Verdidebatt

Ville Jesus stemt for meir innvandring til Noreg?

Mange kristne trur at Bibelen vil fremje innvandring og at Jesus sjølvsagt ville ynskje alle velkommen til Noreg. Dette vitner om lite reflektert etikk, og lite bibelsk kunnskap om emnet

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Snillisme eller realisme?

Stadig vekk vil ulike politikarar ta inn fleire innvandrarar til Noreg.

Slike utspel meiner eg er heilt uansvarleg politikk og er ikkje bærekraftig, verken økonomisk eller sosialt for komande generasjonar. Det aller mest betenkelige med denne politikken, er at kristen-leiarar bør ha ein noko meir truverdig teologisk dekning for sine frimodige forslag om meir innvandring. 

KrF byggjer ofte argumentasjonen sin på kristen plikt-etisk «nestekjærleik» «rausheit og hjelp til dei som treng det mest». «Godleik, forplikting og barmhjertigheit» er typiske ord som vert brukte i KrF sin retorikk.

Spørsmålet er då om vi kan bli rause nok? Og kan vi ha - godt nok samvit om vi tek inn 100.000, eller om vi tek imot ein million flyktningar til Noreg?  Alle tenkjande menneske meiner at ein plass går grensa, for kor mange innvandrarar vi kan ta imot i Noreg, men likevel så ser vi blant politikarane, at dei byd over kvarandre i moralisme og rausheit, og bruk av skattepengar og oljepengar.

Verden der ute vert fattigare og fattigare - kven skal hjelpe dei?Ekspertar kan svare: Arnulf Torbjørnsen, tidligare Røde Kors-sjef i 20 år og leiar for Leger utan grenser, sto fram for nokre år sidan og sa at vi har «plikt til å hjelpe, der det er mest effektivt». «Dess nærmare, dess betre» var formuleringa han brukte. Det han med andre ord spør om, er om vi skal la millionar av menneske svelte og døy der ute, medan vi bruker milliardar av kroner på 3000 «heldige» kvoteflyktningar her heime?

Å hjelpe "der nede" er meir bærekraftig ifylje professor:Terje Tvedt, professor og forskar på utviklingshjelp og nødhjelp, sa i Dagsrevyen for eit par år sidan: «Når vi har så mange milliardar å bruke på nødhjelp, kvifor då bruke dei i høgkostlandet Noreg?» 

Når politikarar vil hjelpe både ute og heime, vert dette feil ifølge ekspertar og forskarar. Det finst store landområde i Tyrkia, Syria, Libanon, Egypt og Jordan som midlertidig huser millionar av menneske, og myndigheitene i desse landa er meir enn villige til å ha dei buande, dersom dei får pengestøtte frå vestlige land.

Å ta inn enda fleire flyktningar til Noreg, vil gå på bekostning av dei fleire millionar som manglar mat og vatn der nede. Der kan Noreg kan kome inn med pengar og hjelp, hevdar ekspertane. Spørsmålet mitt er om KrF-politikarane veit noko meir enn desse ekspertane veit. I så fall, har dei det frå kristen lære og etikk?

Bibelen seier at Gud har gitt oss ulike nasjoner og grenser.«Gud sette grenser mellom folkeslag og nasjonar, for at dei skulle bu innanfor sine grenser, og der søkje Gud» Apg. 17. Det har vore prøvd før, dette med globalisme og eitt språk, det var då menneska bygde Babels tårn. Dei ville prøve og nå himmelen, men eksperimentet gjekk ikkje så godt.

Derfor gav Gud dei ymse språk og grenser å bu innanfor. Dette er den bibelske forståinga av nasjonar, kulturar og språk. Så talar Guds ord også om flyktningar og om «framande» som skulle få lov å bu i landet. Her er det mange kristen-leiarar går vill i teologien.

At ein skal hjelpe forfølgde og framande i bibelsk forstand, betyr ikkje at ein skal øydeleggje sin eigen kultur og økonomi. Bibelen lærer at ein skal hjelpe «så langt det er mogleg». Det er anden i Bibelen, summen av Guds ord. Det er ikkje «mogleg» for Noreg, om vi har aldri så mykje pengar på bok, å hjelpe all verdens flyktningar.

Bibelen lærer også at det vert stilte krav til dei «framande», bla at dei ikkje skal motsette seg landets lover og religion. Når KrF politikarar vil være så barmhjertige mot alle, motivert av kristendom, vil dei være snillare enn Gud sjølv er, og dei set seg over Guds vilje og allmakt.  

Det finnes ingen plan eller prognose for framtida
Utan å nemne noko om konsekvensane som ukontrollert innvandring vil få, går kristenleiarane frimodig inn for å bruke titalls milliardar av folkets pengar til innvandring. KrF politikarar synes å være uvitande om alle forskjellige kategoriar som kjem inn til Noreg på ulike grunnlag: Mange ulovleg innsmugla, nokre på familie-gjenforening, asylgrunnlag, flyktninggrunnlag, einslige, kvoteflyktningar frå FN, forfylgde homofile, generell arbeidsinnvandring og dei med midlertidig opphald. «Alle» vil til Noreg og vesten, men å ta inn alle som vil inn, er ikkje medlidenheit med dei reelt fattige i verda.  

Det er uetisk å prioritere nokre få

KrF sin politikk er difor u-etisk og uansvarlig, men det blir neste generasjon som må betale prisen i form av parallelle samfunn, arbeidsløyse, boligmangel, kriminalitet, fattigdom og ghettoar. Mange politikarar, særlig frå KrF manglar realisme og bakkekontakt når dei snakkar om «mangfaldet og rikdomen» ved å bu saman i ulike kulturar.

 Vi kan ikkje fornorske innvandrarane. 

Når vi prøver og «fornorske» andre kulturar vert det nesten latterleg med tanke på kor liten den norske kulturen er i verdsmålestokk. Konsekvensane av ukontrollert innvandring er tvert imot, at det «norske» vert fortrengt. Vår historie og tradisjonar, våre verdiar, vår tru og religion, våre seder og skikkar og ritual vert raskt fortrengt. Vi kan lese i media at 3000 nordmenn har nyleg konvertert til Islam.

Få, om nokon i det heile teke, brukar begrepet «integrering av innvandrarar» slik ein gjorde før. Ein kan til dømes ikkje byrja å «integrere» 30 prosent av Oslos befolkning som er innvandrarar, og gjere dei «norske». Det er fordi vi nordmenn vert sjølv påverka og delvis «integrert» inn i andre kulturar og religionar i vårt eige land. Politikarar snakkar ofte om fleire likeverdige kulturar som skal nesten tvingast til å leve saman. Men det lærer altså ikkje bibelen.

Kompensering for mislykka misjon? 

Vi klarer ikkje å forandre verda med misjon, slik alle vi kristne skulle ynskje. I frustrasjon over dette, prøver no politikarar å gjere verda betre ved å skape globalisme og fleirkulturisme.

Innvandringspolitikk vert ein draum, ein fantasi, etter mi meining. Eksperimentet med å sause alle folkeslag og kulturar saman i ein stor graut, har for lengst begynt, men eg trur ikkje det vil gå bra til slutt.

Gud har vel ikkje behag i politikarars velmeinande argumentasjon. Gud har behag i rettferd for alle som treng hjelp i naud, ikkje berre dei som klarer å komme seg på ein båt til Europa. Gud byggjer framtida, men ikkje bygd på impulsive kjensler som oppstår i politikarars hjerte. Politikarar kan ikkje fjerne synda og problema i verda med politikk utan retning og utan plan.

Eg saknar sanning, edruelegheit og audmjukheit blant kristne leiarar og politikarar i innvandringsdebatten.  

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

1

Annonse
Annonse

Mer fra: Verdidebatt