Verdidebatt

Humanistisk-ungdom, skulegudsteneste og den kristne kulturarven gjelder også vår generasjon

Den siste veka har humanistisk-ungdom hatt ein kampanje mot å ha skulegudsteneste, med blant anna å legge ut fleire provoserande bilete på sosiale media. Bilete som inneheld banning og generell liten respekt for andre sitt livssyn. Det er trist å sjå verkemidlane som er brukt, men også at dei ikkje verdsetje viktigheita av skulegudsteneste, noko som ikkje berre er trist men historielaust. Vår generasjon må også bli kjent med vår eigen kulturarv og verdiane vårt land er bygd på.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Ein ekte skivebom i innlegga til humanistisk-ungdom er å sjå på skulegudsteneste som noko ekskluderande, når det eigentleg er ein måte å inkluderast inn i den kristne kulturarven landet vårt er bygd på. Det var kristne verdiar som har vore byggjesteinar for vårt samfunn. Den dagen me mister byggjesteinane, arven og verdiane vårt samfunn er bygd på, då vil me miste meir enn ein skulegudsteneste.

Me vil blant anna miste vår forankring. Det blir litt som eit skip som kutter av ankeret, taua til den trygga hamna og flyt ut på det urolege farlege havet. Kven veit kva som vil erstatte dei kristne verdiane? Desse verdiane som stadfestar at alle menneskjer har ein uendeleg verdi, verdiar som seier du skal elske alle menneskjer like høgt som deg sjølv, og til å forvalte kloden vår og alt me fått her i verda. Å kutte vekk Noregs grunnverdiar vil føre til at me druknar i den globaliserte verda sine idesett og at me flyt vekk utan ein forankring å støtte oss på. Det kan denne generasjonen helde seg for gode for.

Nokre brukar argumentet med at ein ikkje vil særstilla kristendommen og at ein skulegudsteneste vil gjere det urettferdig overfor dei med ein anna religion. Dette er likevel eit altfor vagt argument når det er heilt tydeleg at det går an å få alternativt opplegg viss det ynskjast. Samtidig som det er sant at kristendommen har ein særstilling i Noreg, og det skal den ha, noko anna er historielaust ovanfor landet vårt. Noreg er ikkje berre bygd opp på dei kristne verdiane, men dei er med og held oppe landet som bærebjelkar i samfunnet.

Det er ingen som har hatt vondt av å vere på ein skulegudsteneste. Frå eit sekulært perspektiv kan det heller vere fint å få innblikk i kristendommen, vår norske kulturarv, samtidig som å få dele noko felles med resten av Noreg.

Humanistisk-ungdom, dette gjelder også vår generasjon, sjølv om der verkar som «berre ein skulegudsteneste» så er det eitt viktig samlingspunkt der me alle tar del i arven som har bygd landet vårt. Vår generasjon må framleis verne om skulegudsteneste, verne om dei kristne verdiane og verne om vår felles kulturarv.

Torkel Johannes Bjuland

Fylkesleiar Rogaland KrFU

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verdidebatt