Verdidebatt

KrF og retningsval

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

I lengre tid har KrF vore vitne både til ein intern og ekstern debatt. Mykje både klokt og uklokt har vorte sagt og skrive. Men når KrF, etter ein omfattande og demokratisk prosess har konkludert, hadde eg vona at me som er KrF-medlemer hadde slutta opp om partiet. For det som er verdigrunnlaget og programmet for KrF, er ikkje endra. Eg har og merka meg at Knut Arild har gitt honnør for ei god regjeringsplattfom.

Sjølv om han no, dessverre, trekkjer seg, vil eg tru han får ein viktig rolle i Stortinget. Sjølvsagt kunne me ynskt situasjonen annleis, men med ei oppslutning rundt 4 prosent kan me ikkje - dessverre - gjera krav på å fa gjennomslag for vår gode politikk på alle område. Men eg vil tru at at dei tre statsrådane me no har fått, vil visa at KrF får gjennomslag i regjeringa på viktige område for KrF.

Eg har og spurt meg kva gjennomslag KrF ville fått med ei AP-dominert regjering når ein no høyrer partileiaren der kommenterer abort og biotekno-logiområdet. Men nett i denne saka hadde dert vore godt å høyra ei stemme frå ansvarleg hald i kyrkja vår. Kvar sundag vert menneskeverdet løfta fram i kyrkjebøna, men det hadde og vore fint om kyrkja hadde eit ord om dette i den offentlege debatten. Men at Frp er eit parti som på mange område står fjernt frå KrF skal eg vedgå.

No er valet gjort. Så står det att å sjå kor vellukka det vert.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verdidebatt