Verdidebatt

Eg har 20 års skulegang og er snart 60 år – men eg klarer ikkje å forstå kva eit «grønt skifte» er for noko

Eg har både praktiske og teoretiske eksamener i bøtter og spann. Eg har demontert bilar og motorar og skrudd dei saman att. Eg har bygd hus og hagar og eg har fiska stortorsk ved Shetland. Eg har reist rundt heile jordkloda og hatt 15 yrke. Men å forstå at verda kan drivast på opplading og batteri - det klarer eg ikkje.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Å elektrifisere heile verda, - å forsyne verda med nok fornybar straum, og med nok batteri, - er det mogleg?

For politikarar som Sveinung Rotevatn, Lan Marie Berg og ulike grøne aktivister, så snakkar dei om dette temaet som det enklaste, og den mest sjølvsagt løyselige sak i verda. "Dette er ikkje eit problem", seier dei. Eg har forstått det slik, at det er vesentlig vindmøller som skal bære denne kraftforsyninga. Men eg klarer ikkje forstå det.

«Det grøne skifte»- er eit begrep som har vorte terpa inn i hovudet på dei fleste av oss, enten vi likar det eller ikkje.

Dette "grøne skiftet" kan forklarast slik:

Politikarar og forskarar, og etterkvart næringslivet, har bestemt seg for at olje, gass, kol og fossile brennstoff skal ut av bruk, fordi klima og værtilhøve har endra seg dei siste 100 åra, seier dei. Gjennomsnittstemperaturen har stege med 1 grad (spør ekspertane) omtrent, noko som er definert som krise og katastrofe. Visjonen og målet er no derfor å slutte heilt med fossilt brennstoff, og erstatte dette med fornybare energibærarar.

Eg får ikkje energi-regnestykket til å gå opp. Årsaka til at eg ikkje klarar å forstå dette grøne skiftet, har antagelig samanheng med at eg er ganske flink i hovudrekning, til å telje kalorier, forbruk og energi. Og antagelig også fordi eg sjølv har vore storforbrukar og bil, bensin og køyretøy. Eg veit kor mykje energi ei maskin treng for å fungere.

50 tonns bulldosarar på batteri?

Det eg ikkje klarar å forstå - er korleis ein skal skaffe nok energi og batteri til å drive alle millioner fly, heile bilparken i verda, alle tunge maskiner, bulldosarar, gravemaskiner, lastebilar, trailarar, tunge container-skip (som vi såg i Zuez-kanalen), alle kraner og løfteverktøy, alle reidskap og maskiner, - drive alle lampar, ovnar, fabrikkar og privathushaldningar i heile verda. Denne lista kunne vore mangedobla i lengde.

Av alle desse nemde energikrevjande duppedingsane her nevnt, så representerer Norge sitt energiforbruk i verdsmålestokk av fly, bilar, båtar osv. vel sånn circa nokre titals promille, - la oss seie 0.5% (sjekk med ekspertane)

Så seier også seriøse Statistisk Sentralbyrå - at av verda sitt forbruk av energi og brennstoff, så er det berre 4% av dette som skapar klimaproblem.

Resten av klimagassane - 96%  det er det naturen sjølv som slepp ut ved skog, vegetasjonen, undersjøiske vulkanar, osv.

4% av av 0.5% andel i verda: det er altså Noregs «farlige» utslepp i verdsmålestokk.

For å redde verdstemperaturen må vi her i Noreg no altså beslaglegge store areal som tilsvarer heile fylke, til drift av vindmøller, og i store areal i nordsjøen og norskehavet skal det podast hundrevis av vindmøller for å skaffe nok batteri til det norske forbruket av energi, - som altså er om lag 0.5% av verdas utslepp.(husk at kun 4% av desse 0.5% er skadelige for klimaet)

Paris skal drivast på batteri

Skal Paris verkelig elektrifiserast? Og hundrevis av like store byar i verda? Eg lurer på kor mange vindmøller Paris treng?

10 millioner mennesker i Paris kokar middagen sin på gass. Kor mange vindmøller og batteri treng då i Paris? Eit batteri pr innbyggjar? Er det nok? Det vert 20 millionar batteri. Men 20 millionar innbyggjarar i Paris klarar seg ikkje med eit batteri kvar.(Eg kunne brukt termen: kilowattmengde i straum, men tanken i det grøne skiftet er at energien må lagrast i batteri, - som skal ladast. Energibæreren er vindmøller, solceller har nemlig veldig lite effekt på skya dagar).

Kor mange batteri må då ein anleggs-entreprenør i Paris ha, for å drive sine 100 lastebilar, bulldosarar og gravemaskiner? Han må antagelig ha 100.000 batteri og ca 2-3 vindmøller i drift åleine, for å kunne drifte firmaet sitt og kunne lage ein parkeringsplass i Paris.

Og kor mange batteri må Europas 600 millionar innbyggjarar ha kvar? – for å få kome seg til jobb, produsere varene sine, feriere i syden(el-fly) og kjøpe julegaver til borna sine? Kor mange vindmøller må ein stasjonere i Europa for å kunne drifte 600 millioner aktive og forbrukskåte mennesker?

Ja, det var berre eit eksempel frå Paris og Europa. Skal vi så byrja snakke om Kinas 1,2 milliarder menneske? Eller Indias 1 milliard? Kva skal vi gjere med dei 200 millionar mopedane i India? Skal vi elektrifisere 500.000 bulkskip på verdas hav? Kor mange vindmøller vil dei krevje?

Beslaglegge matjord i land som svelt?

Kor mykje av Indias matjord må ein okkupere, for å kunne byggje hundretusener av vindmøller i dette overbefolka landet? I India og Kina er det tusenvis av fly i lufta døgnet rundt. Kor mange batteri vil desse flya krevje, for å kunne flyge i samme målestokk som idag? Det vil antagelig gå med ein million vindmøller i India og Kina, berre for å elektrifisere flya åleine. Korleis forestiller vi oss at det ville sjå ut i India, dersom dei skulle byggje fleire millioner vindmøller? Har dei areal nok til dette?

På Hurtigrute-tur på batteri?

Det var sagt at den nye miljøvennlige hybrid- hurtigruta til Per Sævik hadde installert 80 tonn med batteri. Når selskapet vart spurt kor langt båten kunne segle med batteridrift, så var svaret: «nokre få sjømil». Altså ikkje målbart i turen opp til Kirkenes. Kanskje 30 minutt kan skipet drivast på batteri. Miljøministeren vår, Sveinung Rotevatn burde forklare oss alle litt om tal og fakta - eg trur han ville få store problem i ei open høyring.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

1

Annonse
Annonse

Mer fra: Verdidebatt