Torgeir Tønnesen

89

Batteri og ladestasjoner er ikkje noko for Volda og vestlandet – det er ikkje miljøvenleg.

Frå satelittar i verdsrommet kan ein sjå dei mange kolkraftverka i Kina. Eit kolkraftverk er omtrent så stort som 10 tankskip som ligg side ved side. Like store er smelteovnane til stålproduksjonen. 50 % av stålet ditt, - er laga i Kina. Energiforbruket som går med i stålproduksjonen i Kina er mange tusen gongar Noregs produksjon av straum.

Publisert: 18. jun 2021

Vindmøllene har inntatt Sunnmøre, Stad, Bremangerlandet, Bømlo, Haugalandet og Jæren og mange fleire av dei finaste plassane i Noreg.

Det globale grøne skifte har innteke bygde-Norge, i den optimistiske trua på at temperaturen på jorda skal lågast.

Heten i USA

I disse dager er det ei varmebølge i USA, der 30% av landet har temperaturar på over 42 grader Celsius. Den ekstreme heten medfører at menneske døyr, og tørken sett samfunnslivet ut av spel.

Varmen truer jordbruket, dyr og mennesker sin eksistens.

Heile 50 milllionar amerikanarar står i fare for å miste vatnet sitt og få sprengt straumnettet, pga overforbruket til aircondition og vatning. Landbruket får ikkje vatna grønnsakene, druene, kornet og alt det dei nylig har sådd.

Skogbrannane er like om hjørnet, på toppen av alt. Dette koster milliarder av dollar for dag. Det er Juli 2021 og det er vår i USA no.  

Eg trudde eg skulle besvime då eg opplevde 38 grader på Rhodos. No opplever 50 millionar amerikanar den same følelsen. Skogbrann-sesongen varer i 2 månadar, slik den vanligvis gjer i California. Røyken frå brannane slepp årlig ut avgasser som antagelig overgår Noregs klimaavtrykk. California- staten er nesten like stor som Spania og Frankrike tilsaman. Områda som brenn i USA tilsvarer halve Danmark – kvart år. Svart røyk kan observerast frå månen.

Noreg vil hjelpe

Då er det på tida at Ola og Kari Nordmann kjem til unnsetning med hjelp til USA sitt klimaproblem. Norske ekspertar og politikarar skal løyse klimakrisa i verda ved hjelp av vindturbinar, 200 meter høge, i havet og på land. Equinor fryder seg no og dei får enorme statstilskot gjennom Enova.

Norge skal gripe inn med straumtilskudd til Europa. Problemet er at straumen vi kan produsere med vindmøller, ikkje kan avhjelpe meir enn kanskje 10-20% av Londons behov for straum. Kva med dei andre tusen storbyane i Europa? Europa har 600 millioner innbyggjarar - Norge kan berre maksimalt hjelpe 1 eller 2 millioner menneske med straum, - dersom vi byggjer ut Nordsjøen og fjella våre med vindparkar.

Går temperaturen ned?

Vil våre 100-200 vindmøller, satt opp på Stad, Jæren og Haramsøya dempe ned USA si varmebølge?

Vert California, Nevada, Arisona, Texas, New-Mexico og Montana, Arabia og alle andre land i verda som no har 44 grader, kaldare pga nye ladestasjonar og el-bilar her i Volda?

Vert det mindre styrtregn og flaumar i Australia og Kina, - fordi om 300 voldingar og ørstingar i året går over til å køyre Tesla eller Jaguar på batteri? Desse bilane har 500 kilo tunge giftige batteri, og har alt tenkelig teknologisk utstyr og databrikker om bord. Bilane sitt klimaavtrykk er enormt.

Tesla og el-sykkelen sitt klimaavtrykk. Slik oppstår ein el-bil:

Kina produserer 50% av alt stål i verda. 

Det betyr at halvparten av stålet som du og eg eig, kjem frå Kina: Rustfritt, støypegods, mangan, krom, nikkel og ulike legeringer. Sykkelen, sykkelkjede ditt, stålvasken, bilen din, takrennene, plenklipparen – halvparten kjem frå Kina.

For at du skal få køyre elektrisk bil må minst 10 prosessar skje: 

1) Fossilt svartkol må utvinnast frå store gruver til kraft/straumproduksjon (krev straum)

2) Kolkraftverk må byggjast (krev straum og diesel)

3) Fossilt jernmalm/karbon/bauxitt må utvinnast frå gruver (krev straum)

4) Smelteverk må byggjast (krev straum og diesel)

5) Fabrikkar må byggjast til å utforme stålet (krev straum og diesel)

6) fossilt råstoff (kobolt/nikkel) til batteri må gravast fram or gruver (krev straum og diesel)

7) Fabrikkar til batteriproduksjon må byggjast  (krev straum og diesel)

8) El-bilen må fraktast på bulkskip og lastebil (krev diesel)

9) Det krevs straum for å utvinne olje til diesel/bensin

10) Diesel og bensinraffineri krev straum

Stålproduksjonen i Kina krev eit landområde som eit middels stort land i Europa. Røyken stig opp i atmosfæra frå 200 meter høge piper. 

For å få et ferdig stålprodukt, ein el-bil, må stålet altså smeltast om/legerast. Men først må råstoffet opp.

Dei 4 mest kraftkrevjande prosessane:

Første steg er utvinninga av det svarte kolet og jernet til straumproduksjon må opp av jorda!

Kolet må sprengjast og gravast fram or gruver. Kolet blir brukt til kolkraftverk/energi. Her må det brukast lastebilar, boremaskiner, bulldosarar, kraner og transportband som er drevne på diesel. Kina har hundrevis, om ikkje tusenvis (sjekk sjølv) av slike megastore kolkraftverk som produserer straum til den enorme kinesiske industrien.

Jern og karbon må også spengjast og gravast fram i gruver langt under bakken, ofte fleire hundre meter under jorda. Denne prosessen krev også tusenvis av lastebilar og bulldosarar.

Andre svært kraftkrevjande steg er foredlinga/smeltinga av jernet. 

Dette vert gjort i digre smelteomnar - og dei må fabrikkerast gjennom den allereie eksisterande industrien. Smelteovnane er så digre som tankskip eller ein skyskrapar. Når jernet er kome på plass, vert smelteovnane fyrt opp med kol, straum eller gass. Dette krev enorme mengder energi og straum.

Tredje kraftkrevjande steg for å få ein Tesla er batteriproduksjonen. 

Her er same prosessen som gjeld. Først må råstoffa utvinnast til batteria: nikkel, kopar, lituim, kobbolt må gravast fram i enorme gruver i Afrika og Kina. Ofte er det barn som slit i desse gruvene. I denne prosessen må råstoffa til batteri også fraktast milevis til foredling. Frakta skjer på tunge forurensande lastebilar. 

Den fjerde kraftkrevjande prosessen, før du kan setje deg i Teslaen din - er frakta over Stillehavet. 

Dette skjer på ekstremt forureinande  containerskip. No er bilen endelig komen fram til bilforhandlaren din. No kan du kjøpe "miljøvenleg" bil.

Konklusjon

Eg har her vist klimaavtrykket på stålprodukt. Difor er både du og eg, Rotevatn og Solberg, – alle nordmenn storforbrukarar av kraftkrevjande stål. Slik etterlet 5 millioner nordmenn seg eit enormt klimaavtrykk. Å køyre ein el-bil eller stålsparkesykkel løyser ikkje problemet og minkar ikkje temperaturen på jorda.

Gløym batteri og ladestasjoner i Volda. Det er kun symbolikkpolitikk for å lette på vårt samvet – og det er i siste instans rein og skjær fantasitenkning.

8 liker  

Mest leste siste måned

Lesetips

Les flere

Siste innlegg

Les flere