Tor Andreas Undheim

8

Ad.: Åpen folrekirke

Teologisk breidde og mangfall blant prestane.

Publisert: 20. aug 2020

I Vårt land 28 juli blei det referert til noko kyrkjerådsleier Kristin Gunleiksrud Raaum sa til Aftenbladet tidligare i juli, at ein i kvart bispedøme burde jobbe for teologisk breidde og mangfall blant prestane i synet på homofilt ekteskap. Kva er så teologi: "Religionsvitenskap, særlig kirkens lære om Gud!". Då må vi gå til Bibelen, som er Gud si rettleiing om dette. I Mat. 5,17-18 seier Jesus i si Bergpreik: "Tro ikke at jeg er kommet for å oppheve loven og profetene! Jeg er ikke kommet for å oppheve, men for å oppfylle. Sannelig, jeg sier dere: Før himmel og jord forgår, skal ikke den minste bokstav eller en eneste prikk i loven forgå". Då er det ikkje så lett å setja ein strek over 3 Mos 18, 22. Ei handling som Herren kallar AVSKYELEG. Dette gjer det ikkje mogeleg for Gud si kyrkja å ha liturgi for vielse av homofile. Nå er det slik at Åpen folkekirke har innført denne liturgien i Den norske kirke. Dei har altså gått imot Gud sitt ord, og avgjort sjøl korleis dei vil ha det. Kva så med Gud? Har Han tatt konsekvensen av dette og forlatt Åfk?

La oss så sjå på Pride. Bak desse arrangementa står organisasjonen "Fri - Foreningen for kjønns - og seksulitetsmangfold." Fri ønske ingen normer for kjønn og seksualitet, mellom mykje anna. Dette er stikk i strid med Bibelen si lære. Der kan vi lese Judas sitt brev og/eller 2 Pet 2. Der åtvara Peter fyrst mot falske lærere og i vers 6 "byene Sodoma og Gomorra la han i aske og dømte dem til ødeleggelse", nettopp på grunn av seksuelle utskeiingar. Nå er det fleire sentrale personer Åfk som støtter Pride, og det står ikkje Gud bak. Så då må altså Gud ha forlatt Åpen folkekirke.

Etter dette er det vel ikkje så rart at Åfk trenger teologi med breidde og mangfald. Gud si kyrkja som endå er i Dnk treng ikkje det. Der har vi Bibelen som Gud sin bodskap, og den må ikkje tolkast i filler, slik at vi støtter sodomiske tilstander.

Tor Andreas Undheim.  Ikkje teolog, medlem i DNK

6 liker  

Lesetips

Les flere

Siste innlegg

Les flere