Verdidebatt

Vårt forhold til muslimane

Skulle vi førehalda oss kollektivt til muslimar, hamnar vi i følge med nazistane si kollektive straff mot jødar.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Hege Cathrine Finholt, førsteamanuensis på MF har ein konstruktiv artikkel i VL 30.10 der ho reflekterer om muslimhatet i vårt land og eiga erfaring frå samtale med studentane sine. Artikkelen er leseverdig for god samtale.

Det er ikkje tvil om at det finst ein god del grums og negative haldningar til islam som blir kombinert med hat mot muslimar framleis i vårt land. Eg gløymer ikkje eiga oppleving på stand før siste stortingsval. Ei for meg ukjent middelaldrande kvinne kom bort til meg. Ho kunne røysta på KrF, men vi lefla med muslimane sa ho, og auste ut sine kvasse kommentarar mot muslimar i vårt land. Ho trudde visst at ho kunne få støtte hos meg med min bakgrunn i bedehusland. Eg høyrde på henne ei stund før eg avslutta monologen hennar: Eg er glad du ikkje tilhøyrer KrF. Godt val. - Ho gjekk rasande bort. Det er all grunn til å ta dette på alvor. Men muslimhetsen er ikkje åleine. Les vi mykje av kommentarspaltene ser vi at det helst er gjengangarar som går igjen med sine usaklege ytringar. Fleire burde følgja VL sitt eksempel og stengja slikt. Dei er lite føredøme for sann ytringsfridom.

Den muslimske terroren i Frankrike har rysta mange og skapt redsel og utryggleik. PST har med rette auka merksemd mot islamsk terrorisme. Det kan råka vårt land også. Men alt er ikkje sagt med det.  Eg har lyst til å peika på følgjande som eg ønskjer kristne skal vera tydelege på - utan å gjenta for mykje av Finholt sine fem punkt:

  1. Vi må ikkje skulda muslimar generelt for det grupper og enkeltpersonar utfører i islams namn. Då gjer vi urett. Det er ingen tvil om at muslimar generelt er like sorgfulle som norske kristne og folk flest over det som skjer i Frankrike og generelt frå muslimske terroristar. Skulle vi førehalda oss kollektivt til muslimar, hamnar vi i følge med nazistane si kollektive straff mot jødar.
  2. Som kristne skal vi møta alle med kjærleik og respekt. Det er slik vi møter det same tilbake. Nyleg las vi at eit politisk parti ville prioritera kristne flyktningar. Ja, mange stader er diverre kristne utsett for terror og forfølging. Dei treng sanneleg vår hjelp. Men fremst i fokus må vera dei som treng vern og hjelp uavhengig av tru eller ikkje. Slik er kristen nestekjærleik. I vårt land har vi som majoritetssamfunn ekstra ansvar for å bygga inkluderande lokalsamfunn i by og bygd. Dette gjer seg ikkje sjølv. For ein del år sidan skreiv eg at vi må gje muslimane tid. Når vi kjenner vår eiga kristne historie, burde det vera sjølvsagt. Eg fekk både ros og ris. Eg har ikkje endra meining. 
  3. Samarbeidsrådet for trus- og livssynssamfunn (STL) har blitt skulda for for lukka samtale og vera for lite kritiske. Eg har ingen kunnskap om at dei ikkje gjer eit godt og konstruktivt arbeid. Men eg trur det vil vera klokt om vi offentleg får høyra meir om kva tema dei drøftar og kva resultat dei kjem fram til. Vi treng deira kompetanse enno meir i det offentlege rom.
  4. Det har i det siste vore fokus på kor viktig ytringsfridom er. Det er sjølvsagt for meg, men eg synest Finholt sitt punkt om å ha kunnskap om kva ulike opplever som krenkande også må meir fram. Eg skal ikkje ta bort retten til å ytra seg, men eg har aldri forstått at det er viktig for kristne å krenka andre slik ein gjer med karikaturteikningar som muslimar opplever sterkt sårande. Vi treng som kristne ikkje krenka muslimar like lite som vi ønskjer nokon skal trakka på krossen og vår frelsar. Å håna andre er ingen kristen dyd. For ordens skuld - vi må skilja mellom informativ og opplysande undervisning og krenkande handling og for å demonstrera ytringsfridom.
  5. Sakleg religionskritikk er viktig, sameleis å ta opp det vi er urolege overfor. Det skal aldri vera farleg å ta opp vanskelege tema. Religionsfridom har særleg desse elementa: Retten til gjensidig misjon og vern om truspraksis. Det aller viktigste kjennemerket er samfunnet sitt vern av dei som skifter tru og livssyn.  Det ansvaret har det kristne majoritets-samfunnet i Norge, og likeså det islamske majoritetssamfunnet i Pakistan. Utan dette vernet blir ikkje religionsfridom truverdig. Her er eit felt eg håpar å sjå meir enn ord frå STL.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verdidebatt