Johannes Morken

Redaktør
443

Brutal iransk julehelsing til kristne

Det går elendig med salet av boka til Per Sandberg og Bahareh Letnes, les eg. Derimot går det unna med arrestasjonar av kristne i Iran.

Publisert: 17. des 2018

Medan kjærasteparet Sandberg/Letnes var på den omdiskuterte sommarturen til ferieparadiset Iran i juli, blei fire kristne taua inn for å starta soninga av lange fengselsstraffer – på ti år og meir.

No har Sandberg/Letnes vore i Iran igjen og dessutan i all hast publisert ei bok med oppgjer mot mange kantar – og brenning av ei Oslo-avis. 

Eg har diverre ikkje hatt tid til å lesa boka. Det er så altfor travelt med å følgja med på meldingar om nye overgrep mot muslimar som er blitt kristne i det shia-muslimske prestestyret. Vi i Stefanusalliansen prøver å følgje Iran tett sidan vi støttar utvikling av den iranske kyrkja i og utanfor Iran gjennom vår partner Pars Theological Center.

Påfallande mange
I november blei 142 kristne arresterte i 10 eller 11 ulike byar. På berre ei veke blei 114 arresterte. Det opplyser Manjour Borji i organisasjonen Article 18 til World Watch Monitor. Dette er del av ein kampanje for å «åtvara» kristne mot å evangelisera blant muslimar i julehøgtida, meiner Borji.

2. desember blei fire kristne til arresterte, dei vart henta av sivilkledde menn frå Revolusjonsgarden, melder Middle East Concern.

Det er lov å feira jul i Iran. Men det gjeld berre dei godkjende kristne minoritetane – armensk-ortodokse og assyriske kristne. Og det er berre i orden når dei held gudsteneste på sine eigne språk, ikkje på nasjonalspråket farsi. Og dei må halda seg i gudshusa eller heimane sine.

Arrestasjonane er altså prestestyrets julehelsing til muslimar som er blitt kristne og til leiarane deira. Dei arresterte visste frå før veit at dei har levd i fare med trua si. Men dei har ikkje visst om overvakingspolitiet faktisk var på sporet av dei. No veit dei det. Dei skal verkeleg ikkje få julefred, meiner prestestyret.

Omfanget av denne arrestasjonsbølgja er påfallande stort. Regimet har dei siste åra forsterka presset for å nøytralisera den veksande bevegelsen av muslimar som vender ryggen til statsreligionen. Dette er ein skrekk for ayatollahane.


Press           
Mange av dei arresterte fekk reisa heime etter nokre timar eller dagar. Dei fleste arrestasjonane i Iran er kortvarige, men meldinga denne gongen er ekstra klar sidan så mange er arresterte i samordna aksjonar: Regimet trugar dei kristne og overvakar dei og legg press på konverterte muslimar og leiarane deira.

Borji seier at dei arresterte så mange kristne at dei ikkje visste kva dei skulle gjera med alle. Men alle har fått beskjed om at dei kan venta å bli kontakta av overvakingspolitiet. Alle fekk mobiltelefonane inndregne. Leiarane er blitt verande i varetekt.

Det konservative og halvoffisielle iranske nyhendebyrået Mehr melde laurdag at styresmaktene hadde arrestert «evangeliske kristne, med band til sionistisk kristendom», melder Radio Farda.

Mehr kalla dei arresterte for «ei sekt sionistiske kristne», og det heitte at dei var trena til å bruka iranske namn for å skjula kva dei høyrer til.

Iran stemplar kristendommen som ein vestleg eller sionistisk fare, i alle fall når muslimar byrja å lytta og konvertera.

Dette er shia-politisk nytale.

Frykt
Dei arresterte denne gongen måtte skriva ned detaljar frå kva dei har gjort som kristne, og har fått beskjed om at dei ikkje må ha meir kontakt med andre kristne. 

Ute av fengsel kan dei ikkje ta sjansen på å kontakta andre kristne – då er overvakingspolitiet i hælane på dei og dei andre kristne.

Her skal nettverk kvelast.

Manjour Borji gjesta Oslo tidlegare i haust under ein konferanse om iranske konvertittar i norsk asylpraksis. Han sa han ikkje vill gå inn i norsk asyldiskusjon, men la til at «alle medlemmar av iranske huskyrkjer lever i fare for å bli arresterte». Borji sa også at forfølginga er aukande.

Lange straffer
Over tid har til dømes lengdene på fengselsstraffene til dei som vert dømde, auka frå kring 5 år til ti til 15 år. For tida er minst 12 kristne dømde til minst ti år i fengsel – fleire er i gang med soning, andre ventar på endeleg dom. 

Ein av dei som er i gang med soninga, er Yusuf Nadarkani som er dømt til ti års fengsel og to års indre eksil. Han og fleire andre starta soninga i sommar.

Det er dei mest modige og aktive som får så lange straffer – dei som mest aktivt deler trua med muslimar eller leier arbeid blant muslimar som er blitt kristne. Andre blir pressa ut av landet gjennom korte arrestasjonar, høge kausjonar, overvaking, press og trugsmål om fengsel.

Overvaka 
«Ron» som Stefanusalliansen møtte i sommar, var pastor i ei stor pinsekyrkje i Teheran fram til 2013. Han vart arrestert og truga med fem eller ti års fengsel dersom han blei verande i Iran. 

Ute av fengsel etter arrestasjonen vart han overvaka og pressa til å reisa frå Iran. Han og kona drog i 2013, med reiseløyve frå flyplassen i Teheran. Kyrkja – Teheran Assembly of God – blei stengt etter press frå regimet.

Vi må gjerne handla med Iran, men berre dersom vi ope og tydeleg protesterer mot undertrykkinga. Så langt har Iran utan internasjonale protestrop kunna heva straffene for kristne leiarar.

Den brutale undertrykkinga går hardast ut over muslimar som er blitt kristne – bahaiar. Når det går mot jul, må protestropet runga: Set fangane fri i Iran.

Oppdatert utgåve av kronikk først publisert i Dagen

2 liker  

Bli med i debatten!

Du kan svare på innlegget ved å skrive et selvstendig debattinnlegg. Vårt Lands debattredaksjon vurderer alle innsendte tekster opp mot Verdidebatts retningslinjer.
Vennlig hilsen Berit Aalborg, politisk redaktør Vårt Land

Skriv innlegg

Mest leste siste måned

Lesetips

Les flere

Siste innlegg

Les flere