Brynjulv Hernes

6

Me kryssar fingrane

Publisert: 7. apr 2021

Til kristenlivet høyrer bøn naturleg med. Men eg trur og at langt fleire enn aktive/bekjennande  kristne er i situasjonar der bøn høyrer med. Me høyrer t.d.: "Eg skal kryssa  fingrane for deg." Men er Ola Normann for flau til til ope å seia "Eg skal be for deg".  Å seia at eg skal be for deg, eller vil du be for meg, er liksom for avslørande at eg skal be til Gud for deg.

Me har nett høgtida påske, Der veit me at Jesus var i bøn, ikkje minst i Getsemane: "Far, om du vil, så ta dette begeret frå meg! Men lat det bli som du vil, ikkje som eg vil!" Så lat oss ha Jesus som førebilete også i bønelivet å be om Guds vilje både for samfunn og eige for andres og eige liv. Og mitt ynske er at me er så frimodige og seier at me ber og ikkje at me kryssar fingrane.  Men det viktige er at me ber, også ei stille bøn inne i oss høyrer Gud.

 Brynjulv Hernes

Samnanger

Bli med i debatten!

Du kan svare på innlegget ved å skrive et selvstendig debattinnlegg. Vårt Lands debattredaksjon vurderer alle innsendte tekster opp mot Verdidebatts retningslinjer.
Vennlig hilsen Berit Aalborg, politisk redaktør Vårt Land

Skriv innlegg

Lesetips

Les flere

Siste innlegg

Les flere