Verdidebatt

Kunsten å skjule kritikk

Vårt Land meiner det står bra til med ytringsfridomen i landet vårt. Men på Verdidebatt går det iallfall til atters.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Vårt Land har skrive leiarartikkel om ytringsfridom, der mykje handlar om Fosli si bok "Mot nasjonalt sammenbrudd". Avisa påstår følgjande: "Det kreves at den skal anmeldes og omtales av alle. Alt ­annet er et brudd på ytringsfri­heten." Kva dekning har avisa for ein så kategorisk påstand?

Vidare heiter det: "Redigerte medier ledes av redaktører, ikke av kommentarfeltet. Det er  det som gjør redigerte medier mer lesbare enn et kommentarfelt." Lesbart er vel det meste, men kva som er verdt å lese, er noko anna. Grunngjevinga for pressestøtte er behovet for differensierte media. Men kva skal vi med så mange aviser, in casu Vårt Land, når dei meiner likt om det meste?

Ei slik redaksjonell haldning til kommentarfelt kan også forklare kvifor desse vart fjerna på Verdidebatt. Sjølv der ser det ut for at Vårt Land vil bestemme kva folk skal lese, og kva meiningar som skal skjulast best mogleg. Framleis står det slik øvst på sida: "Verdidebatt.no er Vårt Lands debattforum – landets viktigste nettforum for debatt om verdier, religion, livssyn og samfunn." Men det lyder falskt når ein må skrive eit nytt innlegg for å ta del i debatten, og avisa kan trenere godkjenninga av det i dagevis.

Eg skreiv sjølv ein kommentar for halvanna veke sidan til ein leiarartikkel eg synest var regelrett dårleg og spesielt dårleg grunngitt. Men då innlegget mitt etter 3-4 døgn passerte kontrollen, var det sjølvsagt så gammalt at det aldri vart vist på opningssida til Verdidebatt. Eg tolkar dette som om VL vil skjule grunngitt og veldokumentert kritikk av leiarartiklane.

Kva skribentar, innlegg, tema og synspunkt VL derimot vil fremje, er svært tydeleg. Det er iallfall ikkje dei spesifikt kristelege, men langt på veg dei same som andre aviser held seg til.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verdidebatt