Verdidebatt

Frimodig saman!

Behovet for nasjonalt åndeleg leiarskap og initiativ som samlar, er stort for oss som evangelisk lutherske kristne i Norge.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

For sju år sidan sette Evangelisk luthersk nettverk (ELN) ord på faren for fragmenterte løysingar som driv frå kvarandre oss som bør haldast saman. I tillegg til å vitne mot einskapen, vil slik fragmentering også marginalisere oss i oppdraget med å nå vidare med evangeliet. Korleis kan vi som lutherske kristne på apostolisk grunn makte å slutte rekkene i ein einskap som fører til at menneska rundt oss kan tru at Jesus er sendt av Gud? Korleis kan våre leiarar leie klokt, slik at dei set mot i oss og gir oppleving av å høyre til i noko stort?

Vi er mange når vi vågar å nærme oss kvarandre frå ulike kyrkjelege preferansar og spiritualitetar. Vi står saman med ei stor og livskraftig verdsvid kyrkje med ein heilt annan kjærleik til sanninga enn den vi lettast ser i vår nære kyrkjelege kontekst. Vi treng kvarandre på tvers av kyrkjesamfunn og organisasjonar og med ulike uttrykk, karismatiske som liturgiske. Vi har det meste felles, og vi har noko kvar for oss som utvidar kvarandre sin horisont. I lys av Jesu bøn om einskap, har vi ei plikt på oss til å søke kvarandre sin einskap.

I den perioden då eg var med å arbeide med bygginga av ELN, med kyrkjevalet i Den norske kyrkja (Dnk) gjennom Levende folkekirke (LK) og med danninga Frimodig kirke (FK), såg eg korleis dei teologiske brytningane slo ut lokalt rundt om i heile landet og etablerte ein situasjon av åndeleg nød. Mange var opptatt av kva vi kunne gjere saman framover. «Alle» syntes å innsjå at dersom vi sit i ro, er vegen til tilpassing og åndeleg fattigdom kort.

Framleis er det mange som slett ikkje har lagt vekk frimodet sitt for evangeliet, og det er mange som nektar å tilpasse teologi og teneste til den nye læra. ELN tok i 2014 initiativ til ei samling av leiarar i ulike lutherske kyrkjer og rørsler internasjonalt. I dag har det fått nedslag i det framveksande «Global Confessional and Missional Lutheran Forum», som i 2018 la fram ei teologisk erklæring kalla Bishoftu-erklæringa, sjå https://globalforum.co/.

Dessverre registrerer vi også dei ulike tilpassingsstrategiane som vi åtvara mot. Nokre tilpassar seg teologisk ved å endre eigne haldningar til Bibelens lære. Mange tilpassar seg situasjonen utan å endre eige «syn» men ved å akseptere at ulike «syn» er velgrunna, og ved å bagatellisere vekta av spørsmåla. Ein «sjelesørgerisk» variant av dette er å unngå å adressere seksuelt samliv utanfor ekteskapet mellom mann og kvinne, eller det å fjerne barnet frå mors liv, som synd. Slik kan ein halvgardere ved å stå for «det rette synet» men inkludere alle. Prisen er at vi skalerer ned kallet til omvending, tru og Kristi etterfølging i eit heilagt liv. Slik taper vi kampen der slaget står.

Andre igjen held heilt og fullt fast ved den klassiske læra om ekteskap og samliv, men orkar ikkje kampen. Mange av desse ventar likevel på at nokon står fram med tydeleg åndeleg leiarskap for å hjelpe til bibelsk frimod i tenesta. Om ein eller fleire biskopar hadde stått fast i motstanden mot innføringa av likekjønna vigselsliturgi og tatt splittingskonsekvensane av den nye læra, hadde dei fått ei slik samlande leiarrolle som mange spør etter. At dette sporet er dødt, er stadfesta av den nylege bispeuttalen som legitimerer landets himmelropande abortpraksis.

Sidan vi starta arbeidet med å skape nettverk for luthersk samhald på heil bibelsk grunn, har mykje skjedd. ELN, som blei til i 2012 for å bremse fragmenteringa, ser det ikkje som si rolle  i dag å skulle bli eller tilby noko av det som ELN i Danmark er. Dei tre store bedehusorganisasjonane våre har utstyrt seg med kvar sitt kyrkjeregister utan noko samordning. Mange klassisk truande i Dnk ser ut til å ha gitt opp det kyrkjepolitiske sporet til fordel for eit reint lokalkyrkjeleg engasjement. Situasjonen skrik etter noko som samlar.

Då FK blei etablert i 2017, blei det vedtatt at det skulle vere eit forum retta (primært) mot forholda i Dnk. To av oss i den førebuande komiteen ville at det skulle spenne vidare, men fleirtalet ønskte noko anna ut frå behovet for å ha ein plass å adressere dei særlege utfordingane ved teneste i Dnk etter endringa av læra om ekteskapet der. Argumentet var forståeleg. Derfor samla vi oss om den løysinga då.

Slik situasjonen er no, betyr det at vi ikkje lenger har noko samlande forum for breidda av evangelisk lutherske kristne på klassisk bibelsk grunn i Norge. Samtidig er behovet ikkje mindre tydeleg. Trykket frå ubibelsk lære er ikkje avgrensa til Dnk men merkast for fullt i frikyrkjer og organisasjonar også. Presset frå den allmenne utviklinga er stort og fører til uklare signal. Vi på grunnplanet merkar det. Leiarane treng kvarandre for å gi kvarandre frimod og styrke. Det gjeld lokalt, men det gjeld ikkje mindre nasjonalt.

Eg ser pt ingen andre enn FK som kan fylle ei slik rolle. Vi treng noko som svarar til ELN i Danmark, der «Formålet er at skabe et fællesskab mellem evangelisk-lutherske kristne i Danmark uanset deres menighedsform samt at aktualisere bibelske sandheder i kirke og samfund.» Vi treng FK som eit ope rom for å tenke lange og viktige tankar saman for den lutherske kyrkja i Norge. Som lutherske kristne av klassisk bibelsk overtyding treng vi eit nettverk av lokale kyrkjer og ulike nasjonale initiativ, organisasjonar og frikyrkjer, nettverk og rørsler som alle har til felles at vi vil bygge Guds kyrkje for misjonens sak.

Fleire område treng fokus ut frå store felles behov. Det blir lett for smalt om vi opererer kvar for oss. Vi treng ein felles arena for bøn og teologi, for pastoral støtte og oppfølging, for felles læring og internasjonal kontakt, for felles refleksjon om lokale utfordringar og misjonsbehov. Vi treng ein plass der vi alle kan få vere ressursar for kvarandre og slik erkjenne at dei andre har noko å gi meg. Noko av det første vi finn saman om som felles behov når vi møter representantar frå andre land, er ein nød for den teologisk/pastorale danninga, åndeleg og intellektuelt. Vi treng ei teologisk nydanning som startar i bøna sitt rom. Med denne må vi også styrke den pastorale oppfølginga lokalt.

På denne bakgrunnen vil eg utfordre FK til å endre vedtektene og strategien for å ta høgde for dette viktige og samlande oppdraget. No er den lagelege tida til å ta opp igjen samtalen om dette, så vi kan gå vidare frimodig saman.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verdidebatt