Verdidebatt

Forfølging er ingen konkurranse om å ha det verst

Judith Horntvedt har utløyst ein grumsete debatt med påstanden om at media berre bryr seg om muslimar og ikkje om kristne som blir forfølgde.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Skrive saman med Ed Brown, generalsekretær i Stefanusalliansen

Judith Horntvedt i Asker Frp hevdar på nettstaden Document.no og i torsdagens Vårt Land (krever innlogging) at media berre bryr seg om forfølging av muslimar og ikkje om overgrep mot kristne.

Media får svara for seg sjølv. Vi stoppar ved Horntvedts bombastiske utgangspunkt, slik ho formulerer det på document.no: «Vi vet at 80 % av de religiøst forfulgte er kristne, enda de utgjør bare 30 % av jordens religiøse bevegelser. Mer enn 100.000 kristne blir hvert år drept, ofte på bestialsk vis (brent levende, f.eks.), og mellom 100 og 200 millioner er forfulgt, trakassert eller på annen måte nektet fri religionsutøvelse. Hvorfor vet vi så lite om denne kristofobien?»

Ingen faktasjekk
Document.no kunne med fordel brukt redaktøransvaret til ein faktasjekk. Høge tal kjem frå høgreorienterte, kristne organisasjonar. Men tala blir ikkje dokumenterte sjølv om mange spreier dei. Horntvedt har laga si eiga Facebook-gruppe. Dei fleste slike grupper får ikkje store medieoppslag. Det er ofte ein fordel.

Under Horntvedts tekst på document.no florerer påstandar frå anonyme debattantar, som denne: «Muslimsk terrorist er i mediene blitt en adelstittel». Både media og biskopar er, ifølgje ein annan, med på å snik-innføra sharia «der mindreverdige ikke-muslimer skal være slaver som skal forsørge det muslimske herrefolket.» På document.no er det fritt fram for å hevda at NRK har «konvertert til islam» og at kringkastinga er styrt av «Thor Gøbbels Eriksen».

Det er der den grumsete debatten Horntvedt har utløyst, går. Diverre.

Snakka sant
Stefanusalliansen starta som bibelsmugling til og opprop for undertrykte kristne bak Jernteppet. Som misjons- og menneskerettsorganisasjon med særskilt vekt på trusfridom, har vi i dag arbeid i fleire område. Vi kjempar for trusfridom som ein rett for alle. Det er viktig å løfta fram forfølging av kristne, og primæroppgåva vår er å styrkja kyrkjer og kristne lokalt. Men vi må snakka sant same kven overgrepa rammar. Det er ikkje alltid vi får fram heile biletet. Men vi prøver.

I kristne forsamlingar får vi ofte spørsmål om kor mange kristne som er forfølgde. Vi må svara som sant er: Det veit ingen. Det finst fakta for nokre konfliktar, men ingen globale tal.

Ferske tal frå Pew Institute viser at kristne og muslimar blir trakasserte omtrent like mange stader, men tala fortel ikkje noko om verkeleg omfang.

Det er aukande press mot trusfridommen. Kommunistregimet i Kina vil sikra makta. Innstramminga rammar kristne kyrkjer hardt – både godkjende og uregistrerte, men også muslimar og buddhistar. Aller verst i Kina har uigurane i omskoleringsleirar det, fordi regimet fryktar denne minoriteten. Dei aller fleste er muslimar. Bestialske overgrep mot Falun Gong må ikkje gløymast.

I India får hinduekstreme krefter som angrip kristne og muslimar, næring av eit hindunasjonalistisk parti ved makta.

I Myanmar er kristne minoritetsfolk under press. Men rohingyane – dei fleste er muslimar – er utsette for etnisk reinsing og folkemord. Hatefull retorikk frå ekstreme buddhistar fyrer opp hærens angrep på dei statslause.

Smertefullt
I Midtausten og Nord-Afrika har kristne smertefulle erfaringar som andreklasses borgarar, og dei har også møtt blodige angrep gjennom historia. Også andre har lide. I Egypt har mange valdsangrep ramma kristne utan at media har brydd seg. Store terroråtak mot kyrkjer er derimot godt kjende. Men det klart største IS-åtaket ramma ein sufi-moské. IS reknar sufiane som vantruande.

Den islamistiske terrorrørsla IS har angripe alle «vantruande». Jesidiane vart utsette for dei mest blodige angrepa i Irak. Fleire tusen jesidi-kvinner vart selde som slavar i IS-kalifatet. Langt mindre kjent er det det også er kristne kvinner blant IS-slavane.

I Iran har bahaiane det like ille som konvertittar i huskyrkjer. I Europa er det veksande hatefull kriminalitet – mot jødar og muslimar.

Ingen konkurranse
Mange stader er kristne alvorleg forfølgde. Men vi skal ikkje laga konkurranse om kven som er mest forfølgde. Dersom vi dyrkar eit bilete av at «vi kristne har det verst», lukkar vi augo for grov urett som rammar andre.

Vi må stå saman. I Pakistan der kristne er ei svært sårbar gruppe for blasfemiskuldingar, tvangsgifting og tvangskonvertering, har vår partnar starta eit nasjonalt minoritetsnettverk. For fleire minoritetar er under press. Det trengst også i Irak. Der er sentralmakta ikkje på minoritetane si side.

Vi skal støtta og protestera. Vi må snakka sant, ta omsyn til at menneskeverdet er likeleg fordelt og ikkje skapa nye konfliktar lokalt. Det tener også dei vi kjempar for.

KRONIKK I VÅRT LAND

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verdidebatt