Verdidebatt

Gladmelding frå Tyrkia - pastor Brunson sett fri

Midt under dramaet med eit mogeleg drap på ein journalist i eit saudi-arabisk konsulat i Tyrkia, kom ei gledesmelding frå landet: Den amerikanske pastoren Andrew Brunson er ett fri frå husarrest.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

To år i fengsel og husarrest har ikkje knekt pastoren som fredag kveld kunne setja seg på flyet til USA saman med kona Norine.

«Eg er så takknemleg for alle som har støtta meg», sa Brunson til min kollega Maria frå Stefanusalliansen som møtte han i heimen i Izmir før ekteparet sette kursen mot flyplassen.

Då hadde rettssaka vart i seks timar. Dette var den fjerde høyringa i ei sak eg før har kalla ein farse. Det har eg gjort med støtte frå folk som verkeleg har kjent saka. «Ein farse og ein skitten samling konsirasjonsteoriar», sa Aykan Erdemir, vinnar av Stefanusprisen for to år sidan.

Risikerte 35 år
Brunson risikerte 35 års fengsel for «støtte til terrororganisasjonar og for spionasje». Han vart rett nok dømt for å ha støtta terror, men tiltalen for spionasje vart fråfallen. Han vart dømt til fengsel i tre år og 1 månad, men han vart sett fri straks på grunn av god oppførsel i to år i arrest.

Det skulle berre mangla. To år i overfylt fengsel og så husarrest for ein uskuldig mann er eit grovt overgrep. No er det over.

I denne rettsrunden var det ny aktor. Advokaten til Brunson seier at saka tok ei ny vending no. Fleire vitne fråfall vitnemåla sine. Fleire ting Brunson var skulda for, viste seg å ha hendt medan han var i fengsel.

Eitt vitne opplyste i retten at det ikkje var sant, som det stod i tiltalen, at vedkomande hadde sett eit medlem av Fetullah Gülens FETÖ-bevegelse heime hos Brunson. Vitnet hadde berre høyrt rykte om dette. Det er ikkje akkurat eit prov når tiltalen lyder på 35 års fengsel.

Gülen er skulda av Erdogan for å ha stått bak kuppforsøket mot Erdogan i 2016, og Brunson blei såleis skulda for å vera medskuldig i å ha planlagt kuppet.

Utreinsking
Det var i etterkant av kuppforsøket sommaren 2016 at Brunson blei arrestert, 7. oktober 2016. Han vart tiltalt for å ha støtta både den kurdiske PKK-geriljaen og Gülen. Så absurd var tiltalen. Dessutan blei han tiltalt for spionasje. Våre appell- og forbønsvenner i Stefanusalliansen har engasjert seg sterkt for Andrew Brunson desse to åra sidan han vart arrestert som del av utreinskingane og arrestasjonsbølgja etter kuppforsøket.

«Denne dommen er ei stor overrasking for det tyrkiske folket fordi dei berre er blitt fortalt om dei forferdelege brotsverk som Andrew Brunson skal ha gjort», seier advokat Ismail Cem Halavurt til Stefanusalliansens utsende medarbeidar Maria i Izmir. Media i Tyrkia har fyrt opp mot Brunson. Dei som har trudd oppslaga, forstår ingenting i dag.

Ikkje prov
Det er heller ikkje lagt fram eit einaste prov for at Brunson har gjort det er dømt for. Men heldigvis ramla ein del av dei falske vitnemåla og sokalla «prova».

«Eg er en uskuldig mann. Eg elskar Jesus og Tyrkia,» sa Brunson sjølv i retten.

Advokaten vil ifølge Middle East Concern anke domen med krav om full frifinning. Det skjer med Brunson i USA.

Gissel
Erdogan har kravd Gülen utlevert i byte mot Brunson. Det har USA nekta – og Trump har innført sanksjonar mot Tyrkia. Dei har kome på toppen av feilslegen økonomisk politikk i Tyrkia og bidratt til økonomisk krise. Forholdet mellom USA og Tyrkia er sett på ei hard prøve. No er livet som storpolitisk gissel over for Brunson. Tyrkia er kvitt det som kunne blitt ein av mange digre skamplettar,

At Brunson er sett fri er difor ei glede. Han burde vore fullt frifunnen. Så får vi håpa at fleire av dei mange tusen arresterte i Erdogans Tyrkia slepp fri – folk som har færre støttespelarar internasjonalt enn Brunson.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verdidebatt