Verdidebatt

To veier ligger foran deg, på en må du gå

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Då eg var ung, song vi ofte «To veier ligger foran deg, på en må du gå.» Denne songstrofa har eg ofte tenkt på i det siste når det gjeld KrF sin framtidige val om kva «blokk» ein skal gå i nærare samarbeid med.

Historisk og tradisjonelt har KrF hatt samarbeid med høgresida, men ikkje med Frp og med sentrum. No har Senterpartiet gått til venstresida, Venstre har gått til høgresida, inkludert Frp, KrF står åleine att i «sentrum». Valet er ikkje lett. Me finn saker som der KrF lett kan samarbeida også med SV om, og me finn saker me saker me lett kan samarbeids med høgresida på. Venstre tykkjer eg har gått for mykje i liberal retning.

Utfrå ein grunnleggande ideologi, vil eg tru det er meir å henta i eit samarbeid med høgresida enn med venstresida. Eg tenkjer då serleg på saker som har med menneske-verdet å gjera. Men Høgre er ikkje lenger det sikre verdipartiet, slik eg ser det.

Sentralstyret/landsstyret har ei vanskeleg sak, så lat oss hugsa på Knut-Arild og dei styrande organa i bøn.

Trykket i Vårt Land 22. september 2018.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verdidebatt