Verdidebatt

Avstandskjærleik. Svar til Kjetil Haga

Det er jo på eit vis dumt å bruka tid på å skriva lesarinnlegg når verda kallar oss til innsats, men av og til kan ein ikkje la ting stå uimotsagt. Slik kjenner eg det etter å ha lese generalsekretær i Blå Kors, Kjetil Haga sitt innlegg i Vårt Land 16. mars. Eg får nesten lyst å legga til; det er frå sine eigne ein skal ha det. Du kjenner Den norske kyrkja betre enn dei fleste av oss, Kjetil Haga. Likevel: Her er eit innblikk i kva som har skjedd i ein sikkert ganske vanleg kyrkjelyd i Den norske kyrkja dei siste dagane:

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Tirsdag 10. mars begynte vi som smått å forstå at koronaviruset også ville komma til å påverka våre aktiviteter i kyrkjelyden der eg er prest. Det siste vi ville gi avkall på, var vårt største diakonale tiltak; torsdagsmiddagen. Onsdag tok vi sjansen på å få levert råvarene, som vi pleier. Fortsatt var håpet der. Torsdag skjønte vi at vi ikkje kunne servera middag til 80 gjester som vi pleier, kvar torsdag. Dei frivillige medhjelparane ringte rundt og fortalte dei eldre at det ikkje blei middag. Og dei samme frivillige stod i døra i tilfelle nokon kom innom som ikkje hadde fått med seg at det var avlyst. Så tenkte vi som følger; vi kan i alle fall ha kyrkja open slik at folk kan komma innom og tenna lys og slå av ein prat. Det fekk vi lov til i ca to timar, inntil neste epost frå Kirkerådet kom. Det var ikkje vanskeleg å følgja dei oppfordringae og pålegga vi fekk. Det er god diakoni å halda avstand når helsemyndighetene ber oss om det. Det er for å beskytta dei mest sårbare blant oss.

Sidan snudde vi oss rundt og oppretta ei felles facebookside for alle kyrkjelydane i Asker. Så begynte vi å filma korte andaktar til sosiale medier, legga ut ord til trøst og oppmuntring i denne vonde tida, ord som skulle knyta oss saman i det vi stod i. Deretter begynte vi å legga planar for korleis vi kunne nå menneske gjennom dei kanalane vi har; Facebook, nettsider, epost, telefon. I dag har vi sendt ut ein samla oversikt over kor folk kan nå oss,. Vi tilbyr sjølvsagt samtale og forbønn og planlegg at folk kan senda sms, så tenner vi lys for dei som ønsker det i kyrkja. I morgon tar vi turen til Kirkens feltarbeid i Asker som har etterlyst fleire soveposar og liggeunderlag. Torsdag lagar vi ein musikkandakt som vi strømmer via Facebook. Innimellom alt dette har vi også dei vanlege arbeidsoppgåvene, som også har blitt uvanlege og krev ekstra pastoralt og diakonalt skjønn; gravferder og dåpsgudstenester der menneske ikkje får vera saman på vanleg vis. Det har blitt mange samtalar dei siste dagane med menneske i vanskelege situasjonar.

Kva var det eigentleg du ville seia oss, Kjetil Haga, i innlegget ditt i VL 16. mars? Ville du snakka ned kyrkja sin diakonale innsats generelt, og spesielt i den tida vi er inne i no? Det synest eg var ein skikkelig skivebom! Den norske kyrkja har dei siste dagane osa av kreativitet, kjærleik på nett, løysingsorienterte tilsette som vil bruka tida si for andre, på ein god måte, idear om nye måtar å driva kyrkje på, synlighet og nærvær i så stor grad som mulig. Det er ingen grunn til å stilla spørsmål ved DNKs innsats på det diakonale plan om dagen, vil eg påstå.

Og dessutan; søndagsgudstenesta er kortreist diakoni på sitt beste – det er klart at vi saknar den! Vi saknar det levande fellesskapet og dei gode møta, kyrkjekaffien, praten, dei gode blikka, klemmane, håndtrykka. Klart vi er leie oss for at vi ikkje får driva med det vi pleier, som vi veit betyr så mykje for folk! Det er jo der hjartet vårt er - i det levande fellesskapet. Men inntil vidare prøver vi, som dei fleste andre, å gjera det beste ut av situasjonen. Og så lever vi i orda som blir bedt kvar søndag ved nattverdbordet: «Fyll oss med din kjærlighet så vi kan se Jesus Kristus i den som sulter og tørster. Lær oss å elske hverandre som du har elsket oss». Det er det vi prøver å gjera akkurat no: Elska kvarandre med ein livgivande avstandskjærleik. Inntil vi kan eta middag saman igjen, skravla og drikka kaffi, ha leksehjelp, opna kyrkjedørene på vidt gap, samla eldre til hyggetreff, tenna lys saman, møtast på kyrkjebakken og kjøpesenteret -  vera ei diakonal kyrkje slik vi pleier. Vi gleder oss allereie!

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verdidebatt