Verdidebatt

Svangerskapsavbrot - abort - fosterdrap

Terminologi som ikkje er sakssvarande

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

SVANGERSKAPSAVBROT – ABORT -  FOSTERDRAP

I den evige debatten om abort er det tunge moment som blir neddempa og for lite vektlagt, og andre som får altfor stor tyngd.

Først er det terminologien. Det er stor skilnad på å snakka om «reproduksjonshygiene», «svangerskap» og «fosterdrap» – sjølv om temaet er det same, - eller snakka om kvinna, - mor til barnet – sædgjevaren, donoren eller pappa'en til ungen.

Ein røpar kor ein står i landskapet ved det ordvalet ein gjer seg bruk av.

TERMINOLOGI

Celleklump, foster, barn i mors liv, arving, livsfrukt.

Kva term er den mest relevante og sakleg korrekte?

ROLLEINNEHAVARAR i dette sakskomplekset:

Morkroppen, - kvinna, - den som ber fosteret, - barnemora. 

«Retten til å bestemma over eigen kropp» er slagordet som trumfar alle innvendingar mot abort. Eigen kropp? Det er knapt halve sanninga. To kroppar til er involvert – først fosteret, som det står om liv eller død for, dernest sædgjevaren - faren som har bidrege med halvparten av genmaterialet og er arv-gjevar til ungen etter fødselen.

Kvinna har ansvaret for og råderett over si livmor. Men startar ikkje tildelinga av råderett og ansvar før svangerskapet er eit faktum?  Alle kvinner veit korleis barn blir avla, – og råderett og ansvar burde bli bevisstgjort r kopulasjonen.

Fosteret, - barnet - avkommet - livsfrukta.

Skal ikkje barnet tilgodesjåast med retten til å «bestemma over eigen kropp»? Spesielt når det dreiar seg om liv eller ikkje-liv?  Liknar det ikkje på eit klart overgrep å drepa eit menneskeyngel - utan å spørja først?

Skulle ikkje det første punktet i Menneskerettane vera den soleklare retten til liv – når det først er tildelt og oppretta?  (jamfør saka om å forby omskjering av forsvarslause små jødegutar. "Bør dei ikkje få veksa seg store først så dei kan bestemma det sjølve?")

Far til barnet. 

 Er ikkje hans «rett» til å bestemma over eige avkom å rekna med?

Familien.

I dei fleste kulturar er det eit sterkare samhald og involvering i familien.

I Sudan veit alle rundt tunet til tukulen (hytta) kven som er mor til barnet. Kven som er faren – vert lite påakta. Det er storfamilien sitt barn – til alles glede og ansvar.

Samfunnet, 

som me alle er ein del av, er heilt avhengig av at det blir bore fram nye barn. Nyttar alle kvinner seg av sin «rett til sjølvbestemt abort», ville samfunnet døy ut i løpet av ein generasjon.

Det er litt underleg å sjå dei illsinte protestdamene med slagordsplakatar som: «Rør ikke abortloven!»  Kvifor er dei så sinte og vulgære?

Kven sine rettar er det dei forsvarar? – Er det menneskerettane til dei minste og mest forsvarslause av alle – ufødde menneskebarn?  Finst det noko døme frå dyrelivet der mordyra har ein meir sjølvsentrert og nådelaus yngelpleie?

Har feminismen blitt antifeminisme? Har dei ikkje sett at barneavl og barnefostring er det største og flottaste oppdraget som mennesket er blitt tildelt?

Kvifor blir det ikkje forska meir på psykiske «seinskader» etter abortinngrep? – Og dei undersøkingar som er gjorde blir ikkje nemde, - men berre tidd i hel?

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verdidebatt