Verdidebatt

Dialog. Fredsarbeid? Diakoni? Eller misjon?

Når vi spør oss sjølve: Er dialog fredsarbeid, eller diakoni, eller misjon?, så er svaret rett og slett: Ja. Ja til alt.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Direktør i Areopagos, Raag Rolfsen, kommenterer den 27.september mitt tidlegare innlegg i VL som bar tittelen «Bak dialogen opnar misjonen seg».
Han set ord på  oppfatningar som eg er godt kjend med. Det som undrar meg, er at det Rolfsen løftar fram som rett inngang til å definere den kristne dialogen, synest å vere noko einspora og lite ope for dette som nettopp er hovudpoenget med heile dialogen slik han sjølv definerer den.
«Dialog er møte ansikt til ansikt, mellom likeverdige parter, uten skjulte hensikter. Jeg går inn i en dialog, ikke for å forandre den andre, men for å ta del i den gjensidige forandringen som kan skje gjennom et møte». Slik refererer Rolfsen sitt eige, og organisasjonen Areopagos, sin definisjon av dialog.

Eg etterlyser enno ein gong dette å kunne ha fleire tankar i hovudet på same tid.

Sjølv løftar han fram Jesu ord frå Bergpreika: «Sæle dei som skaper fred. Dei skal kallast Gud born» (Matt.5,9). Dette er Rolfsens viktigaste veg inn i dialogen.
Eg seier: Glimrande! Å skape fred er noko av det aller største ein kristen kan gjere, og arbeide for. Kan ein lukkast i det, trur eg Gud ser på det med største glede.
Likevel. Om ein muslim og ein kristen gjennom dialogen begge skaper fred, gjer ikkje det muslimen til kristen, til eit Guds barn. Ikkje før muslimen i tru på den treeinige Gud let seg døype for å tilhøyre Kristus. Men dialogarbeidet har sjølvsagt vore uendeleg viktig. Og eg kan ikkje tenkje meg at den kristne gjennom møtet med muslimen ikkje har vorte påverka av argument med røter i Islam. Det har skjedd ei gjensidig forandring. Fred har grodd fram. Dialogen har bore frukt.

Lat oss halde oss til ord av Jesus, skrivne ned i Matteusevangeliet. Går vi til det 25.kapitlet, kan vi i versa 31-46 lese det mektige avsnittet som i vår Bibel har overskrifta «Domen». Her møter vi Meisterens ord om kor viktig diakonien er. «Alt de gjorde mot eit av desse minste syskena mine, det gjorde de mot meg.» (Matt. 25,40)
Rolfsen peikar i sitt innlegg på at «Det er stor enighet blant kirkelige diakonale aktører om at man ikke hjelper mennesker i nød fordi de skal omvende seg». Sjølvsagt er det slik!
Difor har vi gjennom årrekkjer sett at nettopp misjonsorganisasjonane har drive utstrakt diakoni utan vilkår av noko slag. Med stor medkjensle og idealisme har misjonærane gått inn der nauda var størst. Nokre av dei med eit klårt mål om også å forkynne med ord om kven som har drive dei til dette (F.eks Normisjon, Misjonsselskapet, m.fl.) Andre har blankpussa den diakonale profilen. Kirkens Nødhjelp er mest kjend hjå oss. Det er ingen tvil om at denne organisasjonen driv genuin diakoni, utan at dei sjølve har eit missionalt sikte. Det gjer ikkje organisasjonen mindre  verdifull, eller mindre kristen, av den grunn. Diakonien har ein eigenverdi i samsvar med Jesu ord: «Alt de gjorde mot eit av desse minste syskena mine, det gjorde de mot meg.»

Så var det tilbake til dialogen. Organisasjonen Areopagos har henta namnet sitt frå det som ein gong hende i Athen der Paulus held den berømte tala si på Areopagos. Den er referert i Apostelgjerningane 17,16-34.
Kanskje er dette det viktigaste avsnittet i heile Bibelen som omhandlar misjon, ved sida av Jesu misjonsbefaling i Matt.28? Her ser vi at Paulus er veldig frimodig i det å forkynne Kristus i møte med dei han samtala med, dei han var i dialog med.

Dette frimotet skal ikkje den kristne leggje bort. Heller ikkje i dialogsituasjonen som oppstår når kristne møter menneske som trur på ein annan måte enn i samsvar med luthersk vedkjenning eller den kristne religionen. Men vi startar ikkje der når vi går inn i dialogen. Kanskje kjem vi ikkje eingong så langt at vi avsluttar dialogen med å vitne , eller misjonere, som nokre vil kalle det for?
Men det var dette med å vere opne for at det kan skje. Vere opne for at Anden kan opne dørar, gjennom dialog, diakoni, fredsarbeid, eller rein evangelisering.

Eg håpar ikkje at det Raag Rolfsen uttrykkjer om å møte «ein større Gud», samstundes ber i seg er Gud er for liten for oss når han pålegg oss om å vere vitne om han til endane av jorda.
Eg tenkjer at når vi spør oss sjølve: Er dialog fredsarbeid, eller diakoni, eller misjon?, så er svaret rett og slett: Ja. Ja til alt.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verdidebatt