Verdidebatt

Religionspluralisme før og no

Det vekkjer reaksjonar når Norsk Luthersk Misjonssamband overlet Seiersten bedehus til muslimar. NLM gjev eit sakleg forsvar for si avgjerd (VL 30.april). Om dei vil, kan dei finne dekning i Bibelen, som målber både toleranse og religions-pluralisme.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Bibelen vart til i ei verd med mange religionar. Profetar og apostlar forma sin bodskap i møte med gudstru i mange utgåver. Dei uttrykte både religionskritikk og toleranse på same tid. I Athen vandra Paulus omkring i dei mange tempel, og knytte sin bodskap både til eit alter han fann der – «til ein ukjent gud» - og til ein av dei greske diktarar, i respekt for den framande tru. Profeten Mika utvidar Jesaja sin profeti om Fredsriket med eit tillegg som uttrykkjer både toleranse og erkjenning av det religiøse mangfald som en realitet i Guds verd: «Kvart folkeslag vandrar i sin eigen guds namn, men vi skal vandra i Herren vår Guds namn evig og alltid». Meisteren framhevar ein syrisk embetsmann, ein romersk offisér og ei kanaanéisk kvinne som føredøme i tru, medan han refsar sitt eige folk og sine eigne disiplar for deira manglande tru, med brodd mot selotisme og fariséisme i alle former.

Men det kan vere vanskeleg i ein einskaps-kultur som vår, der ein pietistisk farga lutherdom har vore vårt åndelege og kulturelle felleseige i to hundre år, å sjå denne sida ved Bibelens bodskap, og samstundes ta inn over seg realitetane i ei verd der grenser mellom folk, kulturar og religionar ikkje fungerer som før. Det norske folk er inne i ei formidabel omskolering, frå einskapskultur til det pluralistiske samfunnet. Det er krevjande, og mykje arbeid gjenstår for oss alle.

Eikrem var ein av pionérane i Kinamisjonen (no NLM) i åra 1902-1914. Han bygde ei kyrkje som enno står, men på ein såkalla «utstasjon» måtte han leige hus. Huseigaren var muslim. Dei fekk ein grei avtale, og den litt eldre muslimen klappar den unge misjonæren på skuldra og seier: «Vi Bokens folk må holde sammen!» (sitert etter Eikrems dagbok).

Om dette ikkje var motivasjonen for NLM i saka med Seiersten bedehus, er det klart at på mange område har kristne og muslimar samanfallande verdiar, som t.d. truskap i familien og måtehald med alkohol. Difor ser vi og stadig muslimar i KrFs rekkjer. Vi bør lære av den mangeårige misjonæren i Pakistan, Arne Rudvin, som erkjente den høgverdige religiøse sida ved islam, og med det formana oss kristne til å skjerpe vår åndelege beredskap. Ein kristendom som berre er ideologi og religiøsitet utan ånd, kan fort tape i konkurransen med fromme og dedikerte muslimar.

Det er forunderleg å vere vitne til dei svorne liberalistar på den politiske høgresida, ofte i allianse med det misjonerande kristne høgre, kor dei ropar opp om sosial kontroll og statleg lovgjeving for å stanse islams påverknad. Som om det ikkje er styrke nok i vår eigen religion til å by likeverdig konkurrere på den frie marknad, som dei elles forsvarar med nebb og klør. Det er eit teikn på vår tids åndelege fattigdom.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verdidebatt