Verdidebatt

Opne pol, stengde kyrkjer og trusfridom

Trusfridomen er garantert som menneskerett i internasjonale konvensjonar. Fridomen til å gå på polet er det ikkje.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Det er eit paradoks at regjeringa nærast i panikk opna opp att pola i Osloregionen, medan dei tviheldt på det som i praksis er blitt stengde kyrkjer.

Dette er eit av den norske pandemiens sterkare bilete: Den lange polkøen i Sandvika utanfor Oslo fekk regjeringa til å snu på ein laurdagsfemtiøring og opna pola igjen. Snuoperasjonen vart grunngitt i køar og smittevern. Helsedirektør Bjørn Guldvog frykta abstinensar hos dei som er sjukeleg avhengige av alkohol.

Folks behov for å samlingsstader for åndelege og sjelelege behov har ikkje hatt same gjennomslagskraft. Trusfridomen er garantert som menneskerett i internasjonale konvensjonar. Fridomen til å gå på polet er det ikkje.

Stefanusalliansen meiner ingenting om Vinmonopolet. Derimot meiner vi mykje om vilkåra for trusfridom. I autoritære land er pandemien blitt utnytta til å slå ned på trussamfunn og religiøse minoritetar. Kontrollen over eit farleg virus er brukt til å forsterka kontrollen over menneske som regimet mistrur.

Sterke inngrep
Med dette sterkt kritiske blikket utover, må vi også ta eit blikk innover.

Helse- og omsorgsminister Bent Høie er ingen autoritær minister. Heller ikke livssynsminister Kjell Ingolf Ropstad, Men spørsmålet er likevel om norske styresmakter – politiske og faglege – har hatt sterkt nok medvit om trusfridomen midt i smittevernet. Kan vi når, vi sterkt kritiserer andre land, samstundes seia at hos oss er alt vel?

Diverre har det vore døme på smittespreiing i trussamfunn. Kyrkjer og andre trussamfunn har på si side teke del i det som vert kalla dugnad.

Men det er på høg tid å spørja om inngrepa i truslivet har vore innanfor det som etter internasjonale konvensjonar er lovleg. Styresmakter har rett til å avgrensa utøving av trusfridomen for å sikra offentleg tryggleik, orden og helse eller fridomen for og rettane til andre menneske.

Men tiltaka skal vera baserte i lov, dei skal vera nødvendige og dei skal – ikkje minst – vera proporsjonale. Dei skal altså ikkje vera meir inngripande enn høgst nødvendig.

Prinsipiell beredskap 
Den «fastmonterte stolleiken» har plassert store domkyrkjer i same kategori som små gudshus. Og kinoar har fått sterkare armslag enn utøvande trusliv, som er garantert i Konvensjonen om sivile og politiske rettar (artikkel 18).

Spørsmålet er: I kva grad er det kompromisslause kravet til fastmonterte sete for å ha fleire enn ti deltakarar, vurdert opp mot trusfridomen?

Når det er krise, må tiltaka avgjerast raskt. Men nettopp med tanke på store kriser og stort hastverk, må det liggja ein prinsipiell beredskap i botnen. Beredskapen må naturlegvis handla om smittevern og respiratorar, men også om å evne til – i hastverk og krise – å sikra menneskerettar.

Denne beredskapen må norske styresmakter arbeida mykje meir grundig med slik at dei er betre budde til neste pandemi. Regjeringa kan ikkje berre seia at kommunane må vurdera internasjonale plikter.

Viktige prinsipp var slett ikkje under huda då det i Oslo-regionen i januar kom forbod mot å laga digitale gudstenester med meir enn éin deltakar – altså ein prest med eit selfie-kamera. Det gjekk timar før dette blei retta opp.

Iver etter kontroll
Vi ser samstundes ein serie døme på at norske parti viser ein urovekkjande kontrolliver retta mot norske trussamfunn og religiøse minoritetar, ein iver etter å nytta statens moderne maktmiddel. Det kan i verste fall også legitimera andre lands langt sterkare vilje til bruk av makt.

Programforslag frå ei rad parti legg mykje vekt på sider ved religion der politikarane vil kontrollera og setja grenser. Den samfunnsbyggjande krafta som trus- og livssynsfeltet representerer, vert underkommunisert.

Ap føreslår til dømes ein «samfunnskontrakt» med trussamfunn som får offentleg støtte. SV vil  redusera støtte til trus- og livssynssamfunn som nyttar seg av unntaket i likestillingslova og kutta støtte til trussamfunn som spreier ekstremisme. Å nytta ein lovfesta rett til unntak, som er grunngjeven i trusfridomen, vert altså plassert altså ein stad mellom ekstremisme og godtekne verdiar. Det er krevjande.

Trusfridomen vart borte
Samstundes som kontrolliveren veks, vart kampen for trusfridomen internasjonalt borte frå dei første programutkasta til både Ap og Høgre.

Landsstyret i Ap har gledeleg nok teke kampen for trusfridomen inn. Vi ventar spent på Høgre og på mange landsmøte som skal vedta nye partiprogram.

Senterpartiet som ikkje seier noko i noverande program, har gledeleg teke trusfridomen inn i programutkastet.

Men samstundes bør norske parti bruka internasjonale briller på den nasjonale religionspolitikken sin.

Kva vil til dømes Sp kjempa for internasjonalt når deira eigen sentrale politikar i Klepp, Arild Børge Skjeveland (avisa Dagen (11.2.), samanliknar bedehusfolket i kommunen med Vladimir Putin?

Skjæveland vil ta frå bedehusfolket kommunal støtte. Vi er ikkje kjende på Klepp. Men vi veit at Vladimir Putin forbyr trussamfunn han ikkje likar. Putin støttar seg på den russisk ortodokse kyrkja – som ser på religiøse minoritetar som «ugras», for å sitera tidlegare prost Trond Bakkevig.

Det manar til ettertanke. Trusfridomen nasjonalt og internasjonalt treng fleire støttespelarar.

FØRST PUBLISERT I STAVANGER AFTENBLAD, 16.2.2021

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verdidebatt