Verdidebatt

Kvinneprestar

Det er nokre bibelord og forhold som ikkje har vore framme i debatten.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Då læresveinane diskuterte ekteskapsmoral med Jesus og fann den for streng og krevjande, sa Jesus: «For dykkar harde hjartos skuld gav Moses dykk lov til å skiljast ….; men frå først av var det ikkje så».  Matt 19,8.    Altså er det eit høgare nivå som ideelt sett er det beste – og som ikkje er ugyldiggjort eller bortfalle, - men som i vår vonde verd og med vår falne natur ikkje let seg gjennomføra.   Eit døme frå dagleglivet:

Ein familiefar er utru, skil seg og gifter seg på nytt og stiftar ny familie.  Så vert han omvend og ser si synd. Han får Guds tilgjeving, men synda sine fylgjer kan ikkje reverserast;  gjort er gjort.  Han kan ikkje venda tilbake til sin første familie – det ville vera å gjera dobbel urett.

Det er tydeleg at synd og det vonde i verda gjer at opphavelege ordningar ikkje let seg gjennomføra og etterleva.  Slik trur eg det også kan vera med ordninga at berre mannlege leiarar skal stå i kyrkjelydane.

Det ser ut til at Gud er fri til å utrusta og kalla den han vil til spesielle oppdrag – utan at det skal rikka ved dei almenne, fastgjevne ordningane for oss.  Han gav tilmed Bileams asen taleevne då profeten trong ei tilrettevising.

Då farisearane ville ha læresveinane til å teia, sa Jesus: «Dersom dei teier skal steinane ropa».  Me menn som var utpeika og tildelt oppdraget har svikta.  Gud må visst reisa opp kvinner for å få utført oppdraget.

Å oppleva eit kall er ikkje alltid gyldig kvalifikasjon til ei teneste.  Me har vel sett at folk i kallsteneste, anten det er på misjonsfelt eller i anna kallsrelatert arbeid - at vedkomande aldri skulle hatt den stillinga.  Var det Gud som sto bak kallet?

Kvinneprestar som har følt  på eit kall til å gjera preste/hyrde/leiarteneste og fylgt dette kallet – har dei gått til Guds Ord og fått bekrefta at det var rett å gå den vegen?  For det er ikkje kjenslene som skal styra våre val, men det som er rett i fylgje Guds Ord, -  Andens leiing.

Til forsvar for kvinnelege prestar blir det vist til mange døme på at kvinner har gjort ein stor og verdfull innsats på eit felt der det etter Bibelens ordlyd var tiltrudd menn.  Men er det gjort tilsvarande søk på døme der kvinnelege prestar og leiarar har vore til skade for Guds Rike og hans kyrkjefolk? Dei fleste kvinneprestane står for ein liberal teologi, og mange forfektar ein feministteologi som ikkje kan vera frå Gud.

«På  fruktene skal treet kjennast»:  Har det blitt talt opp dei kyrkjelydane som er blitt splitta, sprengde og svekka i sitt åndsliv, og der velsigninga har blitt nedtappa fordi sjelehyrdingen har ført ein tale og eit liv som ikkje var i samsvar med Bibelen?

Nonner, lever dei i synd?  Dei lever ikkje etter Guds første oppdrag og påbod:  «De skal vera fruktbare og fylla jorda og leggja henne under dykk». Nonner gjer ikkje det, men dei fylgjer eit kall til å tena Gud og Kristi kyrkje på jord.  Alle treng ikkje gifta seg og få born.

Ein viss parallell er å sjå hos adventistane om Guds påbod og deira syn på laurdagssabbaten og sundagshelg. Ordninga tek dei så bokstaveleg og alvorleg at dei gjer det til ei saligheitssak å feira sabbat på laurdag.

Pavekyrkja flørta med keisarmakta og sameina den heidenske sundagsfeiringa av guddomane i Roma-veldet med den kristne oppstode-feiringa. Slik vart sundagen lovfesta som heilagdag, -  og i tillegg fekk kyrkja gjeve uttrykk for sin antisemittisme og markert avstand tiI jødane,  - dei som hadde krossfest sjølve Frelsaren.

I dag ser heile den kristne kyrkja bort frå  (med unntak av adventistane) det klåre sabbatsbodet og held sundagen heilag.  Men ville det vera rett og godt å gå tilbake til laurdagssabbatsfeiring?  Neppe.

Feminismen og den trendy tenkinga med kjønnskvotering er ikkje eit samfunnsgode. Menn og kvinner er ulikt utrusta og er tiltenkt ulike oppgåver og tilpassa ulike oppdrag.  Erna:  «Vi trenger flere kvinner i forsvaret».  Er det så sikkert?  Sikkert er det i alle fall at me treng fleire kvinner til å bera fram sine foster –  og skapa ein heim for dei nye liva.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verdidebatt