Verdidebatt

Prinsipplaust av AUF og FrP

AUF og FrP har gode intensjonar når dei ynskjer å samla borna i fellesskulen. Problemet er at det går ikkje an å vera så pragmatisk at ein gløymer alle prinsipp og rettar samfunnet vårt byggjer på, sjølv med gode intensjonar.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Opplæringslova har ein paragraf som er lite kjend:

Rett og plikt til grunnskoleopplæring

"Barn og unge har plikt til grunnskoleopplæring, og rett til offentleg grunnskoleopplæring i samsvar med denne lova og tilhøyrande forskrifter. Plikten kan ivaretakast gjennom offentleg grunnskoleopplæring eller gjennom anna, tilsvarande opplæring (Opplæringslova § 2-1.)"

I utgangspunktet har foreldra ansvaret for oppsedinga. Borna har rett på opplæring og foreldra må syta for at dei får det. Staten stiller med eit skuletilbod, og heldigvis tar dei fleste i mot det tilbodet.

For å ta vare på barnet sine rettar, har staten definert kva opplæring barn skal ha. Det ligg i læreplanen som er ei forpliktande forskrift. Derfor må både friskular og evt heimeundervisning gje borna undervisning tilsvarande læreplanen, det gjeld både fagstoff, haldningar og orientering om samfunnet vårt. Friskulelova sine krav til godkjenning seier at skulane skal ta sikte på: "å utvikle respekt for menneskerettane, grunnleggjande fridommar og for dei prinsippa som pakta til Dei sameinte nasjonane vernar om, å førebu eleven til eit ansvarleg liv i eit fritt samfunn i ei ånd av forståing, fred, toleranse, likestilling mellom kjønna og venskap mellom alle folkeslag, etniske, nasjonale og religiøse grupper og personar som høyrer til urfolk"

Dette er fine ord, vil mange seia. Kan me tru på at dette blir etterlevd i "lukka" skular der eigarane til og med har uttalte mål som er i strid med desse verdiane?

Nei, eg er samd med dei som seier at tilliten ikkje alltid er tilstades. Derfor er det viktig at godkjenningsprosessen er slik at ein byggjer solid tillit og gjensidig forplikting. Krav som loven set og som blir konkretiserte i godkjenningsbrev må forplikta. Og skulane må til ei kvar tid kunne visa at dei tar desse på alvor. Tett oppfylgjing frå utdanningsdirektørane er heilt naturleg og viktig for å skapa tryggleik for at borna får ein skulegang i tråd med dei rettane dei har. Kjem ein ikkje i mål med dette, kan ikkje skulen godkjennast.

AUF vil ta vekk økonomisk støtte til religiøse friskular. Det er tankevekkjande. Det er statsstøtta som gjer foreldreretten reell med tanke på skuleval. Utan den vil friskular vera for dei rike. Det kan ikkje vera i tråd med AUF sine mål?

Frp vil integrera. Derfor vil dei stoppa muslimsk skule. Men dei vil ha andre friskular, også kristne. Reknar dei då med at lovane i andre land skal vera like våre? At nordmenn som reiser ut ikkje skal kunne driva kristne skular for borna sine der?

Den aktuelle saka er ikkje svart/kvit. Ingen ynskjer subkulturar som blir forsterka av skuleverket. Men me får nytta dei rette virkemidla for å motarbeida det: klare krav ved godkjenning, tett oppfylgjing frå tilsynet og vidareutvikling av ein god fellesskole som alle kan sjå seg tente med å senda borna sine til.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verdidebatt