Verdidebatt

Monopol på livsrettleiing?

Er kyrkja sin visdom eigentleg meir sann og verdifull enn den visdomen ein kan finne andre stader?

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Korleis skal livet levast? Korleis kan eg vere eit heilt menneske, bli til velsigning for andre, nå mine livsmål? Korleis finn eg lukka?

Dette er viktige spørsmål for alle menneske, i alle kulturar, til alle tider. Men dei er kanskje særleg viktige for unge menneske som i dag veks opp i ein flytande og ustabil kultur. Unge menn høyrer på «sjølvhjelps»-podcastar med Jordan Peterson og Joe Rogan. Jenter les «influenser»-bloggar som tek opp mangt av tema og gjev råd. Mange har vanskar med å finne vegen.

Sile av myggen

Kan kyrkja vere med på å gje sunn livsrettleiing for unge menneske i ein slik kultur? Og vere med i dialogen som vi ser utspelar seg i dei nemnte foraa? Til dette vil eg svare: Ja, men det må gjerast med vit og forstand – med visdom. Det er grunn til å poengtere dette. Stundom kan ein høyre kristne som uttalar seg som om det å få eit rett og godt liv, er ei enkel sak: Alt som trengst er å lese Bibelen, forstå den, og leve etter den. Då vil alt gå rett og bra, skulle ein tru.

No er det sant at Bibelen verkeleg er ei essensiell kjelde for både menneskeliv og kultur. Og den rettleiing som fremjast i kjærleik, vil skjule ei mengd med synder, som skrive står. Og likevel: Det går ingen enkel og uproblematisk veg direkte frå historiske tekstar til menneskeliv. Den som freistar å halde fast på denne vegen, står faktisk i fare for å ende opp på måtar som Jesus skildrar i sin kritikk av farise-arane, i Matteus 23. Han talar om «blinde rettleiarar»; om å «leggje bører på andre»; om å «sile av myggen og sluke kamelen.»

Salomos ordtøke

Nei – dette livet krev mykje visdom. Og dette har dei fleste store kulturelle og religiøse tradisjonar erkjent, både i aust og vest. I vår norske samanheng kan vi tenke på Håvamål. Frå Bibelen kan vi tenke på Salomos ordtøke. Visdom er på sett og vis det vi som menneske treng for å leve godt i og med ein stor og mysteriøs og spenningsfylt og kompleks og dynamisk røyndom.

Og kvar kan vi finne slik visdom, slik rettleiing for livet? Har kyrkja eigentleg nokon privilegert tilgang til denne visdomen? Mon det. Jesus var kjent for å vere ein stor visdomslærar – eit menneske med særleg innsikt i mysteria. Men var dette eigentleg ei innsikt som berre Jesus hadde, og som var totalt ukjent og utilgjengeleg for andre? Eller er det heller noko som vi finn i sterk grad hjå Jesus og tradisjonane rundt han, men som vi også kan finne mange andre stader? Og skal vi eigentleg rekne Jesu visdom som «ferdigtolka» og tidlaust relevant? Eller treng den kanskje, som all annan visdom, å bli aktivt og kontinuerleg tolka av eit kreativt fellesskap?

I heile skaparverket

Paulus omtalar Jesus og hans livsgjerning som «Guds visdom i verda». Men dette uttrykket «Guds visdom» har også sin særlege bakgrunn. I gresk og jødisk tradisjon er «Guds visdom» å forstå som Guds skapande og kreative gjerning i verda. Den skjer overalt, til einkvar tid, i heile skaparverket. Og vi kan opne oss opp for denne visdomen når vi opnar oss for verda – i vår eigen aktivitet og kreativitet og utfalding og kjærleik. Slik altså Jesus på ein særleg måte var open for nettopp denne visdomen.

Etter ei slik forståing kan ein seie at den gode visdomen i kyrkja, Bibelen, Jesu liv og forkynning – og den gode visdomen i podcastar eller bloggar eller kva det skal vere – alle djupast sett har den same kjelda, og det same målet. All slik visdom treng å kontinuerleg brytast og prøvast – også inne i kyrkja. Og ofte vil det vere tilfelle at visdom som finst utanfor kyrkja og Bibelen, er naudsynt for å kunne utfalde seg sunt som menneske. Men kyrkja vil meine å forvalte «Guds visdom» i ei særleg openberring, og med fellesskap, ritual og tradisjonar som kan gjere det mogleg å leve denne visdomen ut.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verdidebatt