Verdidebatt

Saman inn i det ukjente

Når vi ved nyttår står på terskelen til det ukjende og uvisse, treng vi visdom til saman å finne den rette og gode vegen.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Vi har gått inn i eit nytt år – og eit nytt tiår. Ein slik overgang er eit utgangspunkt for ettertanke og refleksjon. Det kjem godt til uttrykk i talane som vert halde av konge og statsminister. Dei samanfattar året som har gått, set ord på tankar som vi i fellesskap ber på og gjev visdom og trøyst og rettleiing for året som kjem. Det er inga enkel oppgåve, og vi skal vere takknemlege for deira leiarskap på vegne av oss alle.

Også i kyrkjene rundt om i landet vert det formana til ettertanke ved inngangen til eit nytt år. Det vert mellom anna lese frå visdomen til Forkynnaren. Det er ein gåtefull tekst, og ein kan undre seg over at dei skriftlærde i Israel valte å inkludere den i Det gamle testamentet. «Fåfengt, seier Forkynnaren, fåfengt og forgjengeleg – alt er fåfengt!» Og vidare: «Alt har si tid, det er ei tid for alt som hender under himmelen. (…) Midt i alle draumar, alt som er fåfengt, og alle ord: Ha ærefrykt for Gud!»

Leve med det absurde

Om det var vanskeleg å forstå og gripe verda og samtida den gongen Forkynnaren levde, så har det neppe blitt mykje enklare i vår tid. I dag skjer endringar raskt, samfunnet har vorte svært komplekst, og vi har stor informasjonstilgang. Det heile drivast av krefter og system som er enormt mykje større og sterkare enn det einskilde mennesket. Den som blir riven med, kan lett miste både pusten og motet.

Forkynnaren sine «nyttårsforsett» høver altså godt også for vår tid: Å erkjenne det absurde og «fåfengte», med opne auga. Å trekke seg attende, få distanse. Å dele skaparverket sine gåver i fellesskap og glede. Å hugse på Gud med ærefrykt, han som er evig kjelde, ende og mål. Det er ikkje så ulikt dei gode og trøystande orda som kong Harald dela med oss før nyttår: «Vi vet så lite om det som skal møte oss. Uvissheten gjør oss alle sårbare. Det beste vi kan gjøre, er å være der for hverandre, se hverandre, huske å gi hverandre de gode ordene. Og bære hverandre om det trengs.»

Nyttårstala og Jesu ord

Tankevekkande nok likna statsministeren sin nyttårstale mykje på Jesu ord i nyttårsgudstenesta. Jesus talar der om eit fikentre som ikkje ber god frukt. Eigaren vil skjere det ned, men gartnaren bed om eitt år til. Han vil gjødsle og grava rundt det, og kanskje vil det bere frukt neste vår. Så kan det få leve vidare. Også statsministeren tala om bitre frukter i verda, og om behovet for omvending. Ho peika på FN sine mål for berekraft, på dyr som lid i verdshava på grunn av plast, på klimakrise og flyktningkrise. «Det er viktigere enn noen sinne at vi klarer å omstille oss. Dette vil kreve mye av oss.»

Men korleis? Kva skal vi eigentleg vende oss frå, kva skal vi vende oss til? Kva konkrete endringar er det vi bør gjere? Dette var det naturleg nok ikkje så lett for statsministeren å tale tydeleg om. Det er vel å bra å plukke sitt eige søppel, eller å håpe på at framsteg i teknologien skal minske utslepp av klimagassar. Men det er nok ikkje realistisk at slike ting skal kunne skape eit samfunn som er sunt og berekraftig nok til å kunne avverje krisene.

Vi er i villreie

Saka er vel heller at dei fleste av oss er i villreie her. Vi er alle ein del av det samfunnet og systemet som har skapt krisene, og politiske styremakter står som representantar for dette samfunnet og systemet. Vegen vidare, i «dagleg omvending», må vere ein annan enn den vi så langt har gått. Men kvar denne vegen går, og korleis vi finn denne vegen, er ikkje opplagt. Her vil sikkert både profetar, biskopar, filosofar, tradisjonsberarar og kunstnarar spele like viktige roller som politikarar og kongar.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verdidebatt