Verdidebatt

Gulen eller Vålerenga?

Eg sit på hytta mi i Nordhordland. Ferien har senka seg. Klatrar eg opp i eit tre slik at utsynet vert litt vidare, ser eg over fjorden. Der reiser fjella i Gulen seg. Mellom dei ligg øyane, holmane og fjordane. Men ingen prest vil dit?

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Kollega Geir Sørebø traff blink med si spissformulering, Vålerenga 23 - Gulen 0. Prestestillinga i denne kommunen, ytst i Sognefjorden, framleis i Ytre Sogn prosti, men truleg etter kvart tilknytta Nordhordland prosti i følgje siste utlysingstekst, vart lyst ledig. Samstundes kom også sjølvaste Vålerenga. Mediefokuserte Vålerenga. Kven vil overta prestejobben, der midt i Oslo, med fotballag og ein forgjengar som visste å stikke seg fram? 23 ville overta der. Men ingen i Gulen.

Det er godt at det kjem fram enno ein gong, det vi alle har visst i lang, lang tid. Det er rett og slett vanskeleg å rekruttere prestar til Den norske kyrkja.
Denne gongen fekk det eit nesten absurd utslag. 23 - 0.

Det gav grunnlag for viktige avisdiskusjonar no i sommartida.
Men sant å seie trur eg det er nokså tilfeldig at det vart slik. Hadde Gulen fått den eine søkjaren som var naudsynt for å få ei tilsetjing, ville ingen løfta eit augebryn.
Eg veit ikkje om eg skal våge å seie det, men eg tar sjansen: Heldigvis fekk Gulen ingen søkjarar. Denne gongen. Eg trur dei kjem etter kvart.

Kanskje Jarle Veland får napp med sitt modige utspel om toppløn? Ikkje dumt det. Men sant å seie trur eg ikke at han får jobben på dei vilkåra.

Det ingen skriv i avisa om, er dei mange, mange prestestillingane som vert lyste ut og som får ein eller to søkjarar. Det kan sikkert skje i Oslo eller deromkring også. For alle veit at akkurat denne gongen fekk Vålerenga reklame som knapt nokon ledig prestestilling har fått på lang, lang tid.

Eg var fram til for 1 1/2 månad sidan sokneprest i ein stor, attraktiv, aktiv, bynær og tilnærma urban kyrkjelyd på Askøy. Flott bustad. 15 minuttar frå fisketorget i Bergen. Då eg gjekk over i anna prestestilling melde det seg to søkjarar. Heldigvis dugande prestar, så ingen der treng klage over at at det ikkje kjem ny prest på plass. Men to søkjarar til ein slik soknepreststilling er utruleg lite.

Då er poenget: Det er rett og slett for få prestar som er ledige til at søkjarlistene kan verte særleg lange.

Trygve W. Jordheim har ein kommentar til situasjonen i dagens VL.
Hans konklusjon er at kyrkjelydane må rekruttere eigne prestar.
Det er for så vidt ein god tanke. Men når eg set meg ned og tenkjer etter kva for prestar vi har her i prostia rundt Bergen, f.eks. i Nordhordland der eg nett no sit, og der eg kjenner mest alle prestane, eller i Vesthordland der eg har vore prest i 9 år, eller i Arna og Åsane der eg nett har teke til som prost, så ser eg at ca 3 av 4 prestar i dette store området er rekrutterte frå Hordaland fylke. Dei aller fleste av oss snakkar bergensk eller strilemål. Litt tilflytting har vi. Heldigvis! Elles vert det eit teologisk innavl som ikkje er av det gode.

Gjennom årtier har altså kyrkjelydane her vest i stor grad rekruttert eigne prestar.

Finst det då ingen veg ut av dette vanskelege terrenget?
Personleg ser eg to tiltak som eg har tru på. Det eine kortsiktig: Lytt til Jarle Veland og våg å ta i bruk økonomiske verkemiddel. Ikkje berre for enkeltstillingar, men for presteskapet sett under eitt. Skal vi få tilbake ein del av dei mange presteutdanna personane som i dag har fått betre betalte jobbar på andre stader i samfunnet, vil dette tvinge seg fram.

På lengre sikt handlar det om kyrkja si store åndelege utfordring: Å forkynne slik at unge menneske lyttar og opnar seg for kallet frå Gud til å gjere teneste i kyrkja vår. Den norske kyrkja. Det er om dette den vesentlege dabatten må handle i tida som kjem.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verdidebatt