Verdidebatt

Kampen mot diskriminering er framleis viktig!

Det media og folkevalgte ofte gløymer - i fleire bispedøme blir skeive framleis aktivt diskriminert. Kampen er ikkje over.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Eg er samd med Harald Hegstad (VL 12.6.19.) i at vigselssaka vart løyst på ein god måte. Mange bidrog til det omforeinte vedtaket om ny vigselsliturgi, der begge sider endeleg kunne få uttrykke sitt syn.

Så meiner Hegstad at denne saka er avgjord ein gong for alle, og at omkamp er urealistisk. I mange bispedømer stillast lister frå Bønnelista. Dei har som kjent eit mål om å reversere dette vedtaket. Så at det ikkje er eit forsøk på omkamp, stemmer ikkje.

Målet ikkje "berre" vigsel 

Men. Målet til Åpen folkekirke var aldri «berre» eit vedtak om liturgi for likekjønna vigsel. Vi ville få slutt på all diskriminering av skeive i kirka! Vi gjekk til val på ei "åpen, inkluderende og demokratisk folkekirke" i 2015, og dette kjem eg til å stå på stand for før Kirkevalet i 2019 også.

For det som folkevalgte i kirka og media i hovudstaden ofte gløymer, er at røynda er annleis i enkelte andre bispedømer. Det er framleis 4 bispedøme der skeive blir diskriminert ved tilsettingar. I Møre til dømes, slår utlysningsteksten fast at opplysninger om samlivsform vil bli innhenta og kan bli vektlagt.

Diskriminerande utlysningstekster 

Vi i Åpen folkekirke Møre forsøkte å få denne utlysningsteksten stroken i inneverande periode. Men sidan Åpen folkekirke er i mindretal i Møre, fekk vi ikkje endra teksten. Snarare vart teksten innstramma til det meir restriktive "Opplysningar om samlivsform VIL bli etterspurt og kan bli vektlagt» (mi utheving).

Det er for så vidt greit med tydelegheit, slik at eventuelle skeive søkarar til Møre veit kva dei har i vente på jobbintervju. Men dette gjer det samstundes svært klart for oss i Åpen folkekirke kva vi har å kjempe for.

Hovudstadsperspetiv

Eg blir både lei av og litt oppgitt over at Kirkevalet synast å bli framstilt som om det korkje er usemje lenger eller fleire sakar å kjempe for.

Det stemmer at i nokre saker går skillelinjene (heldigvis!) ikkje mellom konservativ og liberal i vigelssaka. Gode dømer er saker som omhandlar flyktninger og klima.

Men i mange saker ser ein likevel ein forskjel mellom ÅF og andre: Når det gjeld reglar for inn- og utmelding i kirka, for medlemskap, direkte eller indirekte val til bispedømmerådet osb.

Framleis skillelinjer 

Det er framleis skillelinjer det kirkepolitiske landskapet. Desse er ikkje hogd i stein - og godt er det. Vi har godt av å få våre synspunkt utfordra og nyansert. Og det er er ein fin ting å oppdage at ein har noko til felles med dei ein ellers er usamd med.

Men dette skuggar ikkje for det faktum at vi i Åpen folkekirke framleis har kamper å utkjempe, særskilt i enkelte bispedøme. Dette skulle eg ønske både debatten og media i større grad kunne reflektere.

Therese Utgård

Leiar Åpen folkekirke Møre 

Innvalgt i Møre bispedøme

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verdidebatt