Verdidebatt

Støre har støtte i Bibelen

Kjell Ingolf Ropstad går hardt i rette med Jonas Gahr Støre og AP sin familiepolitikk, i si ytring på NRK.no 4. des. Ropstad og KrF har ein del poeng. AP treng utan tvil mjuke opp sin familiepolitikk. Men faktum er at det kvinneidealet som mest utførleg er skissert i Bibelen, er kvinna i arbeidslinja, eller yrkeskvinna, som Arbeidarpartiet så sterkt løftar fram. I Salomos ordtøke kapittel 31 er ho levande skildra – ein tekst som gjennom hundradåra har vore kraftig underkommunisert i ein mannsdominert tolkings- og preiketradisjon.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Salomos ordtøke endar med teksten om «Den gode kona»: «Pris henne for frukta av arbeidet hennar, gjerningane skal gje henne ros i byens portar», heiter det til slutt. Kva er det denne kvinna arbeider med ? Stell og pass av barn er ikkje nemnt. Husarbeidet tek tenestjentene seg av. Kvinna sjølv har andre ting å drive med:

 « Ho skaffar seg ull og lin, hendene arbeider med liv og lyst. - - -Ho lagar linklede som ho sel, og sender belte til kjøpmannen.- - -Ho merkar at forretningane går godt, lampa hennar sloknar ikkje om natta.» Og ho har fleire jarn i elden: «Ho ser seg ut eit jordstykke og kjøper det; for det ho har tent, plantar ho ei vinmark».

Med ein tenarstab under seg er det i realiteten ei lita bedrift ho styrer. Mann og kone har fordelt arbeidet greitt. Ho styrer bedrifta, han tek seg av politikken: «Mannen hennar er akta i byporten, der han sit med dei eldste i landet ». Men ho har sikkert litt å seie om politikken og, ho teier i alle fall ikkje: «Ho opnar munnen med visdom, kjærleg rettleiing har ho på tunga».

Som sagt – borna er knapt nemnt. Dei står likevel til slutt fram og prisar henne sæl. Men korleis kunne ho som mor makte alt dette arbeidet, og dertil vere ei god mor? Fordi ho kunne plassere borna i barnehagen, dvs hos tenarskap som hadde det daglege ansvaret for borna. Ho kunne til og med ha ei amme som tok seg av minstebarnet. Ramma for dette scenariet er naturlegvis feudal-samfunnet, med sitt herre/tenar-regime (i dag arbeidsgjevar/ arbeidstakar), men kvinne-idealet er ikkje dess mindre tydeleg. «Den gode kona» utfaldar seg i vareproduksjon, forretning, eigedomskjøp og jordbruk.

Støre og Arbeidarpartiet kan frimodig løfte fram kvinna i arbeidslinja, med Bibelen i ryggen. Men dei bør også lytte til KrFs gode forslag, ikkje minst om valfridom for foreldre. Idealet i Salomos ordtøke kap 31 passar slett ikkje for alle kvinner. Men Ropstad kunne godt ha teke med seg dette bibelske kvinne-idealet og alliert seg med Støre og alle ute- og heimearbeidande kvinner. Det kunne kan hende ha gitt betre utteljing både for kvinnene, for familien og for nasjonen, enn det ei høgreregjering får til.
 

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verdidebatt