Verdidebatt

Vårt Lands ansvar for mistillit og terrorfare

Vårt Land har vore positiv til innvandring frå muslimske land i alle år. Difor er dei medansvarlege for auka terrorfare og væpna politi i gatene på 17. mai

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Alle synest det er tragisk med betongelement langs hovudgatene i europeiske storbyar. Men sjølv ikkje desse klossane kan sikre barnetoget mot terror på 17. mai, nasjonal- og fridomsdagen vår. Nei, sidegatene til Karl Johan må i tillegg stengjast med parkerte bussar, og politiet både i Oslo og andre byar må væpne seg. Også Vårt Land synest dette er leitt.

Men avisa uttrykte 24. april ei sær oppfatning om kvar trugsmålet kjem frå og kven som er mest utsette:

"Men faktisk er muslimer aller mest utsatt for ytterliggående islamistisk terror. I Norge er det imidlertid høyreradikale krefter som står bak den største  andelen av terror og drap. Vi må derfor jobbe aktivt mot den  polariseringen, terroren og hatet de ytterliggående gruppene på begge  sider står for."

Slik stod det i leiarartikkelen, skriven etter terroråtaka på Sri Lanka med hundrevis av offer, dei fleste kristne. Men Vårt Land ser einast for seg ein ny Breivik-kopi, noko som er meir usannsynleg enn ei svart svane.

At muslimar derimot er mest utsette for islamistisk terror i islamske land, er sjølvsagt. Men Vårt Land har i alle år vore ein pådrivar for liberal innvandring, også frå ikkje-vestlege land. Det har gitt oss fleire hundre tusen muslimar og nødvendigvis også mange radikale mellom dei. Då kan ikkje avisa på leiarplass springe frå ansvaret sitt og i staden leggje skulda på dei som har arbeidd for det motsette. I fleire år har Vårt Land m.a. ført ein kampanje mot HRS, men dekkjer seg bak intervjuobjekt som leverer karakteristikkar som venta: Lars Laird Iversen, Lars Gule og Olav Elgvin; Shoaib Sultan; Geir Jørgen Bekkevold og Abid Raja; Tor Bach og Anine Kierulf, for å nemne nokre.

Vårt Land synest å tru at skepsis til innvandring frå muslimske land kjem av negative kjensler, framfor alt hat. Men faktum er at det byggjer på fornuft og historisk kunnskap.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verdidebatt