Verdidebatt

Den politiske linja til avisa Vårt Land

Sjefredaktør i Vårt Land, Alf Gjøsund, meiner avisa, politisk sett, står for det same i dag som ved starten i 1945. Er dette rett?

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

I kommentaren "Vårt Land og politikken" grunngjev Gjøsund sitt syn. Meininga var m.a. at avisa skulle "stille seg til tjeneste i alt arbeide for større sosial rettferdighet,  samtidig som den motarbeider alle former for kollektivisme som ikke lar  seg forene med det kristne menneskesyn". Men Vårt Land var også ei svært nasjonalsinna avis, naturleg nok ut frå jubelstemninga over attvunnen fred, fridom og sjølvstende rett etter krigen. Seinare har VL tona ned dette i takt med endringar i rådande ideologiar.

Gjøsund held fram: "De tydeligste politiske signalene de siste tiårene har vært advarsler mot liberalisme og populisme." Dette er berre delvis rett, for kritikken har vore retta einsidig mot Frp, medan Venstre, som på mange måtar er like liberalistisk, har gått fri. Vårt Land har heller ikkje gitt noko godt svar på kva dei legg i 'populisme', som meir har hatt funksjon som skjellsord enn som politisk omgrep. Ole Jørgen Anfindsen har i fleire kommentarar til Gjøsund peika på dette og annan svak argumentasjon frå Vårt Land si side.

Eg er verken overraska eller irritert over at avisa no støttar Hareide, som heller vil gå i regjering med venstresida enn med motsett fløy. Det har vel lege i korta lenge. Dessutan er ikkje Arbeidarpartiet lenger særleg sosialistisk og Høgre knapt nok konservativt. Dei politiske avstandane i norsk politikk, iallfall langs høgre-venstre aksen, er svært små.

Derimot har eg vore både skuffa og sint fordi Vårt Land ikkje strir med blanke våpen, men brukar i beste fall halvsanningar for å stille meiningsmotstandarar i eit dårleg lys. Avisa si tolkinga av omgrepa "godhetstyranni" og "gullstol", slik Listhaug har brukt dei, kan godt kallast direkte lygnaktig.

I årevis har VL dessutan vore svært positiv, ikkje berre til muslimar, men til islam. Sjølv synest eg absolutt islam, særleg i den islamistiske varianten, er å rekne som ein "kollektivisme som ikke lar  seg forene med det kristne menneskesyn", som Vårt Land frå starten av skulle motarbeide. Dette har eg skrive om fleire gonger, m.a. her.

Vårt Land har heller ikkje forstått konsekvensane av den innvandringspolitikken avisa har støtta gjennom alle år. På dette området er VL sjølv særs liberalistisk, noko som  avisa elles er i mot. Slik velvilje for kolonisering av landet ved innvandring av folk frå framande land, jamvel med annan ideologi og religion, var sjølvsagt heilt utenkjeleg i 1945.

I 2015 spurde eg difor "Quo vadis, Vårt Land?" og "Gjev Vårt Land og media oss innsikt eller ideologi?" Siste månader har eg også skrive mange kommentarar til innlegg som VL-redaktørar og -medarbeidarar har lagt ut på Verdidebatt; sjå m.a. 1, 2, 3, 4, 5, 6, 7, 8, 9 og 10. Nesten like mange har eg skrive til innlegg framheva av moderator eller frå fasta spaltistar i papiravisa. Felles for alle desse er at dei står for presis same synspunkt som Vårt Land.

Vårt Land sine meiningar om norsk politikk og samfunnsliv får eg gratis presentert også av TV2 og i NRK sine mange kanalar. Vi abonnerer no difor på nynorskavisa Dag og Tid. Også der står fleirtalet av skribentane for same synet, men dei har iallfall nokre få journalistar og kommentatorar som nyanserer bildet. Dessutan kan ein supplere med internett og lese bøker sjølv, i staden for å lese om dei.

Om Vårt Land vil endre seg, er ikkje godt å seie. Før eller seinare vil nok dei fleste måtte skifte syn for å realitetsorientere seg. Dagens leiarartikkel i avisa gav eit lite håp om at sjølv VL vil gjere det.

P.s. Eg måtte skrive dette som eit innlegg for å få søkbare lekkjer, for det fungerer ikkje for kommentarar med Firefox som nettlesar på min datamaskin.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verdidebatt