Per Steinar Runde

229

Innvandring - ei oversikt

Når starta innvandringa til Noreg? Korleis har utviklinga vore fram til i dag, og kva prognosar gjev SSB for framtida? Kva er årsakene til folkevandringane i vår tid? Korleis har styresmaktene våre reagert ? Kva problem har innvandringa ført til?

Publisert: 9. mar 2011

Spørsmål knytt til asyl, flyktningar og innvandring har vore ein gjengangar i media og politikk i halvannan generasjon. Sist var det i sentrum i samband med utvisinga av Maria Amelie, som gav asylsøkjarar med avslag eit ansikt, med etiopiarane som starta sveltestreik i Domkyrkja i Oslo fordi dei ikkje lenger fekk ta seg arbeid, og med regjeringa sine 99 forslag til tiltak for betre integrering, lagt fram for ca ein månad sidan.

Eg vil dele innlegget mitt i fem hovudavsnitt.

1. Lovheimlar og definisjonar: Eg vil her gje ei oversikt over dei ulike lovene som regulerer og set grenser for praksis på området og forklare kva ein forstår med m.a. flyktning, kvoteflyktning, asylsøkjar og innvandrar.
2. Fakta om innvandring. Eg vil seie litt om når innvandringa starta, korleis utviklinga har vore, kor mange innvandrarar vi har i Noreg i dag og kva land dei kjem frå.
3. Årsaker til innvandring.
4. Norske haldningar, reaksjonar og tiltak knytt til innvandring
5. Problem og utfordringar  med innvandring

1. Lover og definisjonar

Lover og avtalar som regulerer og set grenser for norsk praksis på området:

Utlendingslova frå 2008. ”LOV 2008-05-15 nr 35: Lov om utlendingers adgang til riket og deres opphold her”.

FN sin flyktningkonvensjon frå 1951. ”FNs konvensjon om flyktningers stilling.
Vedtatt av De Forente Nasjoner 28. juli 1951”

Menneskerettslova med Den europeiske menneskerettskonvensjonen frå 1999.        ”LOV 1999-05-21 nr 30: Lov om styrking av menneskerettighetenes stilling i norsk rett . Inkludert: Den europeiske menneskerettskonvensjonen”.

EØS-avtalen og –lova frå 1992

Schengen-traktaten (1995); Norge med i 2001. Ekstern grensekontroll.


Definisjonar henta frå:

Stortingsmelding nr 9 (2009-2010) : Norsk flyktning- og migrasjonspolitikk i et europeisk perspektiv. Tilråding fra Justis- og politidepartementet av 19. mars 2010, godkjent i statsråd samme dag. (Regjeringen Stoltenberg II)

  • Asyl: Fristad for personar med rett til internasjonalt vern. Etter utlendingslova frå 2008 brukt også som namn på opphaldsstatus for alle som har rett til vern etter internasjonale konvensjonar, og for opphaldsløyve som flyktning etter denne lova. Tidlegare berre brukt om status for dei som fall innanfor flyktningkonvensjonen. Utlendingar med rett til vern etter andre konvensjonar vart gjevne opphald på humanitært grunnlag.
  • Arbeidsløyve: Brukt før 2008 om dei som fekk løyve til å ta arbeid og få opphald i Noreg for eit bestemt tidsrom. Vart i 2008 skifta ut med opphaldsløyve.
  • Asylmottak: Frivillig butilbod for personar som har søkt om asyl.
  • Asylshopping: Å fremje søknad om asyl i land etter land og få søknaden behandla alle stader. Dublin-systemet: Reglar for kva land som har ansvaret for å behandle søknaden.
  • Asylsøkjar: Person som søkjer vern mot forfølging i heimlandet. Blir kalla asylsøkjar til søknaden er endeleg behandla.
  • Bortvising: Vedtak om å nekte utlending tilgang til landet eller be utlending forlate landet.
  • Busetjing: Samarbeid mellom staten, Integrerings- og mangfaldsdirektoratet (IMDi) og kommunane om å busetje overføringsflyktningar og tidlegare asylsøkjarar som har fått opphaldsløyve.
  • Familieinnvandring: Samleomgrep for familiegjenforeining og familieetablering.
  • Flyktning: Person med rett til vern etter internasjonale konvensjonar som Noreg er bunden av, som Den europeiske menneskerettskonvensjonen. Tidlegare brukt berre om asylsøkjarar og overføringsflyktningar som fall inn under flyktningkonvensjonen.
  • Innvandrar: Person med to utanlandsfødde foreldre, som sjølv har innvandra til Noreg.
  • Integrering: Tilrettelegging og tilpassing for at nye innvandrarar skal bli inkluderte i samfunnet og kunne gjere ein innsats i arbeids- og samfunnslivet.
  • Migrasjon: Flytting eller vandring over landegrenser, uavhengig av årsak og lengd.
  • ”Non-refoulment”: Forbod etter flyktningkonvensjonen mot å returnere ein person til eit område der livet eller fridomen hans er truga pga rase, religion, nasjonalitet, politisk verksemd eller sosial gruppe.
  • Opphald på humanitært grunnlag: Opphaldsløyve gitt pga sterke menneskelege omsyn eller spesiell tilknyting til riket.
  • Opphaldsløyve: Løyve til å bu og arbeide i Noreg for ei fastsett tid. Nordiske borgarar og personar frå EU-land utanom Bulgaria og Romania treng ikkje slikt løyve.
  • Overføringsflyktning: Flyktning som får kome til Noreg gjennom organisert uttak, vanlegvis i samarbeid med UNHCR (FN sin hjelpeorganisasjon for flyktningar). Identisk med ”Kvoteflyktning”; fordi Stortinget kvart år bestemmer kor mange Noreg skal ta imot.
  • Permanent opphaldsløyve: Løyve gitt til personar som har vore i Noreg i minst tre år med gyldig opphaldsløyve. Tidl: Løyve til å busetje seg.
  • Retur: Utlendingar som har fått endeleg avslag på asylsøknaden pliktar å forlate Noreg frivillig. Vanlegvis gitt ein frist. Dei som ikkje då har reist, kan transporterast ut av politiet med tvang.

2. Fakta

  • Det blir hevda at Noreg også tidlegare har vore eit innvandringsland, og då nemner ein gjerne tyske hanseatar, danske embetsmenn, finske kvenar, svenske rallarar og ungarske ungdommar etter opprøret i 1956. Men alle desse innvandringane var avgrensa i tid og omfang. Menneska som kom var nordiske naboar eller europearar med same kultur.
  • Den meir framandkulturelle innvandringa starta med pakistanarane som kom til Oslo for førti år sidan, utan pengar, arbeidsløyve eller ein stad å bu. 01.01.10 var her 460 000 innvandrarar og 93 000 norskfødde barn med to innvandrarforeldre; til saman 553 000 personar frå 216 ulike land. Mange av desse no 100 000 norskfødde barna hentar seg ektefelle frå foreldra sitt opphavlege heimland. Barna deira igjen blir i statistikken rekna som norske, sjølv om t.d. mor kjem frå landsbygda i Pakistan og snakkar berre punjabi, som også er talemålet i heimen. Tek ein også med denne gruppa, dvs barn som har ein utanlands forelder, talde innvandrarbefolkninga  for vel eitt år sidan 826 000, dvs 17% av folketalet. Men her er også alle inkludert som har ein etnisk norsk forelder, og som difor er heilt integrerte.
  • Siste åra har det skjedd ei stor arbeidsinnvandring, spesielt frå Polen, Sverike og Tyskland.
  • Sjå grafisk framstilling av denne utviklinga og vidare prognosar frå SSB.

Den øvste kurva viser alle innvandrarar pluss alle barn fødd i Noreg av to innvandra foreldre.  Den nedste kurva viser såkalla "ikkje-vestlege" innvandrarar og barn av to slike foreldre.

Kurvene fram til 2010 er identisk med dei i diagrammet over, men er mindre steile fordi tidsaksen går heilt frå 1970 til 2060, dvs over 90 år. Den stripla forlenginga viser SSB sine prognoser, maksimum- og minimumsalternativ. Desse kjem ikkje så tydeleg fram, men maksimumsalternativet held fram med same stigning som i dag og endar på ca 2.7 millionar i 2060, dvs femti år fram i tid. Då er ikkje nokon med ein forelder fødd i Noreg tatt med, slik at "innvandrarbefolkninga" i realiteten vil vere langt høgre.

  • Dei mest talrike innvandrargruppene kjem frå:
  1. Polen          52 000
  2. Sverike       31 000
  3. Pakistan      31 000
  4. Irak            26 000
  5. Somalia       25 000
  6. Tyskland     23 000
  7. Vietnam       20 000
  8. Danmark     19 000
  9. Iran            16 000
  10. Tyrkia         16 000
  11. Bosnia         16 000
  12. Russland      15 000
  13. Sri Lanka     14 000

 

3. Årsaker til innvandring

  • Globalisering ser mange som hovudårsaka. Og det er sjølvsagt store framsteg innan kommunikasjon som har gjort det muleg å reise relativt raskt og billig frå eine verdsdelen til den andre, og telekommunikasjonar har knytt kontinenta saman. Utan slike endringar hadde ikkje folkevandringane fått det omfanget dei faktisk har. Det er også pga billige flyreiser at etniske nordmenn kan hente seg koner frå Filippinane, Thailand eller andre fjerne land. Men om globaliseringa har gjort migrasjon muleg, er ho ikkje av den grunn hovudårsaka til folkevandringa, heller ikkje til at kvinner frå Asia, Afrika og Aust-Europa så gjerne gifter seg med nordmenn.
  • Overbefolkning og fattigdom er i større grad ei årsak til at folk reiser til rikare land, for det er den vegen folkestraumen går. Frå 1950 til 2008 auka folketalet i Pakistan frå 40 til 168 millionar, dvs meir enn ei firdobling, og i eit hundreårsperspektiv reknar ein med ei 8-dobling av befolkninga. Ingen økonomi kan halde tritt med slik folkevekst. Det innsåg ein mann, Neik Alam, frå området kring byen Kharian i Punjab-provinsen, for vel førti år sidan, og starta å sende menn til Europa for arbeid. Etter at også Danmark stengde grensene i 1970, var Noreg einaste alternativet i Vest-Europa. Frå å vere den fattigaste delen av Pakistan, er no ”Little Norway”, som det kallast på folkemunne, blitt den rikaste. Også den tyrkiske og marokkanske innvandringa til Noreg kom på same vis frå eit avgrensa område.
  • Krig eller borgarkrig i heimlandet har også vore ei utløysande årsak til flyktningstraumar og auka asylsøknad. Dette gjeld både for Irak, Somalia, Sri Lanka og no for Afghanistan. Men ”alt heng saman med alt”, som Gro Harlem Brundtland sa. Både Irak, Somalia og Afghanistan har hatt minst like stor folkevekst som Pakistan, og i alle desse landa er folk lojale berre til klan eller etnisk og religiøs gruppe, og ikkje til landet.
  • Forfølging i heimlandet er eitt av kriteria for å få asyl. Og undertrykkjande regime finst i mange statar, m.a. Eritrea og Etiopia. Vietnamesarane i Noreg kom også som flyktningar; ikkje frå krigen; han slutta i 1975, men frå oppgjeret etterpå, då mange katolske kristne og folk som hadde vore knytt til regimet i Sør-Vietnam vart sett i omskuleringsleirar eller undertrykte på annan måte.

 

4. Norske haldningar, reaksjonar  og tiltak

  • Medfølelse. Då dei første, litt større gruppene av pakistanarar kom til Noreg i 1971, var mediereaksjonane prega av medkjensle, medan styresmaktene var meir rådville. Pakistanarane kom på turistvisum, men dei hadde verken pengar til mat, overnatting eller returbillett. Ingen snakka norsk og svært få engelsk. Det vart etterkvart klart at dei søkte arbeid. Slik søknad måtte, den gong som no, sendast frå heimlandet, noko som var uråd. Dermed vart det gitt dispensasjon, og fram til oljekrisa i 1973 og spesielt dei økonomiske nedgangstidene i slutten av syttiåra, var arbeidsløyve lett å få. Her til lands var det dessutan utsikter til oljeinntekter, som gjorde at finansminister Per Kleppe kunne føre såkalla motkonjunkturpolitikk med sine Kleppe-pakkar.
  • Rasisme vart tidleg eit diskusjonstema i samband med denne arbeidsinnvandringa. Både arbeidsgjevarar og utleigarar vart skulda for å by altfor dårleg innkvartering for mange pakistanarar. Men pakistanarane sjølve prøvde også å spare på husleiga ved å bu mange i lag. Av løna skulle dei både betale tilbake kostnaden til pass, visum og reise, og sende pengar til underhald av familien heime. Frå denne tida hugsar vi rollefiguren til Bjørn Sand, ”Stutum”, som ringde til Totto Osvold og gav uttrykk for hårreisande  haldningar. Det var vel tenkt både som ein parodi på og som ei åtvaring mot slikt. Mange snakkar om eit etterkrigsparadigme. Etter jødane sin lagnad i nazi-Tyskland, såg ein sterkare enn før behova, både for å unngå diskriminering og for å ta i mot flyktningar frå slike regime. Dels på bakgrunn av dette fekk ein også FN si menneskerettserklæring, og den tilsvarande europeiske. Dette nødvendige fokus på einskildpersonar og haldningar har likevel ført til mindre merksemd omkring endå viktigare spørsmål knytt til migrasjon: Vern om nasjonalstaten, økologi og demografi. Ein har ikkje sett skogen for berre tre. Og skulding om rasisme har i stor grad blitt brukt til å skremme folk frå å kritisere det omfanget innvandringa har fått.
  • Forskrift om innvandringsstopp frå 1975. Sjølv om det fram til 1975 var komne svært få innvandrarar til Noreg, forstod styresmaktene at landet kunne ikkje ha ei lovgjeving særleg forskjellig frå resten av Vest-Europa. Fram til då gjaldt Framandlova frå 1956 (tidl 1927) for slike saker.  I NOU 2004: 20 er dette omtalt slik: Pga ein stram arbeidsmarknad, vart ”Arbeidstillatelser nærmest rutinemessig innvilget så fremt det ikke var politimessige hindre for det. Fra begynnelsen av 1970-årene økte antallet søknader om arbeids­tillatelser betydelig. Ved behandlingen av St.meld. nr. 39 (1973-74) ble det innført en midlertidig innvandringsstopp (stopp i adgangen til å gi nye arbeids­tillatelser), med visse dispensasjonsmuligheter. Innvandrings­stoppen skulle i første omgang gjelde fra 1. februar 1975 til 1. august 1976, men ble senere forlenget ”inntil videre”. Det ble i tillegg innført nye og skjerpede vilkår for arbeidstillatelse.” ”Dispensasjonsmulighetene dannet grunnlaget for gjeldende regelverk om arbeids­innvandring, hovedsaklig fastsatt i utlendingsforskriften. Det ble blant annet gjort unntak for ektefeller og barn til norske statsborgere og utlendinger som har arbeids­tillatelse, norskfødte utlendinger, flyktninger og andre utlendinger med en langvarig og særlig tilknytning til landet. Det ble videre gjort unntak for vitenskapelig personale, artister, kunstnere, musikere, praktikanter og au-pairer. Det ble også gjort unntak for ”spesialister, fagutdannet personell og nøkkelpersonell som anses som absolutt nødvendig for en virksomhet.” (NOU 2004:20).
  • Viss tanken var at dette skulle hindre vidare innvandring, må ein kunne seie at styresmaktene var dårleg orienterte og ganske naive når dei gav så mange grupper dispensasjon. For fram til 1975 var det faktisk ikkje komne så svært mange innvandrarar til landet. Det var først med innvandringsstoppen at innvandringa skaut fart, paradoksalt nok. Styresmaktene har difor enten ført oss bak lyset med ord som innvandringsstopp eller dei har sjølv blitt lurte. Det var særleg den såkalla familiegjenforening, dvs at utlendingar med arbeidsløyve og flyktningar kunne få familien sin hit, som førte til den enorme veksten i innvandrarar i første 15 åra etterpå. Pga familieinnvandring vart t.d. den pakistanske innvandrargruppa tidobla på få år. Aftenposten viste alt i 2003 korleis ein pakistansk innvandrar greidde å få kone, 8 barn og 2 adoptivbarn og ektemaktar til barne hit på vel ti år. Seinare hadde alle desse fått frå 3-6 barn og var i 2003 i ferd med å gjenta prosessen. På det tidspunktet talde familien heile 62 personar.
  • Seinare kom også alle asylsøkjarane i tillegg, pluss familieinnvandring også for dei.
  • Innstramming av asylpolitikken. I september 2008 kom regjeringa med 13 forslag til innstramming i asylpolitikken etter meir enn dobling i talet på asylsøkjarar frå året før. Av 15 000 søknader meinte UDI at så mange som 9 000 var grunnlause, og dei enda difor med avslag. Dei 13 forslaga var følgjande:
  1. Individuell vurdering
  2. manglande tilknyting til geografisk område  innan eige land ikkje grunnlag for asyl
  3. praksis skal samsvare med den i samanliknbare land
  4. praksis etter Dublin II –reglane som samsvarar med andre land
  5. fire års utdanning eller røynsle frå arbeidslivet nødvendig før familieinnvandring er aktuelt ved opphald på humanitært grunnlag; tilsvarande for familieetablering for flyktningar
  6. aktuelt med avgrensa opphaldsløyve for mindreårige over 16 år
  7. praksis i strid med tilråding frå FNs høgkommisær for flyktningar skal prøvast i stornemnd
  8. inngå avtale med Irak om tilbakesending
  9. prøve å få til slik avtale med andre land
  10. rask saksbehandling viss asylsøkjaren ikkje hjelper til med å avklare sin identitet,
  11. fingeravtrykk av alle som ikkje dokumenterer identiteten sin eller ved mistanke om falsk identitet
  12. avgrense nemndmøtebehandlinga i UNE til vesentlege tvilsspørsmål
  13. rask fullført saksbehandling og vedtak for grupper der praksis viser at dei fleste får avslag
  • Media slo opp at SV tok dissens på punkta 1-8. Men det var ein større sensasjon at partiet var samd i punkta 9-13. Kristin Halvorsen grunngav dette slik:”Bakmenn tjener store penger på å lose asylsøkere hit. SV ønsker ikke at mennesker som uansett ikke vil få opphold i Norge, skal villedes til å komme hit med store økonomiske problemer og en enda vanskeligere livssituasjon som resultat. SV støtter derfor tiltak for hurtigbehandling av saker fra grupper der det er stor sannsynlighet for avslag, tiltak for å dokumentere identitet og at det framforhandles avtaler med land som asylsøkere kan returneres til når det ikke er i strid med råd fra FNs høykommisær for flyktninger”.
  • Familieinnvandring: Også krav om evne til underhald; dvs inntekta måtte vere høgre enn svarande til lønnstrinn 8 i statens lønnsregulativ; både siste året og iallfall eitt år framover. L.tr. 8 er 225 000 kr.
  • Introduksjonsstønaden er på 2G: 151 000 kr. pr år. Han gjeld ikkje barn, og unge mellom 18-25 år får berre 2/3 stønad. Ved overgangsstønad blir introduksjonsstønaden redusert med 40% av overgangsstønaden utover ½ G. Barnetrygd og kontaktstøtte gjev ikkje frådrag. Dvs. at ein må tene 75 000 i tillegg for å kunne få godkjent familieetablering med utanlands ektefelle.

5. Problem og utfordringar

  • Kriminalitet.
  1. A- og B-gjeng. Vi minnest Benjamin Hermansen, men gløymer andre offer for mord. Tredjedelen, dvs 10-15 pr år, er utført av utlendingar eller innvandrarar. Mange av offera er etniske nordmenn, og rasistiske haldningar kan i like stor grad ligge under her. 60% av dei som sit i varetektsfengsel er utanlandske statsborgarar eller innvandrarar.  1/3 har utanlandsk bakgrunn. 3% av befolkninga er muslimar, 30% av dei innsette.  8% av innsette er frå Balkan eller Aust-Europa.
  2. Ved alle overfallsvaldtektene i Oslo siste åra har gjerningsmannen vore ein såkalla ikkje-vestleg innvandrar. Sverike er det europeiske landet som har flest anmelde valdtekter i høve til befolkninga. Mest alle offer er svenske jenter og kvinner, og dei aller fleste overfallsmenn er innvandrarar.
  3. Journalistane Haakaas og Sæter i Aftenposten fekk i 2007 SKUP-prisen for reportasjane om drosjejukset i Oslo. I 2010 kom boka deira, ”Svindel utan grenser”. Kvar tredje pakistanske mann i Oslo mellom 18 og 70 år var involvert. Den største skurken var Mohammed Aslam, som åleine lurte unna 100 millionar, og i dag lever som ein fri og halden mann i Pakistan, dit også pengane hadde tatt vegen. BNP pr innbyggjar er der 1/85 del av vårt og lønns- og kostnadsnivået tilsvarande lågt. 100 norske kroner gjev difor ei kjøpekraft der svarande til mange milliardar her hos oss.
  4. Narkotikaomsetning. Enorm auke i beslag av heroin og kokain siste året. Tradisjonelt styrt av albanarar, men siste tida i konkurranse med nigerianarar, som også er bakmenn for dei prostituerte frå Nigeria. Omtalt i dagsrevyen februar 2011.
  5. Kjønnslemlesting; Jenter med foreldre frå det afrikanske horn: Eritrea, Etiopia og Somalia, og frå delar av Vest-Afrika; t.d. Gambia, er mest utsett.
  • Trygdemisbruk. Ei undersøking gjort av Frisch-senteret, og offentleggjort i januar i år viste at 3 av 4 somaliske kvinner får overgangsstønad, dvs dei formelt sett er einslege. Likevel føder dei fleire barn enn nokon annan etnisk gruppe. I følgje den somaliske forfattaren Amel Aden er familiestatusen svært ofte falsk. Fleire lever i polygame forhold. Andre er ikkje reelt einslege. Sjølv Heikki Holmås frå SV sa då at dette går berre ikkje an. Svært mange av drosjesjåførane som køyrde ”svart” i Oslo var uføretrygda, gjekk på arbeidsløysetrygd eller var sjukmeld frå annan jobb (Aftenposten).
  • Helse. Eit problem med globalisering er at folk som reiser tek med seg smittsame sjukdomar mellom land og kontinent. Dette gjeld sjølvsagt også nordmenn på ferie- og forretningsreiser, men innvandringa har auka problemet. Pakistanarar på ferie i fedrane sitt heimland blir smitta av tuberkulose; innvandrarar frå Afrika og Thailand ber med seg HIV-smitte, og antibiotikaresistente mikrobar blir meir vanleg også hos oss. Spesielt er ein redd multiresistente stafylokokkar og tuberkelbasillar.
  • Økonomi.
  1. UDI. Budsjettet for UDI er på 13 milliardar pr år. Dette er kostnaden ved underhald av asylsøkjarar og behandling av søknadene deira.
  2. Yrkesaktivitet. Kristin Halvorsen var før førre stortingsval i Pakistan, der ho takka pakistanarane for at dei ”hadde bygt opp landet”. Støre sa i ein TV-debatt 19. august 2009 at ”dette landet hadde ikke gått rundt om ikke folk med innvandrerbakgrunn hadde jobbet her”. Men dokumenterer dei desse påstandane sine? Absolutt ikkje.  Dessutan blir det stadig understreka at vi er ”verdas rikaste land” og har 3000 milliardar på bok. Statsminister Stoltenberg er sosialøkonom, og har fleire gonger sagt at det er arbeidet som gjer oss rike. Der er han heilt på linje med økonomane i NHO. Dei har rekna ut at om yrkesdeltakinga blant innvandrarar også i framtida skulle bli like låg som no, ville heile oljeformuen ryke. Ein reduksjon på 7 prosent i arbeidsstyrken tilsvarte Pensjonsfond Utland. Dette vart publisert i NHO sitt tidsskrift Horisont i juni 2006, og referert i Aftenposten 12. juni same året. Den gong var 69% av alle vaksne i landet i arbeid, men berre 56% av innvandrarane.
  3. Men det var store variasjonar mellom ulike grupper. Frisch-senteret har tidlegare vist at 50% av menn frå Marokko, Tyrkia og Pakistan, som kom til Norge siste åra før 1975, var uføretrygda 25-30 år seinare, mot berre 13% av norske menn med same alder og utdanning. Yrkesdeltakinga blant innvandra kvinner frå desse landa har heile tida vore langt lågare.
  4. Frisch-senteret har i år publisert ei ny undersøking over pakistanarar og tyrkarar som kom i åra 1975-1989. Etter 25 år i landet er 57% av mennene og 24% av kvinnene i arbeid. Tilsvarande tal for jamaldra nordmenn er 89% for menn og 82% for kvinner; ein skilnad på 32 prosentpoeng for menn og 58 prosentpoeng for kvinner. Dvs tre og ein halv gong fleire norske kvinner er i arbeid. Personar med bakgrunn frå Vietnam og Sri Lanka har ein profil som ligg midt i mellom, og som også viser mindre kjønnsskilnad.
  5. Seinare har vi fått ei stor gruppe innvandrarar frå Somalia, som er reine katastrofen når det gjeld sysselsetjing, enten det gjeld menn eller kvinner. Dette må tydelegvis ha med kultur å gjere, særleg islamsk stammekultur, for innvandrarar frå Bosnia, dei fleste truleg muslimar, skil seg lite frå etniske nordmenn når det gjeld arbeidsaktivitet. Spesielt kvinner derifrå er like yrkesaktive som etnisk norske.
  6. Det kan ikkje vere tvil om at dette dels har kulturelle årsaker, dels er økonomisk motivert. Gjennomsnittleg uførepensjon for menn frå Tyrkia og Pakistan var i 2009 ca 180 000 pr år, mot under 160 000 for nordmenn. Dette er 30 gonger ei gjennomsnittleg inntekt i Pakistan, der mange norsk-pakistanske pensjonistar bur, iallfall delar av året.
  7. Innvandrarrekneskap. I førårs rekne Human Right Service ut at innvandringa då kosta oss netto 25 milliardar kr pr år; eit tap som ville stige til over 100 milliardar kr pr år fram mot 2060, i takt med talet på innvandrarar. Sidan har budsjettet til UDI auka med 3-4 milliardar pr år, og i utrekningane er heller ikkje auka kostnader til politi, rettsvesen og fengsel pga innvandringa tatt med. Berre dei innvandrarar som kjem ferdig utdanna, ikkje tek med familien og reiser attende etter endt arbeidsliv, vil vere lønsame for landet. Denne ”superinnvandraren” finst ikkje. Ser ein berre på innvandring frå ikkje-vestlege land, vil kostnaden pr innvandrar ved spesielt stor.
  • Islam. Større konfliktpotensial enn med andre religionar.
  1. Parallellsamfunn. Dette har ikkje berre med islam å gjere, men med alle kulturskilnader som gjer det vanskeleg å leve tett i lag. Det kan kome av så enkle ting som manglande ro i og kring bustadblokker etter kl 23, respekt for reglar i sameiget, eller eit nabolag så dominert av framandkulturelle at nordmenn flyttar.
  2. Men islam er ein dominant religion, og har også ein tradisjon for eigne lover, bestemt av Koranen og hadith, spesielt når det gjeld familierett.
  3. Til no er det likevel forskrifter og skikkar som forbod mot svinekjøtt, fysisk kontakt (handhelsing) mellom menn og kvinner, felles gymnastikk og spesielt symjeopplæring for gutar og jenter, og krav om halalmat i barnehagar, skular og fengsel, bønnerom på arbeidsplassar og hijab for politi og dommarar som har skapt størst friksjon, forarging og skilje. Harmen blant nordmenn rettar seg aller mest mot eit mindretal i maktposisjonar som sel vår førstefødselsrett for ingenting, og står for ein sjølvutslettande ”apeasement”-politikk.
  4. Jødehat. Det har vore auka trakassering av jødar, både generelt, men også spesielt frå muslimsk hald. Dette har både med situasjonen i Midtausten å gjere og med antisemittiske haldningar i Koranen og blant muslimar flest.
  5. Storfamiliestyre. Mange muslimske innvandrarar kjem frå ein kultur der storfamilien eller klanen har alt å seie. I praksis er det dei eldste mennene som bestemmer alt: Økonomi, ekteskap osv Dette fører til konflikt både med kulturen i vårt samfunn og innan familien. Eg kan nemne tema som ufrivillige ekteskap, æreskultur, kvinnemishandling. Ein stadig aukande del av kvinner i krisemottak er innvandrarar.
  6. Islamisme. Fleire moskéar og Islamnet ved Høgskulen i Oslo, ein stor muslimsk studentorganisasjon, inviterer kjende islamistar, som preikar ein hat-bodskap mot vesten. Dei mest ytterleggåande retningane innan islam får økonomisk støtte frå Saudi-Arabia og Iran. Fleire store moskear i nabolanda våre er finansierte derifrå.
  7. Terror. Eit stort mindretal av muslimar i Storbritannia har sympati for terror mot sivile mål i Vesten. Enno har vi ikkje sett slikt i Norge, men einskildpersonar har offentleg gitt uttrykk for liknande tankar. Mange somaliarar har støtta den islamistiske opprørsorganisasjonen i heimlandet.

 

  • Demografi og fellesskap
  1. Det multikulturelle samfunn, også kalla ”det fargerike fellesskap” er ein floskel. Sjølv sentrale europeiske politikarar, som den tyske kanslaren Merkel, den franske presidenten Sarkozy og den engelske statsministeren Cameron har no sagt at multikulturen er ein fiasko. Og også somme her til lands byrjar å foss-ro og hevdar at dette har dei då aldri gått inn for.
  2. Mangel på tillit og samhald trugar med å balkanisere befolkninga og fragmentere samfunnet vårt. Nasjonalstaten er eit nødvendig vilkår for velferdsstaten, seier professor i sosiologi, Sigurd Skirbekk. Ingen multietniske og multikulturelle statar har greidd å etablere eller halde på slike solidariske ordningar.
  3. Historia har vist at slike statar også er sterkt utsette for indre konfliktar. Stabilitet blir det først når statsgrenser følgjer nasjonalitetsprinsippet, og dei multietniske og –kulturelle statseiningar blir oppløyste. Det gjaldt for Dobbeltmonarkiet Austerrike-Ungarn, Sovjetunionen og Jugoslavia, og ser ut til å vere tilfelle i dag for Den russiske føderasjonen, Nigeria og Sudan. Og sjølv mindre skilnader ser ut til å gjere samarbeid vanskeleg, slik ein ser det i Storbritannia og endå meir i Belgia og Spania.
  4. Herre i eige hus? Eg vil først understreke at det finst svært mange kjekke innvandrarar, og dei aller fleste er sjølvsagt vanlege personar som du og eg. Dei ønskjer eit bra liv for seg og sine, respekterer lovene og vil leve i fred. Men etter som den demografiske balansen gradvis tippar i vår disfavør, misser vi likevel råderetten over eige land.
  5. Korleis framtida vil bli, ser vi på barna, på generasjonen som veks opp. Over 40% av skulebarna i Oslo har i dag innvandrarbakgrunn, og andelen veks med 1 prosentpoeng i året. Om ti år vil innvandrarbarn vere i fleirtal i Oslo-skulen, og seinast om 20 år vil fleirtalet i heile Oslo-befolkninga ha innvandrarbakgrunn. Britane kjempa for London i 1940 og russarane for Moskva året etter, for hovudstaden gjev ein ikkje frå seg frivillig. Vi hadde ikkje middel til forsvar av Oslo i 1940, og etter krigen var parolen ”aldri meir ein 9. april”. Med førti års forsvar av innvandring i staden for forsvar av landet, kan verken styresmakter eller media seie at dei denne gongen vart tatt på senga. Forsvarstiltaka har vore prega av ”too little, too late”, akkurat som i 30-åra.
  6. Demografiske omsyn åleine bør vere god nok grunn til å få kontroll med innvandringa. Sjølv med langt strengare tiltak enn i dag, er vi ikkje sikra sjølvstyre i framtida. Vi har alt sleppt inn for mange. Det er ikkje eitt einaste av dei landa vi tek i mot innvandrarar frå som ville godtatt så stor innvandring til sitt land. Utlendingslærar i 27 år, Olaf B. Halvorsen sa det slik til A-magasinet 26. februar i fjor: ”Alle synes det er morsomt at det nå er så mange nasjonaliteter i Oslo-skolen, men jeg har ennå ikke møtt en pakistansk elev som mener at masseinnvandring av folk med andre religioner ville vært en berikelse for Pakistan.
  7. Eg kjem frå fugleøya Runde, der ornitologane følgjer dei ulike bestandane med argusauga, og blir sterkt bekymra når ein bestand minkar. Og WWF og mange miljøaktivistar kjempar for rovdyrbestandane, sjølv med all liding rovdyra påfører husdyra våre. Men ingen ser verneverdien i bestanden av oss etniske nordmenn og vår kultur. I staden blir det ført ein veritabel kamp for at store folkeslag, som frå før tel ti- eller hundretals millionar og har ukontrollert vekst, skal kunne kolonisere landet vårt og gradvis kunne fortrengje vår vesle gruppe, som har budd her i tusentals år.
  8. Menneskerettane må difor omskrivast slik at dei gjev vern, ikkje berre for truga individ, men også for truga etniske grupper og kulturar.

 

1 liker  

Bli med i debatten!

Du kan svare på innlegget ved å skrive et selvstendig debattinnlegg. Vårt Lands debattredaksjon vurderer alle innsendte tekster opp mot Verdidebatts retningslinjer.
Vennlig hilsen Berit Aalborg, politisk redaktør Vårt Land

Skriv innlegg
Kommentar #51

Sissel Johansen

58 innlegg  6433 kommentarer

et slikt svar

Publisert nesten 10 år siden
Olav Rune Ekeland Bastrup. Gå til den siterte teksten.

Det er ikke mulig å skrive et innlegg som dette uten en intens vrangvilje i tolkningen av noe av det jeg har skrevet. Hvilke grunner Johansen har for en slik vrangvilje, overlater jeg til henne selv å meditere over. Utover dette har jeg ingen kommentarer. Man kan diskutere argumenter, men følelser, antipatier og løse inntrykk man danner seg om andres motiver og preferanser, slik Johansen gjør når det gjelder meg i dette og flere andre innlegg, kan man ikke diskutere uten å bli følelsesmessig og dermed usaklig.

beviser iallefall èn ting ganske klart: Ekeland Bastrup mangler motargumenter - og velger derfor å ta mannen (i dette tilfellet kvinnen) istedenfor ballen. Trist at du velger å legge deg på en linje der du viser deg så ynkelig.

Du må gjerne avstå fra å svare på mine kommentarer, men desverre for deg er det nok slik at jeg fortsatt velger selv hva jeg vil kommentere. Og slik vil det forbli.

Kommentar #52

Olav Rune Ekeland Bastrup

100 innlegg  2613 kommentarer

Publisert nesten 10 år siden
Sissel Johansen. Gå til den siterte teksten.

beviser iallefall èn ting ganske klart: Ekeland Bastrup mangler motargumenter - og velger derfor å ta mannen (i dette tilfellet kvinnen) istedenfor ballen. Trist at du velger å legge deg på en linje der du viser deg så ynkelig.

Du velger å tolke det slik. Deg om det. Det er sikkert mest bekvemt for deg, for så har du bygget deg en effektiv mur mot å se ting fra noen annen side enn din egen. Kritiserer man din form, er man altså ynkelig. Vel, hvis det på noen måte kan tilfredsstille deg, så gjerne for meg. Så tenker jeg vi lar det bli med det.

Kommentar #53

Olav Rune Ekeland Bastrup

100 innlegg  2613 kommentarer

Riktig

Publisert nesten 10 år siden
Andre Sæteren. Gå til den siterte teksten.

Det flerkulturelle samfunn er en realitet som vi må forholde oss til, men vi kan fortsatt påvirke i hvilken grad vi må forholde oss til det

Og det var også hva jeg selv har skrevet. Skinnuenighet?

Kommentar #54

Per Steinar Runde

229 innlegg  2476 kommentarer

Meir ulikskap gjev større risiko for konflikt

Publisert nesten 10 år siden
Olav Rune Ekeland Bastrup. Gå til den siterte teksten.

For meg er dette ikke lenger et spørsmål om å være for eller mot det flerkulturelle samfunn. Det flerkulturelle samfunn er her som en realitet vi må forholde oss til enten vi liker det eller ikke. Spørsmålet er da hvordan vi forholder oss til den. Det går det an å ha ulike syn på, men retningsgivende for oss alle må uansett være at vi forholder oss til denne virkeligheten på måter som er minst mulig konfliktaggregerende. Vi skal leve sammen i dette landet, og ansvaret for den felles fred hviler på oss alle. I så måte har jeg all tiltro til Runde.

Eg har ikkje følgd med i debatten siste dagane, men vil kort kommentere dette sitatet frå OREB. Først takk for tiltru, sjølv om "all" vil bli tungt å leve opp til. - Ja, eg veit det er eit fast uttrykk, som ein ikkje skal ta heilt bokstaveleg.

"Det fleirkulturelle samfunnet" trur eg ikkje heilt på, fordi eit samfunn blir skapt ved at ein har noko felles; enten vesentlege ting som er element i ein felles kultur: Tru, språk, forfedre, historie og heimstad, eller litt mindre viktige, som yrke, interesser og hobbyar. Men eit land kan sjølvsagt vere multikulturelt, og dessutan vere det i varierande grad. I Noreg er enno kristendom den dominerande religionen, språket er norsk og over 80% av innbyggjarane har norske slektsrøter langt attende i historia. Men vi har også i hundrevis av år hatt vår del i ein felleseuropeisk kultur, som sjølv har fått impulsar utanfrå. Om vi geografisk har vore ein utkant i Europa, har vi i alle år hatt samkvem med andre land, og som kyststat kanskje meir enn fleire andre. Kulturen har difor aldri vore statisk, men har utvikla seg og blitt påverka frå mange hald. Og innvandring vil sjølvsagt også få stor effekt på kulturen vår. Kor stor, vil ikkje minst vere avhengig av talet på innvandrarar, både absolutt, relativt og pr tidseining.

"Det fleirkulturelle samfunnet" forstår ein gjerne som meir eller mindre skilde samfunn innanfor storsamfunnet, dvs i same land. "Parallellsamfunn" dekkjer delvis det same, men legg større vekt på separasjonen. Også slike kan leve i fred med kvarandre, men dei er ikkje nokon ideell samfunnsmodell fordi potensielet for konflikt er større. Kor knirkefritt det vil gå er sjølvsagt avhengig av kva ein seier og gjer i forhold til kvarandre, men endå meir av kor stor skilnaden er mellom dei ulike kulturane i storsamfunnet og kor stabilt sosialt og politisk landet/storsamfunnet er. Stor innvandring av folk frå fjerne kulturar er eit sjansespel, uavhengig av korleis vi tér oss i forhold til kvarandre, fordi det gjev meir sosial uro og ustabilitet, og fordi stridsspørsmåla blir fleire og meir grunnleggjande.

Mest leste siste måned

Lesetips

Les flere

Siste innlegg

Les flere