Verdidebatt

USA - kven skal styre landet?

Statsminister Benjamin Netanyahu og president Barack Obama møttes nyleg i Washington. Den amerikanske presidenten vart audmjuka framfor hundrevis av millionar TV-sjåarar. Ein sjølvsikker israelsk statsministar utfordra USA sin president til holmgang.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

President Obama har nyleg styrka sitt omdømme ved å ta livet av Osama bin Laden. Dette vart i USA feira omlag som krigsslutt i 1945, men vanskane som rir USA innanriks og utanriks er minst like store som før.

I botnen for USA sine problem i den muslimske verda ligg palestinakonflikta. Det ulukkelege vedtaket om å opprette eit heimnland for den jødiske trua, har ført til mykje urett mot, og ulukke for, palestinarane. I vårt tid fins det vel ikkje noko meir konkret døme på Vesten sitt maktmisbruk i internasjonale fora og ved rein våpenmakt.

I praksis har Israel vore eit amerikanske bruhaud og bastion i Midtausten. Utan uavgrensa støtte frå USA, hadde ikkje staten Israel hatt den posisjonen han har i dag. Fram til Ariel Sharon var israelske toppolitikarar varsam med å trakke redningsmannen på tåa, for ikkje å snakke om å audmjuke han offentleg. I dag er det annleis. Presidentane Clinton, Bush og Obama vert nærast møtt med hån når dei freistar å setje dei israelske haukane på plass.

Riset bak spegelen er støtta frå jødiske veljarar og pengestønad frå den steinrike jødiske minoriteten i USA. Dette er maktgrupper ingen amerikansk presidentkandidat har våga å setje på plass i nyare tid. Det vert meir og meir tydelig at den jødiske lobbyen i USA styrer landet og det har kosta dyrt.

Israel er i dag ein klamp rundt foten til USA, eit land nedsylta i problem innanriks og utanriks. Dersom, eller snarare når, vanskane tårner seg opp for alvor, vil opinionen ha bruk for ein syndebukk. Då kan den jødiske lobbyen og Israel stå lagleg til for hogg.

I ein trengt posisjon ba Obama Israel om medverknad til å få ei løysing på den ulukkelege krigen i Palestina, men fekk ein knytteneve i trynet. Ikkje berre Obama vart audmjuka, men minst like mykje det amerikanske demokratiet. For det grunnleggjande spørsmålet er: Kven skal styre USA?

Obama står med ryggen mot veggen og saknar sårt ei fanesak å køyre fram i valkampen. Opinionen i USA er trøytte av krig og økonomisk elende. Eit oppgjer med jødelobbyen kan vere ei sak som sankar mange veljarar. Trass i alt så utgjer ikkje jødiske veljarar meir enn 2%.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verdidebatt