Redaktør kultur og idé Alf Kjetil Walgermo

Forvandling på høge hælar

Etter andre verdskrigen fann mange kvinner frå bedehuskulturen på Sørlandet nye måtar å vere kristen på i USA. Erfaringane opna viktige rom.

Publisert: 27. nov 2018

Når eg tenker tilbake på oppveksten min på Sunnmøre på 1980- talet, er han ikkje prega av moralske peikefingrar og snevre rammer for korleis kristenlivet skulle levast. Ofte tar eg meg i å tenke at eg har vore heldig. Den kristne trua mi fekk utfalde seg i ein heim og i eit miljø der den glade bodskapen var viktigare enn strenge levereglar. Sjølvsagt fanst det visse forventingar til kva kristne kunne seie, gjere og delta på. Men oftast var desse forventingane størst hos personar som sjølve ikkje gjekk i kyrkja eller på bedehuset. Pieteten deira var vel så stor som hos dei kyrkjeaktive.

Ikkje alle har hatt det slik. Og særleg dersom vi går endå nokre tiår attende i tid. Forteljingane om stram kontroll av kristen livsførsel er legio. Tek du turen nedover vestlands- og sørlandskysten, kan du møte dei i nær sagt kvar ei bygd.

Dei seinare åra er eg av private grunnar blitt meir og meir glad i Sørlandet, som uavhengig av min kjærleik går for å vere sjølve sølvspenna i det norske bibelbeltet. For når eg tenker på ordet «belte», er det ikkje berre i tydinga «eit geografisk område», men også som eit middel til å stramme inn, halde ting på plass. Og slik har det nok vore for mange, ikkje minst kvinner.


Gløymt kulturhistorie. Etter andre verdskrigen var det difor fleire sørlandskvinner som søkte seg ut, og reiste til Amerika. Historiene deira formar ei gløymt kulturhistorie. For gjennom denne rørsla frå det pietistiske sør til det moderne vest, endra også den norske bedehuskulturen seg. Kanskje ikkje med sjumilsstøvlar, for mange av dei utvandra sørlandske kvinnene blei verande «over there». Men somme kom attende og hadde meg seg nye impulsar om trusformer, kroppsforståing og livsutfalding. Desse tankane skulle gradvis forme den sørlandske kristne kulturen til det han er i dag.


Ny levemåte. Etnologen, forskaren og forfattaren Siv Ringdal har i fleire utgivingar sett på banda mellom Sørlandet og USA. I haust er ho aktuell med boka På høye hæler i Amerika , der ho blant anna tek for seg den nye stilen og levemåten som sørlandskvinnene tileigna seg i USA. Dei religiøse påboda var på denne tida sterke i det pietistisk prega Noreg og greip ofte langt inn i privatsfæren. Pontoppidans ord om at «Dans, Spil og Komedier, Kroergang og saadant» var «syndige lyster», hadde godt grep om den kristne moralforståinga – kva som var «sømmeleg» og ikkje.

I USA opplevde mange av dei tilflytta sørlandskvinnene at det var større vekt på sjølve trua og mindre vekt på sneversynte leve­reglar. Såleis byrja kvinnene no å barbere leggane og bruke nylonstrømper og høghæla sko. Dei sminka seg, gjekk på kino og dans, og kunne endåtil nyte eit glas vin. For ikkje å seie: Dei kunne finne på å bruke bukser! Dette var ikkje gangbar påkledning for kvinner i mange kriste­lege miljø på Sørlandet etter andre verdskrigen.


Eksotisk. Det er eit interessant historisk tilbakeblikk å lese i Ringdals bok om dei kristne levereglane sørlandskvinnene hadde med seg i bagasjen dei to første tiåra etter krigen. For unge kristne som veks opp i dag, er tanken om at det er synd å sminke seg eller gå på kino, noko særs eksotisk. Mens eldre lesarar av Vårt Land kan hugse at det stod store slag også her i avisa om kor vidt vi skulle skrive om aktuelle kinofilmar og trykke kinoannonsar.

Ringdals bok får fram korleis sørlandskvinnene på 1940- til 1960-talet tilpassa seg dei nye normene i USA og blei mellomklassekvinner med løna arbeid og nylonstrømper. Dei blei, kort sagt, moderne kvinner.


Forvandling. Den nye sjølvstenda og fridomen verka i sin tur inn att på den kristne kulturen som fleire av kvinnene etter kvart reiste attende til. Ikkje som ein revolusjon, for mange av dei som vende heim, måtte tilpasse seg på nytt. Men erfaringane dei sørlandske kvinnene gjorde seg i USA, skulle komme til å forvandle også det norske samfunnet.

Ikkje alt var kan hende av det gode: I dag er motepress og kroppspress kanskje eit like stort problem for samfunnet som pietismen var på sitt strengaste. Og kanskje blei eigentleg berre eitt sett med levereglar bytta ut med eit anna. Men fridomen i trua, som sørlandskvinnene opp­daga på andre sida av Atlantarhavet, den er viktig. «Til fridom har Kristus frigjort oss», som det heiter i Galatarbrevet i Bibelen.

Eg tenker på dette når eg tenker tilbake på oppveksten min. Og som mann kjenner eg behovet for å takke. Takk til kvinnene som gjekk føre – på høge hælar i Amerika.

4 liker  
Kommentar #1

Oddbjørn Johannessen

192 innlegg  13478 kommentarer

Interessante refleksjonar

Publisert rundt 3 år siden

Det er interessant det du skriv her, både frå ein sosiologisk og ein "teologisk" synsvinkel. Eg set "teologisk" i hermeteikn, for dette har vel strengt tatt ikkje så mykje med teologi å gjere.

Siv Ringdals nye bok må eg definitivt lese. Eg hugsar godt kvinnelege slektningar som kom heim frå Brooklyn - så vel med sminke som med øyredobbar og nylonstrømper.  Dei vart nok aksepterte på ei vis,  men på bedehuset rynka mange på nasen og meinte dei var miljøskadde.

 At beltespenna etter kvart sat litt lausare på sørlandskvinnene som eit resultat av påverknad frå dei heimvende systrene, er nok rett.

Helsing sørlending, fødd midt på 50-talet.

1 liker  
Kommentar #2

Petter Mohn

17 innlegg  11 kommentarer

Forvandling på høye hæler i Amerika

Publisert rundt 3 år siden

I VL for 27.11. har kulturredaktør Walgermo noen refleksjoner på hvordan unge damer fra Sørlandet endret livsstil og ble frie da de kom til Amerika etter 2. Verdenskrig. De bygger på boken «På høye hæler i Amerika» av Siv Ringdal og hans egne erfaringer. De ga meg helt andre assosiasjoner til høye hæler.

Jeg har arvet en amerikansk bok som kom ut på norsk i 1886 og ble anbefalt av flere amerikanske aviser. Den heter «Den unge piges virkefelt», og er merkelig moderne.

Forfatteren, Philles Brown, utfordrer de unge piker til å skaffe seg en samfunnsnyttig utdannelse, f.eks. lærer eller sykepleier, og de skal også ta vare på hjemmets gjøremål. Som fritidsvirksomhet bør de ta for seg dans, maling eller musikk og hagestell.

Ikke minst må de ta vare på sin helbred. For det første må korsettet forsvinne. Dernest nevnes nettopp de høye hæler på denne måten: Det er en vanartet smak som får folk til å beundre høye hæler. Aper går på tærne, men ikke mennesker, og vi burde da ikke etterligne aper…Deres gange, som bruker høye hæler, ligner mer på gorillaens og orangutangens enn et menneskelig vesens. Disse dyr går på tærne og setter aldri hælen på jorden…De raskeste, mest smidige og elegante unge damer jeg har sett, var tre unge piker som jeg møtte i Sveits og som gikk en tur daglig i løst sittende klær og godt fottøy. Forfatteren understreker bevegelsens betydning, slik vi også gjør nå om dagen: Hjernen trenger daglig frisk luft og bevegelse. Et barn som leser i 4 timer, vil lettere lære enn et som leser i 8 uten å bevege seg.

Alt sammen i samsvar med hva legene den gang holdt for å være bra.

Mest leste siste måned

Lesetips

Les flere

Siste innlegg

Les flere