Verdidebatt

Muslimar har sjølvsagt full ytringsfridom i Noreg, Hallerud Sundkvist!

I Vårt Land (på nett) og på Verdidebatt får Hans Erik Hallerud Sundkvist påstå at muslimar ikkje har full ytringsfridom i Noreg. Men då argumenterer han mot ein stråmann.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

I artikkelen skriv han m.a. følgjande:

"Muslimers begrensede muligheter til å ytre seg kritisk til sjikanerende  karikaturtegninger, kommer kanskje best til uttrykk når Solvang antyder  at drapet i Frankrike viser at muslimer ikke tåler religionskritikk. En  ting er at han kollektiv ansvarliggjør muslimer for en handling som én  enkeltperson har utført. En annen ting er at Solvang fremstiller  motstand mot karikaturtegningene som ensbetydende med motstand mot  religionskritikk."

Å reagere med drapstrugslar eller drap er iallfall det ultimate bevis for at ein del muslimar ikkje toler at nokon pirkar ved deira religion eller "profet". Ei slik handling kan knapt kallast "motstand", men heller terror av grovaste slag, der målet openbert er å kneble alle andre. Motstand mot karikaturar inneber sjølvsagt motstand mot ein type kritikk.

Både i Noreg og i Vesten generelt kan muslimar ytre seg fritt og sjølvsagt også kritisere andre sine ytringar, inkludert harselas og karikaturar dei ikkje likar. Det er nettopp dette muslimen Hallerud Sundkvist her får gjere, med full oppbacking frå Vårt Land.

Både han og andre muslimar har sjølvsagt lov til å argumentere for at dei og deira "profet" skal få unntak for kritiske ytringar. Men meiner Hallerud Sundkvist dei bør få dét, kan han ikkje kallast ein"tros-, ytrings- og religions­frihetsforkjemper" , slik han presenterer seg. Vil han vedstå seg sln eigenomtale, må han derimot gje andre same retten til å kritisere og harselere. Noko anna ville vere dobbelmoral og hykleri.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verdidebatt