Verdidebatt

Kronprins Olav i Leikanger kyrkje. Eller då fylkesmannen pent måtte bli med kronprinsen til gudsteneste

I ein større artikkel i VL laurdag 16.januar vert det reflektert over når kong Olav fekk eit aktivt kyrkjeliv. Fylgjande historie kan kanskje kaste lys over dette:

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Ein vakker sommardag i 1948 gjekk sokneprest Nils Jørgen Ruset for alteret i Leikanger kyrkje i Sogn. Då han etter bøna snudde seg mot kyrkjelyden, såg han at det sat to personar på galleriet. Han kjende straks att den eine - fylkesmann Nicolai Schei. Og så drog han kjensel på den andre. Det måtte vere  kronprins Olav.

Til å vere sunnmøring, var Ruset ein beskjeden mann. Då han hadde halde si preike, fullført gudstenesta og lyst velsigninga, og kyrkjeklokkene hadde slått sine tre gonger tre slag, gjekk han i sakristiet som han hadde for vane. Skikken at presten stod i  kyrkjedøra ved utgangen var ikkje vanleg den gongen. Dei to høge herrar gjekk til sitt. Presten undra seg nok over at fylkesmannen var i kyrkja, for det skjedde nesten aldri. Då han eit par dagar etterpå møtte Schei, nemnde han dette. Fylkesmannen måtte innrømme at hans plan for kronprinsen, som var på privat besøk hos Schei, var ein båttur på Sognefjorden i det vakre veret. Men kronprinsen ville til kyrkje, og fylkesmannen måtte pent slå fylgje!

Då prestesonen Ruset, kapellan i Nord-Fron, møtte kong Olav under påskeandakten i  Sikkilsdalen på Langfredag i 1985, nemnde han dette besøket i Leikanger i 1948. Jau, kongen hugsa godt det!

Det kan nemnast at kong Olavs truleg siste offisielle kyrkjebesøk skjedde fem år seinare, den 25.april i 1990. Då var kongen attende i Nord-Fron,  ved Kvam kyrkje, der ein mintest at det var på dagen 50 år sidan engelske soldatar stansa dei tyske styrkane  på veg oppover Gudbrandsdalen for å ta kongen og kronprinsen, som var på flukt mot Molde; eit tjuetals engelske soldatar gav livet sitt for  den norske kongen i kampane i Kvam. - Dette var truleg kong Olavs siste offisielle kyrkjebesøk. Han vart sjuk like etterpå, og kom seg ikkje heilt etter det. 17.januar 1991 døde han. – Såleis vart millenniet for folket i Gudbransdalen innramma av to Olav-kongar, den Heilage på Hundorp i 1021, den folkelege på Kvam i 1990

Og kronprins Olavs  kyrkjegang i Leikanger kyrkje den vakre sommardagen i 1948, er eit talande teikn på korleis den seinare folkekjære kongen  prioriterte kyrkja og gudstenesta.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verdidebatt