Kommentator Sofie Braut

Debatten og dei gode gjerningane

Eg skulle ønska eg kunne sagt at det som definerer kristne, er dei gode gjerningane. Problemet er at det verken er sant eller rettferdig.

Publisert: 10. des 2018

DÅ EG NYLEG las ei intervju med artisten Solveig Slettahjell i Vårt Lands adventsavis, fekk eg i tillegg til ein stor porsjon begeistring, sjølvkritisk refleksjon knytt til kyrkje-debatt.

Slettahjell fortel om ein oppvekst og bakgrunn der diakoni og sjølvoppofrande innsats for andre prega heimen og oppveksten hennar. Dette har ho teke med seg som ei gåve på vegen.

Begeistra las eg vidare, og slutten av intervjuet, som munna ut i ein kraftsats mot kristen-debattantar, ga meg noko å tenka på. Som avissynsar og såkalla «kyrkjepolitikar» kjende eg meg både interessert i og råka av artistens konklusjon: «Jeg er lei av all debatten i kirka. Gå ut og gjør noe i stedet.»

Eg trur ikkje det er langt mellom folk som kjenner det som Solveig Slettahjell. Som medansvarleg for at folk går leie av teologisk diskusjon og usemje, kan eg ikkje stikka hovudet i sanden.

Ikkje droppa debatt

Eg er langt frå velsigna med Slettahjells nydelege musikalske gåve, men likevel ikkje komplett umusikalsk, så eg innbyr på ingen måte den debatt-trøytte artisten til meiningsutveksling. Men eg vert rørt og utfordra av hjartesukket hennar til prøva å seia korleis det ser ut frå utsiktspunktet mitt; eg som meiner det er verd å trøytta ut allverda for å fremja det som for meg er det viktigaste av alt.

Kvifor kan og vil eg ikkje droppa debatt og forsvar for teologisk innhald til fordel for «reint» praktisk arbeid og gode gjerningar? Det korte svaret er at ei slik prioritering vil innebera eit farvel med den spesifikt kristne trua til fordel for eit allmennreligiøst alternativ, eller, det treng faktisk ikkje vera religiøst eingong. Gode gjerningar finst mange stader.

Er det ikkje reint hovmod å seia at det som særmerker kristne, er at vi overgår alle andre i gode gjerningar? Det er jo nettopp det som kan gjera oss nokså utålelege i mange miljø: At trua blir oppfatta som ein implisitt påstand om monopol på 
godleik.

Ikkje spesifikt kristne

Rett nok skulle eg ønska eg kunne sagt at det som definerer kristne, er dei gode gjerningane. Problemet er at det verken er sant eller rettferdig. Eg kjenner mange menneske rundt meg – i nabolag, korps og idrettslag – som eg beundrar og som ofte er langt betre enn eg sjølv er når det gjeld å stilla opp, bry seg og gjera ein innsats. Om dei er kristne, veit eg ikkje alltid. Gode gjerningar har for all del si rolle i kristent liv, men det er ikkje menneska sine gode gjerningane som er sentrum i den kristne trua. Så ærlege må vi vera.

For mange av oss, som ikkje berre anar at andre langt overgår oss i gode gjerningar, men som også kan kjenna på skam og misunning knytt til alt det gode vi ikkje maktar, er det dessutan ei Guds lykke å sleppa at mine gjerningar er omdreiingspunktet. Gode gjerningar er eit gode for alle, men la oss vera einige om at dei ikkje er spesifikt kristne. Då yt vi rettferd også til andre som gjer mykje godt. I tillegg kan det passa å minna om at gjerningar ifølgje kristen tru verken har potensiale til å frelsa oss eller føra folk nærare Gud.

Sjølve håpet

Det gripande ved høgtida som no nærmar seg, kan vi lesa av i ei kvar middels vellukka heimesnikra julekrybbe. I stallen er nemleg alt samla om eitt midtpunkt. Eit barn, som utan skriftene berre hadde vore eit fattiglem mellom millionar andre, men som på grunn av mektige profetiar, rungande gjennom all menneskeleg turbulens, streifar oss som sjølve håpet og kløyver historia i eit før og eit etter. I lyset frå Skriftene kan vi ta i mot barnet i krybba som Guds son og verdas frelsar. Utan dei, kven er han så, guten i krubba?

Den som er skrift- og debattglad, kan fort verta skulda for å vera både farisear og betrevitar. Frykta for å hamna i ein slik kategori kan få kristne til å hiva ut identitetspapira saman med resten av bokrullane i jakta på eit meir praktisk retta trusliv, som trass alt samfunnet vårt har meir sans for.

Sant og rett

Nei, debatt er ikkje saliggjerande og tåpelege ordskifte er det litt for mange av. Diskusjon vitnar likevel om engasjement, om det behovet vi har for å setja ord på det som betyr mykje for oss. Teologisk debatt streifar spørsmål om kva som er sant og rett, dette er spørsmål som naturleg bør vekka engasjement og kjensler.

Så er vi ulikt disponert; gode gjerningar talar eitt språk, men for mange er det også slik at der debatten døyr, er det pragmatikken som pratar og likesæla som lokkar. Kanskje det også vert vanskelegare å finna haldepunkt for verkeleg å tilbe han som då han vaks ut av krybba, seier han er vegen, sanninga og livet?


7 liker  

Bli med i debatten!

Du kan svare på innlegget ved å skrive et selvstendig debattinnlegg. Vårt Lands debattredaksjon vurderer alle innsendte tekster opp mot Verdidebatts retningslinjer.
Vennlig hilsen Berit Aalborg, politisk redaktør Vårt Land

Skriv innlegg
Kommentar #1

Kåre Kvangarsnes

23 innlegg  932 kommentarer

Publisert rundt 2 år siden

Knakande godt og sant- og ærleg.skrive. Takk!

3 liker  
Kommentar #2

Åge Kvangarsnes

12 innlegg  1957 kommentarer

Gode gjerninger

Publisert rundt 2 år siden

er synlige her på jorden, men Paulus sier at "deres liv er SKJULT med Kristus i Gud", derfor skal vårt sinn være vendt mot det som er DER OPPE (hvor Kristus er), og IKKE mot det som er på JORDEN. (Kol. 3, 1-3), og at "Guds hemmelighet er Kristus" (Kol. 2, 2).

Både vi og  gode gjerninger er på jorden og er derfor også synlige, men det er altså ikke vårt liv i Kristus, for det er  "SKJULT med Kristus i Gud". Kristus er hemmeligheten, ikke våre gode gjerninger, men HANS gode gjerninger for oss på korset: Forsoningen og forlikelsen. 

"All min ros er Kristus", sier Paulus.  


Et glimrende innlegg, Sofie Braut!

1 liker  
Kommentar #3

Daniel Krussand

37 innlegg  2002 kommentarer

Hva er gode gjerninger?

Publisert rundt 2 år siden
Sofie Braut. Gå til den siterte teksten.
Rett nok skulle eg ønska eg kunne sagt at det som definerer kristne, er dei gode gjerningane. Problemet er at det verken er sant eller rettferdig. Eg kjenner mange menneske rundt meg – i nabolag, korps og idrettslag – som eg beundrar og som ofte er langt betre enn eg sjølv er når det gjeld å stilla opp, bry seg og gjera ein innsats. Om dei er kristne, veit eg ikkje alltid. Gode gjerningar har for all del si rolle i kristent liv, men det er ikkje menneska sine gode gjerningane som er sentrum i den kristne trua. Så ærlege må vi vera

Kristne er ikke gode i verdens øyne.

Når folk generelt gjør mange gode gjerninger, behøver det ikke være Guds gjerninger.  For å gjøre Guds gjerning må du være Guds barn, kun da kan du vandre i Hans ferdiglagte gjerninger.

Så at andre «er langt betre enn du sjølv» er ikke relevant.

Sentrum i den kristne trua er nåde, og nåde gir gode gjerninger, er de fraværende er troen motbevist!

Så enkelt flg. Jakob.

2 liker  
Kommentar #4

Åge Kvangarsnes

12 innlegg  1957 kommentarer

Hvilke gjerninger er "gode gjerninger"?

Publisert rundt 2 år siden
Daniel Krussand. Gå til den siterte teksten.
Sentrum i den kristne trua er nåde, og nåde gir gode gjerninger,

Ut fra Guds ord. 

Har noen en klar bibelsk definisjon på det? Eller kanskje enda bedre, konkrete eksempler? 



Lesetips

Les flere

Siste innlegg

Les flere