristen». Men han er til stades når han snakkar om tru.

Søgaard vaks opp på første benkerad i kyrkja, med ein far, Frank Søgaard, som var tredje generasjons forkynnar (og kjent som mangeårig pastor i De Frie Evangeliske Forsamlinger). Det gjorde at han som ung gut fekk ein kjærleik til Gud, Jesus og Bibelen. Den kristne forsamlinga opplevde han derimot som keisam. Fjorten år gammal begynte han å lese Bibelen frå perm til perm, noko han gjorde rundt femten gongar på to, tre år. Deretter gjekk han laus på evangelia og Apostelgjerningane, som han las på repeat. Han såg at dei første kristne levde på ein heilt annan måte enn hans eigne trusfellar.

– Dei første kristne gjekk på vatnet og vekte opp døde. I den kristne forsamlinga oppførte dei seg som døde. Boring, altså! Forskjellen blei så stor. Dersom kristenlivet var som i forsamlinga, var eg ikkje interessert. Men om det var som i evangelia og Apostelgjerningane? Absolutt, alle dagar i veka!

LES OGSÅ: Haddy Njie: – Det kjennest som om eg står i eit vegkryss av tru

Fekk visjon i USA

Han lét håret vekse og følgde sin eigen veg. Vendepunktet kom likevel saman med faren, på ei jorda-rundt-reise dei la ut på mens Runar framleis gjekk på ungdomsskulen. Horisontane opna seg både horisontalt og vertikalt, kunne ein kanskje seie. Inntrykka blei iallfall sterke for ein bygdegut som knapt hadde vore lenger enn til Oslo. No opplevde han høgkulturen og pasjonen i Paris. Fattigdomen i India. Den åndelege hungeren i Kina, der dei smugla inn biblar. Og på ein ranch i USA fekk han ein visjon, om at draumar kan bli verkelege om ein har mot til å følgje dei.

– Den reisa revolusjonerte livet mitt.

Revolusjonen låg i erkjenninga av at Gud hadde ein plan med livet hans, og i oppdaginga av at menneska lengtar etter Guds ord. Desse to punkta har definert dagane hans sidan då: Frimotet til å følgje draumar. Respekten for den bibelske bodskapen.

Søgaard er svært medviten om at det er mange menneske i verda som ikkje har tilgang til Bibelen, eller som risikerer fengselsstraff om dei les i han. Sjølv var han heldig som kunne sette i gang med bibellesing allereie i ungdommen, på jakt etter å vite meir om Gud.

---

RUNAR SØGAARD

  • Leiingskonsulent
    53 å
    Fødd i Kongsvinger, bur i Stockholm
    Ugift, har kjæraste. Har sonen Amadeus med Carola Häggkvist og sønene Jackson og Presley med Jessica Karlsson
    Aktuell med sjølvbiografien Gud gav oss ti bud – jeg har brutt ni av dem (Vigmostad & Bjørke)

---

Bibellesinga gjorde han også tryggare på at mange av reglane som fanst blant dei kristne, ikkje kom frå Bøkenes Bok.

– Det er den største akilleshælen blant kristne også i dag. Dei les ikkje i Bibelen. Dei les VG og Dagbladet, seier Søgaard.

– Om dei skulle seie noko som står i Bibelen, kjem journalistane, og så blir dei redde. Då unngår dei i staden å snakke om det som står. Dei kompromissar. Så forsvinn frimotet. Og så forsvinn krafta.

– Sjølv har du vore nokså frimodig gjennom livet?

– Ein er nøydd til å stå opp for Gud, stå opp for trua si. Det er avgjerande viktig å forkynne Gud ord, også når det er politisk ukorrekt. Dersom vi sluttar å forkynne Ordet, sluttar også undera og mirakla. Det er livsfarleg å kapitulere berre fordi bodskapen ikkje er populær.

Meir audmjuk enn før

Søgaard legg til at han er meir audmjuk overfor andre menneske i dag enn tidlegare.

– Det handlar om respekt for andre, forståing for kva andre har gått igjennom. Det har vore periodar i livet mitt der eg har vore dømmande og fordomsfull. Eg har hatt ei haldning og ein arroganse som ikkje var okey. Som Elvis Presley ein gong sa det: Kritiser ikkje ein mann om du ikkje har gått ei mil i skoa hans.

Han er opptatt av at Guds ord må få vere Guds ord. Han peiker på at det finst ei rekke dyktige retorikarar som kan slå ein kvar predikant ned i støvlane, om det ikkje hadde vore for det overnaturlege elementet i den kristne bodskapen.

– Men om vi kan kombinere våre personlegdomar med Guds ord, då blir det ein kraftfull kombinasjon som kan bygge Guds rike.

Som person identifiserer Søgaard seg særleg med to personar i Bibelen. Den eine er kong David, som blei sagt å vere ein mann etter Guds hjarte. Den andre er den vakre ynglingen Josef, drøymaren som blei seld av brørne sine, men enda som den nest mektigaste mannen i Egypt.

– Kan det hende dei, kan det hende meg. Identifikasjonen går både på kven eg er, og kva eg skal gjere, seier Søgaard, og tenker både på relasjonen til Gud og på det å få utretta noko i verda.

Jesus er ingen maskot. Han ønskjer ikkje å bli ein av dei som gjer Jesus mindre og mindre, så han til slutt blir like liten som ein maskot ein kan ha i lomma og ta med seg i kyrkja kvar søndag.

– Ingen av oss er perfekte. Vi har feil, brestar. Vi snublar, vi «fackar upp saker». Men vi må hugse kvar vi kjem ifrå, og at det vi har, har vi av berre nåde. Så får vi deretter gjere vårt beste og arbeide på frelsa vår med «fruktan och bävan».

– Korleis nærar du trua?

– Eg ber mykje. Talar i tunger. Tungetale er den einaste bøna eg ikkje kan øydelegge, for eg veit ikkje kva eg ber om. Det er mitt indre som ber. Så bøn er viktig. Ordet er viktig. Eg har nok aldri lese så mykje i Det nye testamentet som eg har gjort dei tre, fire seinaste åra.

Ingen av oss er perfekte. Vi har feil, brestar. Vi snublar, vi «fackar upp saker».

—   Runar Søgaard

– Endå meir enn i 14–16-årsalderen?

– Ja. Eg har oppdaga så mykje nytt. Eg har høyrt ganske mange tusen preiker gjennom livet, men ikkje om noko av dette. I mi eiga forkynning er eg også blitt flinkare til å kommunisere, formidle. Som Jesus sa til dei som allereie var religiøse: Take it or leave it! Anten kjøper du heile pakka, eller så kan du la det vere. Om du ikkje er med meg, er du imot meg. Screw you! Men til verda snakka han heilt motsett. Då var han inkluderande: Om du ikkje er imot meg, så er du med meg.

Søgaard meiner at dei religiøse leiarane ikkje følgjer denne oppskrifta, at dei ikkje gjer som Bibelen seier, og at det er grunnen til at det ikkje er vekking i Noreg.

– Du kjem med eit tøft klagemål? Det er sikkert mange som vil vere ueinig med deg.

– Vi kan gjerne diskutere. Men dersom det ikkje hadde vore slik, så hadde vi hatt vekking. Vi hadde sett teikn, under og mirakel. Leiarane er feige. I staden for å forkynne heile Bibelen, tar dei utgangspunkt i favorittpassasjar. Dei vil så gjerne bli aksepterte av alle, og godt likt av alle. Men Jesus sa «ve dykk når alle talar vel om dykk». Eg likar ikkje å generalisere, men iblant må ein gjere det for å få fram eit poeng.

Har opplevd mirakel

Søgaard har sjølv stått i vekking, som det heiter, både i Livets ord og i forløparen til Hillsong i Stockholm. Og han har erfart ekte mirakel.

– Eg har sett blinde som får synet attende. Eg har sett døve som plutseleg kan høyre, stumme som begynner å snakke. Eg har sett det. Og det er dette som burde vere normalen. Men det rasjonelle intellektet har i stor grad kvelt trua.

– Korleis forkynner du sjølv?

– Eg prøver å forkynne på ein måte som gjer trua attraktiv for ikkje-truande. 
Mange tenker i dag: What’s in it for me? Kva kan eg vinne på dette? Det er viktig å forstå dette når ein forkynner, så ein brukar det positivt for å nå ut med evangeliet. Vise fram kva du får, kva du vinn på å tru. Trua er ikkje ein pakke med teologi, ho er eit liv. Du får evig liv og hjelp i kvardagen. Det menneska treng.

– Trua fikser vel ikkje alle problem?

– Gud er ingen julenisse som sender ut alle presangane på ein gong. Han er ingen automat. Det er mange faktorar som kjem i vegen. Men Bibelen fortel at Gud ønskjer oss det beste.

Himmel og helvete

I Søgaards tru finst det ein reell himmel og eit reelt helvete. Ingen, ikkje eingong ein nordmann, kjem til himmelen utan gjennom Jesus. Det er han tydeleg på.

– Men vi er heilt frie til å velje!

Før var Søgaard livredd for å gi livet sitt til Gud. Han var sikker på at dersom han gjorde det, ville han – som hatar vinter og snø – bli sendt som misjonær til Grønland.
Det skjedde ikkje. I staden blei han sendt til Los Angeles, til Sør-Afrika og Australia, til land som han elskar, og der han er i sitt ess.

– Kven ville du vore utan den kristne trua, trur du?

– Då ville eg vore ein omsynslaus ­kapitalist i New York. Eller ein eller annan toppleiar i Los Angeles.

Søgaard vedgår at han har vore redd for at stormane han har stått i som 
privatperson, har kunna bli til hinder for den kristne bodskapen han ønskjer å formidle. Blant anna er han fleire gonger straffeforfølgd for uryddige økonomiske forhold. I fjor fekk han ein fengselsdom på eitt år og åtte månader for grov 
skatteunndraging og brot på bokføringslova. Søgaard og advokaten hans stilte ikkje opp i ­rettssaka. Han nektar straffeskuld og har anka dommen. I neste rettsrunde vil han legge fram si eiga bevisføring.

– Medias omtale av meg har gjort ­veldig vondt. Eg er blitt framstilt som ein kriminell, seier han.

---

4 raske

  • Gud er: Miskunnsam mot dei ­ufrelste og kravstillande mot forsamlinga si
  • Eg klarer meg ikkje utan: Barna mine og mine ­nærmaste
  • På gravsteinen min skal det stå: Elska mykje, skratta mykje og naut av Guds nåde kvar dag
  • Boka alle må lese: Det nye testamentet, Jordan B. Petersons 12 Rules for Life og biografien om David Ben Gurion

---

Ingen playboy

Han har heller ikkje mykje til overs for dei mange presseoppslaga som har omtalt han som ein slags playboy, noko han meiner skader livsoppgåva hans.

– Dei rykta eg sjølv har vore med på å skape, har eg tatt tak i, så eg har endra meg. Dei andre rykta kan eg ikkje gjere noko med. Eg har mange vener som er kjendisar, idrettsstjerner, modellar, artistar. Når eg går ut med Tomas Brolin, Björn Borg og Dr. Alban, er det ikkje som om eg går ut med Ole, Hasse og Petter. Når eg får ei venninne på besøk frå Los Angeles, og ho er Playmate of the year, tenker folk at eg er på same viset.

– Korleis taklar du det?

– Eg les mykje i Salmane. Når David blir nedstemt og kjenner seg urettvist behandla, når han blir irritert og forbanna på uvennane sine, vender han seg til Gud. Og det har eg fått gjere, også. Då kastar eg alle sorgene mine på Gud, og eg kjenner korleis trua veks og håpet blir sterkare. Han der oppe er større enn meg. Det er det som er det fantastiske med nåden.

– Kor viktig er nåden for deg?

– Utruleg viktig. Nåden er heile fundamentet. Eg kjem aldri til å bli funnen verdig til å bli frelst og komme til himmelen. Men der syndene er mange, er nåden endå større. Og den som har fått tilgitt mykje, elskar mykje. Utan nåden ville eg ha vore fortapt for alltid. Men eg er frelst av nåde. Det fyller meg med kjærleik. Kjærleiken er drivkrafta mi. Han har aldri vore sterkare enn no.

Alt er mogleg

Runar Søgaard har alltid hatt mykje kjærleik i seg. Han ønskjer å bruke denne kjærleiken til å nå inn til folk med den gode bodskapen.

– Det finst hjelp for deg, det finst nåde for deg, det finst tilgiving, det finst mirakel. Men framfor alt: Gud elskar deg, og han lengtar etter deg.

Tilliten til Bibelen er kjernen i trua hans. At alt Gud har sagt i sitt ord, stemmer.

– Og når ein tar Bibelen på alvor, då kan ting skje?

– Nei, då kan ikkje ting skje. Då kan alt skje, seier Søgaard.

– For alt er mogleg for den som trur.

LES MEIR: Min tro-intervjuet med Lasse Heimdal

LES MEIR: Min tro-intervjuet med Laura Djupvik

LES MEIR: Min tro-intervjuet med Haddy Njie

LES MEIR: Min tro-intervjuet med Kjetil Vestel Haga

LES MEIR: Min tro-intervjuet med Kaj-Martin Georgsen

LES MEIR: Min tro-intervjuet med Joanna Rzadkowska

LES MEIR: Min tro-intervjuet med Tord Gustavsen

LES MEIR: Min tro-intervjuet med Olav Fykse Tveit

LES MEIR: Min tro-intervjuet med Solfrid Molland

LES MEIR: Min tro-intervjuet med Anne Hege Grung

LES MEIR: Min tro-intervjuet med Muhammad Rafiq

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Min tro