Verdidebatt

Kristen toleranse: noko som gjeld kun for ikkje-kristne?

I år 2011 kan ein spørre seg om kristen-Norge tek hensyn til nestekjærleik og toleranse, eller om dette er reglar som gjeld kun for andre.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Inger Lise Hansen blir ikkje gjenvalgt som nestleiar i Krf, og ingen er vel overraska. Krf viser sitt sanne ansikt. Der er for lite takhøgde. Krf er ikkje eit parti som er klare til å ta på alvor det vi anser som menneskerettar, nestekjærleik og likebehandling av mennesker i år 2011. Altså homofile. I Krf kan dei heller ikkje godta at ein nestleiar i partiet kler seg akkurat som alle andre kvinner på hennar alder. Nei, der går grensa. Hansen må sjå til å få på seg stakken. Her praktiserer vi reglar frå forje tiår, eventuelt forje hundreår

Einaste skilnaden er at Hansen havna i VG. Det var kanskje ikkje så bra, gitt gubbeveldet som veltar fram frå Krfs indre korridorar. Med anstrengte miner og store tankar om nestekjærleik, verdivalg og takhøgde, berre dei slepp utøve det sjølv.

Men det stansar ikkje her. Episodar frå kristen-Norge framstår tidvis som eit underhaldande, og litt trist, show.

Presten i Østre Gausdal risikerer å miste jobben sin grunna buplikt i prestegarden. Opplysningsvesenets fond godtek ikkje at presten kan få bu i eit bustadfelt ein halvtime unna. Det heile er surrealistisk. Eg kan neppe tenke meg at det står noko i skrifta om at prestar skal bu i prestegard. Og sjølv om dette var påbode rundt år 1800, den tida då handlinga i Trygve Gulbranssens bok «Og bakom synger skogene», utspelar seg og ein framleis køyrde hest og kjerre og trudde på huldra, så betyr ikkje dette at regelen er hensiktsmessig i år 2011. I år 2011 framstår den som i sterk utakt med samfunnet som presten er ein del av. Prestens ve og vel, nestekjærleik, burde ha høgare verdi enn ein prestegard. Er bustad i ein prestegard verkeleg viktigare enn å la presten få preike guds ord? Er ikkje ordet viktigare enn prestegarden, eller er det fasaden ein forsøker å halde på? Ein fasade frå ei anna tid? Prestar må vel kunne bu i rekkehus som andre folk.

I Sogn og Fjordane fekk ein kvinneleg prest beskjed om å gifte seg før ho kunne få fast stilling. Dette aksepterte presten, men eg synest saka er interessant likevel.

Det er ingen menneskerett å vere prest i den norske kirke, uttalte biskop Halvor Nordhaug til Sogn Avis. Nei, sjølvsagt ikkje. Det er heller ingen menneskerett å vere ingeniør. Men i den norske kirke gjeld heller ikkje dei same etiske reglane basert på likeverd og respekt for mennesker som i andre sektorar. Her får legning, singelstatus og den slags som du ville bli domsfelt for å vektlegge i andre yrker, hovedvekt alt etter kvar geografisk område ein befinn seg i, og kven som der er sjef. Atter eit unntak frå regelen om nestekjærleik, etikk og respekt for arbeidstakarar. Så får ein heller drive hor på si, så sant kjæresten bur i eit anna hus. Har det virkelig noko å sei? Om ein har sex med sambuaren i same hus som ein bur i, eller med kjæresten i eit anna?

Det er vel ikkje påbod om sølibat i Den Norske Kirke? Skal ein då berre vere gift for sikkerhetsskuld, i tilfelle ein har sex, slik at ein ikkje har sex utanfor ekteskapet? Er det ekteskapet som fasade, som rituale rituale eller er det utenforekteskapleg sex som er årsaka til at ein prest må vere gift? Og er det riktig å gifte seg for å få ein stilling? Guds heilage ekteskap i byte med cash og fast jobb slik at fasaden kan haldast? Eg kan aldri tenke meg at alle prestar i kirka ventar til ekteskapet med å gå til sengs. Litt realitetsorientering må vi også ta med oss. Minnar om spel for galleri.

Hanne Nabintu Herland tordnar fram i mediene med ein aggresjon som tidvis tippar over i den glade komedie, som under foredraget for Bistandsnemnda. Det verka vere hat ho predikerte, ikkje toleransen ho set så høgt. Min, og mange andre sin, respekt for Nabintu Herland sank.

På same tid har vi Nina Karin Monsen som fordømmer homofile og lesbiske, visstnok til vårt alles beste og utfrå nestekjærleik og eit godt menneskesyn som rett nok ikkje gjeld for alle, medan Gelius blir sparka på hue og ræv ut dørene av biskop Kvarme etter å ha gitt ut bok på Juritzen forlag. Eg kan med mitt beste vett ikkje forstå at den sjikanen som Monsen framfører mot tusentals mennsker i det norske samfunn er god kristendom. I 2011 blir det nemlig av svært mange oppfatta som sjikanøst å omtale lesbiske og homofile som mennesker som er ein fare for eigne barns utvikling. Monsen vil ikkje greie å snu opinionen.

I år 2011 er det ein del mennesker som nok vil spørre seg om kristen-Norge tek hensyn til nestekjærleik og toleranse, eller om dette er reglar som gjeld kun for andre. Ikkje for dei sjølv. Dette er verdt å tenke nøye over.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verdidebatt