Verdidebatt

Språk er makt - "Eg har ikkje kjøpt eit barn!"

To barn er komne til verda - to barn med 100 % menneskeverd. Ei kvinne vil ha dei med til Noreg. Ho har ikkje kjøpt dei. Ho har berre kjøpt ei teneste som resulterte i to barn, seier kvinna som har betalt for ei surrogatmor.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Språk er makt. For nokre tiår var det påstanden "Eg må få rå over min eigen kropp" og " Det er eit barn i mors liv" som stod mot kvarandre. I den aktuelle debatten om tide ultralyd, høyrer me stadige fleire måtar å seia det på: at det skal vera ein fridom til å velja, altså velja bort eit liv. Ingen vil seia at ein skal sortera bort, ein skal gjera val for eige liv.

Val av språk røper sjølvsagt at ein har fundamentalt ulik innfallsvinkel til spørsmåla. Det inneber ikkje at dei som vel barnet sin ståstad er dei sympatiske, empatiske og kloke, og at dei andre er usympatiske, hardhjarta og ukloke. Men det fortel at det er svært alvorlege spørsmål dette handlar om.

Derfor er det viktig å konfrontera debattantar med kva dei eigentleg målber.

Menneskeverdet kan ikkje gradbøyast. Eg samlar for tida på gullkorn som fortel dette: Velkommen med dei gullkorna du har, på http://marittotland.blogspot.com/2011/03/menneskeverd-et-kan-ikke-grad-byes.html

Menneskeverdet skal heller ikkje radbrekkast. Derfor er dei vanskelege debattane så utruleg viktige. For tida har me fleire saker som aktualiserer menneskeverdet i livets start. Til alle som har stått på barrikadane i tiår: Gå ikkje lei. Menneskeverdet er verd innsatsen! Ja, det kan redda liv!

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verdidebatt