Verdidebatt

Nedlegging av sjukehus i Innlandet

Ikkje akseptabel nedlegging av sjukehus!

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Norges Kvinne- og familieforbund er sterkt uroa over nedlegging av Elverum sjukehus, dei psykiatriske sjukehusa Reinsvoll, Sannerud og planane for Gjøvik sjukehus.

Helse Sør-Øst har lagt fram planer om nedlegging av to lokalsjukehus, Elverum og Hamar og bygge eit nytt stort sjukehus i Brumunddal, samstundes skal sjukehuset på Gjøvik vere for planlagde behandlingar. Dei meiner at dei fleste sjukehustilsette i framtida vil bu i byar, men der bur og vil framleis bu folk utanfor dei store byane og. Vi er eit desentralisert land og treng sjukehustilbod i distrikta og!

Og det å legge ned psykiatriske sjukehus med det presset som er på psykiatrien, og med fleire unge som vert psykisk sjuke vert dette feil. Ta vare på dei sjukehusa vi har, og den kompetansen som er oppbygd over tid. Ikkje alt treng å ligge på same plass.

Kva med fødetilboda? Det vert mykje lengre reiseveg for mange fødande i Innlandet, det er på tide å stoppe opp og tenkje gjennom kva som skjer i helseføretaka. Vi har ikkje fleire fødetilbod vi kan ofre i landet vårt. Kva med følgjetenesta for dei fødande? Har helse Sør-Øst nok jordmødre rundt omkring i distrikta til å dekke opp følgjetenesta?

No vert det dei som bur i Østerdalen som vil få mykje lenger veg, dette er ikkje akseptabelt! Ein kan ikkje berre tenkje stort og flott, men tryggleiken til folket som bur i distrikta må vere ein viktig faktor.

For Norges Kvinne- og familieforbund er tryggleiken til dei fødande viktig, og vi frykter det vert enda fleire fødslar under transport dersom sjukehuset på Elverum vert lagt ned.

Då ein i 2012 la ned fødestova i Valdres skulle dei fødande fraktast til fødeavdelinga på Gjøvik, for dei som då hadde 92 km, 1time 30 minutt til fødestova i Valdres har no 190 km, 3 timer og 11 minutt til fødeavdelinga på Gjøvik. Dersom dei skal heilt til Brumunddal får dei 215 km, 3 timer og 38 minutt. Kva med følgjetenesta her? Kjem Valdres og Hadeland til å høyre til under sjukehuset Innlandet lenger dersom sjukehuset vert lagt til Brumunddal?

I byrjinga av 1970 åra var det 150 fødeplassar i landet vårt, i dag har vi 46.

Norges Kvinne- og familieforbund krev at det vert stopp i nedlegging/flytting av fleire fødeavdelingar/fødestover i landet vårt!

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verdidebatt