Verdidebatt

Flyskam, fornuft og fellesskap

Eg har aldri vore nokon klimaskeptikar, eg berre oppfører meg som ein.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Livet mitt burde endrast radikalt, om eg skulle ta rapportane om kloden sin farlege tilstand på ­alvor. Eg veit like godt som alle andre som ikkje har budd under ein stein dei siste åra, at noko av det viktigaste og enklaste ein privatperson som meg kan gjera for klimaet – utover å stemma framtidstaktisk ved politiske val – er å fly minst muleg. «Minst muleg» er mine ord og vidopne for tolking.

Når eg ransakar meg sjølv, ser eg at ­flyreisene mine sjeldan er tvingande nødvendige. For meg handlar det om opplevd tidspress, jobbengasjement og reiselyst. Lenge før nyordet «flyskam» dundra inn i den norske debatten som ein jumbojet frå Sverige, har eg vore litt flau når eg har delt bilde på sosiale medium frå reise-mål eg har floge til. Eigentleg kunne eg ha skrive­ på bilda frå den engelske tesalongen: «Fint å vera her i London, folkens, og mitt sete i flyet bort har betydd 240 kilo CO2-utslepp i atmosfæren me deler. Hyggjeleg å kunna bidra.»

Påført skam

Det er fullt muleg å ­undertrykkja flyskam. Men svært mange skjemmest slett ikkje. Andre blir provoserte av å bli «påført skam». Skal godt vaksne som har reist lite med fly tidlegare­ i livet, måtta droppa reisene sine, når globetrotter-generasjonane har overtrekt utsleppskontoane sine i tretti år? Skal viktige omsyn som gjer at folk reiser – alt frå lokal verdiskaping til global fredsskaping – måtta vika for Det eine viktige omsynet til klimaet? Og kva betyr det om eg lar vera å fly, når nesten ingen andre gjer det?

Norske forbrukarar og politikarar er i stor grad teknologioptimistar. Svært mange­ tenkjer til dømes at utsleppsfrie fly er like rundt hjørnet. Avinor har ein visjon om at innanriksluftfarten i Noreg skal vera elektrifisert innan 2040. (Om 21 år, altså, ti år over den sannsynlege fristen for å bremsa den globale oppvarminga til 1,5 grader.) Internasjonale flyreiser blir ikkje rekna med i nokon land sine utsleppsrekneskap, ingen land vil ta ansvar for dei. Pilatus-stilen har funka før.

Måtehald

Kvifor skal akkurat eg vera snusfornuftig og fly mindre, berre fordi eg faktisk trur at politikken og marknaden ikkje forandrar seg raskare enn forbruket mitt gjer det? I det siste har eg vore motlaus og følt meg åleine. Det har eg ­ingen grunn til, det er berre å sjå seg rundt. Kvar fjerde svenske har droppa flyreiser det siste året av omsyn til klimaet. Mange norske bedrifter, institusjonar og organisasjonar arbeider aktivt med å minka flyreisene sine. DNB har redusert dei med ti prosent målt i kilometer. Få av oss greier å vera heilt «fråhalds» når det gjeld å fly, men måtehald går fint an.

Kjensla mi av einsemd eller fellesskap handlar (i alle fall i dette tilfellet) i stor grad om kva og kven eg eksponerer meg for. Nyleg har eg blitt med i Facebookgruppa Togferie, som har fått over 12.000 medlemmar i løpet dei sju vekene ho har eksistert. Der blir det utveksla interessante­ tips og råd om togreising – særleg utanlands. I tillegg kan ein diskutera og leggja press på togpolitikk – som nattogforbindelse til utlandet. Eg lærer ­mykje, blir oppløfta og kjenner at eg er ei av ­mange som ønskjer miljøvennlege løysingar.

Skinner og sjø

Nå leitar eg etter ­forum og pressgrupper som løfter fram andre fornuftige reisemåtar. Privatbilisme-æraen har fått mange av oss til å gløyma at me er ein sjøfartsnasjon, men norske miljø utviklar allereie høgteknologiske, utsleppsfrie løysingar. Sjøen er gratis ­infrastruktur. Eg ventar på effektiv nattbåt mellom Oslo og København, som kan supplera rutene til tax-free-monstera som ikkje passar jobbtimeplanar. Og på ein ny og attraktiv englandsbåt. Miljøvennleg transport treng ikkje gå på skinner. Ikkje livet heller. Men det må gå føre seg i ­fellesskap, viss me skal stå i mot dei sterke og splittande kapitalkreftene som tener på at me trur me er åleine.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verdidebatt