Verdidebatt

Bibel og vedkjenning – kor tok dei vegen?

Eg har forsøkt meg på ein liten kommentar til Carissimi-saka, den er skrive for ei stund sida, men tenkte eg kunne dele den med Verdidebatt au. Han er tidlegare publisert på min blogg www.bedehus.wordpress.com og www.kristendemokratene.wordpress.com.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Bibel og vedkjenning – kor tok dei vegen?

Kommentar til Carissimi-”saka"

Innleiing
Når ein skal skrive ein kommentar til den såkalla Carissimi-"saka" kan det vere greitt å ha litt orden på kva vi talar om, mange har nok høyrt om Carissimi[1] medan mange ikkje har det. Difor tek eg no fatt på ei kort oppsummering av kva saka i hovudtrekk gjeld.

Kva er dette for noko?
Det heile starta for nokre år sidan med at Bispemøte og Lærenemnda i Den norske Kyrkja innførde to syn på homofilt samliv(/ekteskap), som vil seie at Kyrkja på eit vis er delt – med ein "fløy" som er for at homofile skal få gifta seg og som ikkje vedkjenner homofilt samliv som synd – og ein annan "fløy" som vil halda på det tradisjonelle syn på ekteskapet, at det er for mann og kvinne. Dette resulterte i at nokre prestar og au lekmenn gjekk saman og danna Carissimi. Carissimi er ei gruppe som stend for det tradisjonelle ekteskapssyn – og ein meiner at homofili-spørsmålet splittar Kyrkja – dette er for så vidt i særs forenkla og korte trekk det som er saka. Det som er den siste utviklinga er at biskopen i Stavanger(Erling Pettersen, red.merk.), som er for homofilt samlevande prestar og ikkje ser det gale i homofilt samliv har hatt samtalar med Carissimi i nærare eit år – Carissimi ynskjer ikkje åndeleg tilsyn av Pettersen, men Pettersen har nekta dei dette – Carissimi kjem i slutten av mars med ein utale på kva dei vil gjere.

Personleg har eg teke standpunkt i saka, og vil i dette skrivet ta utgangspunkt i det.

Kva tenkjer så eg?
Eg tykkjer for det første at det er heilt utruleg at Lærenemnd og Bispemøtet i Den norske Kyrkja har gått for å innføre to uforlikelege syn på homofilt samliv/ekteskap – eg forstår ikkje korleis ein ved å nytte Bibelen og vedkjenningsskriftene kan få dette til. Bibelen talar klårt om at homofilt samliv er synd.[2] Eg vil bede alle som deler biskop Pettersens syn på homofilt samliv om å syne meg korleis ein gjennom Skrifta kjem fram til at homofilt samliv er greitt. Eg vil gjerne referere til Bibelen når det kjem til mitt syn og her kjem ei stutt liste over skriftstader som eg finn klåre og tydelege:

-          1. Mos. 1, 27

-          1. Mos. 2, 24

-          3. Mos. 18, 22

-          Matt. 19, 4-6 –

Jesus trekk fram det som stend i dei ovanfor nemnde Bibelstadene

.

-          Rom. 1, 26-27

-          1. Kor. 6, 9-11

Homofob?
For det andre må eg nemne, eg(eller Carissimi) er ingen homofob(ar) – eg har djup respekt for dei menneske som er homofile og opne om det. Det eg derimot legg meir vekt på når det kjem til samliv/ekteskap er kva Bibelen, Guds Ord seier om ekteskapet og samlivet mellom to menneske. Eg trakkar kan henda nokon på tærne men det får heller vere om eg er tru til Sanninga med stor S, for meg er Bibelens Ord viktigare enn om eit fåtals menneske vert krenkja – om dei vel å kalle det det, eg meiner ikkje å krenkje nokon, men Sanninga er ofte viktigare enn einskildmenneskes kjensler, ja eg er kanskje direkte og hard – men då talar eg i alle fall klårt og det vert ikkje spørsmål om mine meiningar. Men eg vil på nytt nemne at eg har djup respekt for dei menneske som er homofile og vil dei ingenting vondt!

Attende til Carissimi
Carissimi, latin for "mine elskande", denne gruppa som stend på sitt fekk i slutten av februari biskopens konklusjon, overraskande nok, slengt i hendene. Han konkluderer med at han ikkje vil akseptere at dei ikkje har gudsteneste- og nattverdsfellesskap med han og ein får heller ikkje noko alternativt tilsyn. Beklageleg, det er det. Kva som stend i vegen for at desse prestane som faktisk stend på fast grunn – Guds Ord – at dei ikkje får alternativt tilsyn, det skulle eg likt og visst. No har eg faktisk sendt brev personleg til biskopen for å få ei kort og grei utgreiing om dette, og om biskopens homofili-syn. Eg tykkjer at den såkalla opne og rause biskopen kunne vere så pass open og raus at han gav desse prestane alternativt tilsyn. Her går au litt av "kjeften" til bispemøte som stør opp om biskopen.

Rett og galt
Eg skjønar godt at Carissimi ynskjer å følgje Skrifta og vedkjenningsskriftene som Den norske Kyrkja har. Dei har til og med eit ordinasjonsløfte på dette. Som del av vedkjenningsskriftene har vi Confessio Augustana(CA), og i CA art. XXIVVV stend det at prestar vert formana til å ikkje følgje noko som vert fastsett av ein biskop som forkynner noko som ikkje er i tråd med Evangeliet og Den Heilage Skrifta. Det stend au at Skrifta er den høgste autoritet når det gjeld Kyrkja si lære – kor vart denne autoriteten hen? Det spørsmålet stillar eg meg mange gonger til dagen og det har eg gjort lenge. Eg var i ein periode på cirka 5-6 månader meldt ut or Den norske Kyrkja, men når Carissimi-spørsmålet kom opp meldte eg meg inn på ny for å vere med i denne "debatten" eller vedkjenningsstriden som dette eigentleg er – for, som Carissimi-prestane er eg au særs glad i Den norske Kyrkja – eg vil ho ikkje noko vondt men eg vil at ho skal vere ei sann kyrkje som forkynnar Sanninga uavkorta frå Skrifta – dette vil eg kalle Carissimi sitt mål au.

Kor går vi frå her?
Det spørsmålet veit eg ikkje svaret på. Carissimi skal kome med ei fråsegn på deira tankar i slutten av mars. Det er diverre stor fare for at mange av dei prestar som stend på for Carissimi sluttar og gjeng ut av si teneste i Den norsk Kyrkja. Dette ville vore veldig beklageleg og ein katastrofe i ei kyrkje som allereie har prestemangel. Eg personleg vonar at biskop Erling Pettersen tek til vit og ombestemmer seg og vel å gje Carissimi alternativt tilsyn – sjølv om dette er usannsynleg vil eg framleis be og vona på dette. Vi treng prestar i den diverre snart utvatna kyrkja – Den norske Kyrkja – prestar som forkynnar Sanninga, uavkorta frå Skrifta – Guds Ord!

Oppmoding
Eg vonar at vi kan vere med å stø opp om Carissimi og prestane der som ynskjer å halde fast på Guds Ord, og vil med dette oppmode til forbøn for dei. Eg vil au oppmode dei som kan til å sende brev, e-post og/eller mobilisere mange til å protestere på biskopens haldning mot Carissimi, men eg vil au oppmode til forbøn for han, han fortener au respekt og omsorg. Men framfor alt seier eg med Paulus: "ver sanninga tru, i kjærleik".

Av, Benjamin Bj. Anda

www.carissimi.nu

Presisering:

Bibelen seier ikkje at alle homofile lever i synd, men at dei homofile som vel å ha eit forhold med ein annan homofil lev i synd så lenge dette forholdet varar. Eg vil i denne presiseringa au seie dette; eg vil ikkje ha nokre kommentarar om at eg er homofob eller at eg diskriminerer homofile – det gjer eg ikkje! Attpåtil må eg seie at eg er medviten om min kanskje kvasse stil – den orsakar eg for, men slik er eg – må eg vere kvass for å finne Sanninga, då er eg kvass.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verdidebatt