Verdidebatt

Når sant skal seiast

Har KrF bruk for ein som fortsatt brenn for alt det «gule», men likevel vil ha Jonas framfor Erna? Er det plass i det nye KrF for oss som er meir redde for populisme og indivualisme enn for sosialisme i ulike variantar, og meir opptatt av totaliteten og retninga på politikken enn av å telle politiske gjennomslag i enkeltsaker, uansett kor stor symbolverdi dei har for delar av partiet? Når vi skal snakke sant, trur eg Kjell Ingolf Ropstad og eg er enige om at svaret gir seg sjølv. No er det framfor alt dei gode og entusiastiske hjelparane som trengst.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Den nye frontfiguren i KrF, Kjell Ingolf Ropstad, har fått eit formidabelt og historisk oppdrag. Å ta partiet inn i ei borgarleg fleirtalsregjering med berre halve partiet bak seg er i seg sjølv ein formidabel jobb. Å vere den som i praksis opphever partiets garanti mot regjeringssamarbeid med FrP, som fram til no har vore skrive i fjell, er historisk.

Alle må med

Å erkjenne at oppdraget ikkje vil kunne oppfyllast med støtte frå berre halve KrF-laget, er ein god start. Ropstads tilbakemelding til unge Simen Bondevik, som har sett ord på tvilen om framtida si i KrF, er derfor krystallklar. Alle må med: «Vi er også helt avhengig av at du og andre engasjerte KrF-ere som nå er skuffet, fortsetter arbeidet for et varmere samfunn og for at KrFs verdier og saker i større grad skal få prege samfunnet. La oss gjøre det sammen.» 

Å snakke saman - ærleg og sant

Å snakke saman og forstå den andre sitt perspektiv er heilt nødvendig. Ei større og vanskelegare utfordring er likevel å snakke ærleg, respektfullt og framfor alt sant både om det som bind saman og det som skiller.

Kjell Ingolf Ropstad åtvarar i svaret sitt til Simen Bondevik mot å la andre definere KrF. Det er lett å vere enig i det. Det er partiet sjølv, dvs. vi som er ein del av partifellesskapet, som skal definere kven vi er og kva vi står for. Men er det ikkje nettopp her vi er ved stridens kjerne, hovudgrunnen til den alvorgege sprekkdanninga vi i dag erfarer i sjølve grunnfjellet i partiet?

Eg trur det. På overordna nivået sluttar vi rekkene og mobiliserer entusiasme. Forresten, når sant skal seiast, finst det parti som ikkje vil slutte seg til eit «halleluja» for visjonen om eit varmare samfunn?

Invitasjon til politisk "flyttedugnad"

Men politikk er meir enn visjonar. Realpolitikken blir til i bestemte samarbeidskontekstar. Derfor inviterer Ropstad heile partiet med på ein historisk "flyttedugnad" inn i felles hus og forpliktande borgarleg sambuarskap med H, FrP, V. Visjonen er ikkje noko mindre enn å skrive KrF inn i ei regjeringserklæring som både uttrykkjer verdifellesskap og eit felles politisk program frå dag til dag. I 2013 uttrykte han det slik: «Et nytt flertall må finne sammen i så mange små og store politiske spørsmål som mulig, i alle de praktiske sakene som utgjør dag-til-dag-politikken. Men en politikk uten himmel blir lett retningsløs og så motløs, uten evne til å manøvrere stødig gjennom politikkens mange daglige krav».

Svaret må bli NEI

Ropstads kraftfulle kamp for å få fleirtalet med på å byggje eit nytt fundament for eit tydelegare KrF har på fleire måtar imponert meg. Mitt svar er like fullt eit klart NEI. Etter ei snart femti år lang reise med partiet, med erfaring både frå ordførarkontor, stortingssal og regjeringsbygg, vil det for min del vere full kollisjon med alt eg brenn for å definere og til og med tru på eit framtids-KrF som del av eit forpliktande verdifelleskap og politiske halvhjarta kompromiss som både kristendemokratar, liberalistar og populistar kan framsnakke og vere stolte av.

Når vi skal snakke sant, må eg vere tydeleg på at eg aldri har sett Erna Solberg som mi eller KrF’s politiske stjerne. For meg er ho berre ei blå lanterne på ei regjeringsskute med ein kurs som eg verken er stolt av eller i det store og heile kan stå inne for. Men eg uttrykkje gjerne stor honnør for den jobben Knut Arild Hareide, Kjell Ingolf Ropstad og resten av KrF-gruppa i Stortinget i over fem år har gjort for å moderere dei mest negative utslaga av blåblå politikk.

KrF som radikalt alterativ

"Mitt" KrF, slik eg definerer det, kan og skal likevel aldri slå seg til ro med å dra høgrepartia lengre mot sentrum i kampen for klimaet, millionar på flukt, dei fattigaste av dei fattige, mot auka forskjellar i samfunnet osb. Det kristendemokratiske partiet eg møtte då Jon Lilletun midt på 1970-talet definerte det for oss under eit politisk "vekkingsmøte" , skal alltid vere ei radikal stemme og stå aller fremst i dei kampane som betyr mest for dei som treng det mest. Det betyr også å våge å inngå blokkpolitiske alliansar med dei parti som vi i kampen for menneskeverdet i vid forstand, både fødte og ufødte liv, har sterkast verdifellesskap med. Det er i alle fall ikkje FrP!

Eit nødvendig vegskille

Eg skriv ikkje dette innlegget for å mane til omkamp om eit retningsval som partiet no har tatt. Eg har respekt for eit fleirtal og erkjenner at jobb nummer ein no er å spele Ropstad og resten av laget så gode som mogleg i "flytteprosessen".

Innlegget mitt er først og fremst meint som eit ærleg bidrag til ein tøff intern samtale der vi snakkar sant om kvifor retningsvalet skaper sprekker i sjølve grunnfjellet i partiet. Når sant skal seiast, ville det utan tvil ha vore slik også om fleirtalet hadde vippa motsett veg.

Anten vi likar det eller ikkje, trur eg partiet står ved eit vegskille der vi må erkjenne at målet om eit tydelegare KrF vil måtte bety ei viss avskalling. Eller kanskje skal vi heller snakke om utskifting av delar av mannskapet? For når sant skal seiast: Kløfta mellom Bjarte Ydstebøs definisjon og min definisjon av kven KrF er og kva det skal og bør vere, synest å vere altfor stor til at vi begge kan vere med på å spele partiet betre.

Treng framtidas KrF slike som meg?

Det er ikkje slik er skulle ha ønskt det, men det slik det er blitt: No må Kjell Ingolf Ropstad få alle dei gode hjelparane han kan oppspore for å kunne  fullføre det formidable og historiske oppdraget han har fått. Utan flust med entusiastar som trur på den nye sentrum-høgrevisjonen og stiller opp for den, vil det ende med forlis.

Sjølv er eg ikkje der, men spør som Simen Bondevik, men meir spissformulert og utfordrande: Har KrF bruk for ein som fortsatt brenn for alt det «gule», men likevel vil ha Jonas framfor Erna? Er det plass i det nye KrF for oss som er meir redde for populisme og indivualisme enn for sosialisme i ulike variantar? Kva rolle skal vi ha, vi som i tillegg til alt eg har nemnt er meir opptatt av totaliteten og retninga på landbruks-, skatte-, distrikts- og kommunepolitikken enn av å telle politiske gjennomslag i enkeltsaker, uansett kor stor symbolverdi dei har for delar av partiet? 

Når vi skal snakke sant, trur eg Kjell Ingolf Ropstad og eg er enige om at svaret gir seg sjølv. Med så lite entusiasme og så tydeleg motstand vil eg og dei som tenkjer som meg ha lite konstruktivt å tilføre partiet i den prosessen ein no har starta. Slik er det berre. Så får det vere mitt ansvar, ikkje partiets, å bruke tid på å finne min plass framover, både i det politiske landskapet og eventuelt ombord på andre skuter.

Men draumen om "mitt" radikale KrF vil eg alltid bere med meg – «at noko vedunderleg kan skje … at me ei morgonstund skal siga inn på ein våg me ikkje har visst um." » For aller minst i politikken blir vedtak fatta i evighetsperspektiv.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verdidebatt