Verdidebatt

Kyrkja forsvinn

I landsbyar i Egypt er muslimske mobbar i stand til å tvinga tryggingsstyrkane til å stengja kristne gudshus.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

I fader Karras-kyrkja i landsbyen al-Halila i Luxor, sør i Egypt, hadde kristne sidan 1990-talet halde gudstenester – i eit enkelt bygg. I 2015 utvida dei bygget og starta med gudstenester kvar sundag. Lokale muslimar og tryggingsstyrkane var godt informerte.

I god tru. 

Det er lett å få byggja moskear i Egypt, men det er og har alltid vore svært vanskeleg å gå godkjent kyrkjebygg.

I september 2016 blei det vedteke ei ny lov som skulle sikra tilgang på kyrkjer. Eitt år etterpå hadde nesten 3.800 kyrkjelydar søkt om godkjenning av bygg som dei – i mangel av godkjenning – hadde brukt til truslivet. Fader Karras-kyrkjelyden trudde at dei endeleg skulle få eit godkjent og vigsla gudshus.

Men 16. april i fjor kom dusinvis av lokale ungdommar. Dei ropte slagord mot kyrkja og presten. Tryggingsstyrkar oppløyste demonstrasjonen. Men dei stengde også kyrkja. For godt. 120 familiar var brått utan kyrkje. Straumen vart kutta 28. april.

Stor mangel på kyrkjer. 

Egypt har den klart største kristne minoriteten i Midtausten – innpå ti prosent av folket. Dei viser oss eit aktivt og livskraftig kyrkjeliv som vesten bør bli inspirert av. Bibelarbeidet viser også vekst og kraft. Kristne lever ut trua i diskriminering og tidvis forfølging.

Men i alle år har kristne lidd under stor mangel på kyrkjer. For ortodokse kristne spelar eit vigsla kyrkjebygg ei mykje større rolle i truslivet enn for mange andre kristne.

I Det ottomanske riket, som Egypt var ein del av fram til samanbrotet i 1923, skulle sultanen godkjenna kyrkjer. Egypt overtok systemet. Men når alle saker om reparasjon og kyrkjelege nybygg skulle inn til sentralmakta, stod eit enormt byråkrati klart til å stikka kjeppar i hjula – gjerne på vilkårleg grunnlag.

Dessutan har Egypt eit tryggingsapparat som kan nekta ei kyrkje der denne vil utløysa muslimsk uro. Lang nok avstand til næraste moské og fare for lokal motstand har vore pålagde sjekkpunkt i alle kyrkjebyggsaker.

Islamistiske angrep.

Valdelege åtak på kyrkjer vart ein del stader i Øvre Egypt trappa opp dei to åra Mohammad Morsi var president og Brorskapen prøvde å islamisera landet etter revolusjonen i 2011.

Etter militærkuppet i 2013 har president Abdul Fattah al-Sisi lovd kristne vern mot terror – og nye kyrkjer. I september 2016 kom ei ny lov som skulle gjera det enklare å få bygd kyrkjer og reparert gamle. Lova skulle også gjera det lettare å få godkjent bygg som er brukte som gudshus i mangel av godkjende kyrkjer.

Men enkelt er det ikkje blitt.

I september 2017 hadde nær 3.800 kyrkjelydar søkt om godkjenning. Ved utgangen av november var berre 508 av dei godkjende – og det berre mellombels, inntil dei har oppfylt strenge og dyre tiltak.

Stengde kyrkjer. 

Med ein slik fart vil det ta årevis å koma gjennom bunken. Desse 508 kyrkjene ligg dessutan i område der det er minst spenningar. Kva vil skje med i dei område der det er sterkast motstand?

Egyptian Initiative for Personal Rights har ein fersk rapport dokumentert 15 tilfelle av sekterisk vald mot kyrkjer som søkte om godkjenning – frå september 2017 til november 2018.

I ni av tilfella vart gudshusa stengde av offentlege organ eller tryggingsstyrkane. Fader Karras-kyrkja var ei av dei. «Føremålet med den nye lova er totalt underminert», skriv EIPR som kallar dette ei dårleg lov.

Trakassering. 

Framleis driv tryggingstenester trakassering under gudstenester. Og framleis vil tryggingsstyrkane «løysa» konfliktar gjennom lokale «forsoningsråd», utan å ta sakene til retten. Det er ein del av systemet mange stader, og ein viktig del av diskrimineringa.

I landsbyen Komir i Luxor marsjerte fleire hundre muslimar 31. mars 2018. Dei protesterte mot at Mar Girgis-kyrkja skulle bli godkjent. Dei kravde bygget stengt.

Dei kasta steinar og ropte: «Kyrkja fall og presten er død, vi vil ikkje ha noka kyrkje». Dei 1.000 koptiske kristne heldt seg inne. Ein tryggingsstyrke stogga demonstrasjonen og arresterte 15 muslimar og 7 kristne.

Ifølgje politirapporten hadde det gått rykte om at kristne gjorde eit gjestehus om til kyrkje. Kyrkjelyden svarte at dette ikkje var eit gjestehus, men ei kyrkje der det hadde vore gudstenester i 33 år.

Avmakt. 

Saka vart teken til eit lokalt forsoningsråd. Ifølgje rapporten drog partane der tilbake alle krav. I staden for å bli godkjent som kyrkje, blei kyrkja stengt.

Det er ein utbreidd praksis at tryggingsstyrkane tek valds- og konfliktsaker til forsoningsråd og ikkje til retten. Den svake parten vert der tvinga til å forsona seg med overgriparen.

Ein annan fersk rapport om kyrkjebygg, «Prayers Unanswered», frå Project on Middle East Democracy, fortel at berre åtte heilt nye kyrkjer er godkjende under al-Sisi. Ni er altså stengde.

I januar opna president al-Sisi Midtaustens største kyrkje utanfor Kairo – ei stor symbolsk handling. Men eg trur katedralen vil få lite å seia. Dei egyptiske kristne treng kyrkjer der dei bur – og tryggleik for at gudshusa ikkje blir øydelagde av ekstremistar eller stengde av regimet.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verdidebatt