Verdidebatt

Per Sandberg på kjærleikens naive feriereise

Medan Per Sandberg var i Iran, vart fire kristne i landet taua inn av politiet for å sona lange fengselsstraffer. Iran er ikkje berre er eit ferieparadis.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

No er det sjølvsagt lov å dra på ferie til Iran, også for politikarar. Men ein reisande, ikkje minst ein statsråd, skal vera svært varsam med å uttala seg sterkt om eit land ut frå ferieinntrykk.

Uansett kva Frp-politikaren og statsråden tidlegare måtte ha sagt og meint om det strenge shia-muslimske regimet, var den påståtte «privatpersonen» Sandberg i ferd med å bli ein politisk reklamemann som det iranske prestestyret kunne dra stor nytte av. Prestestyret i Teheran er sikkert enig med Sandberg i at Iran kanskje er «ett av de mest misforståtte landene i verden», som Sandberg skreiv på Facebook.

Gledeleg nok rykte Sandberg til slutt ut med mellom anna ein NRK-kronikk om at ingenting er endra i hans og Frps syn på regimet i Iran. I kronikken er han, endeleg, hard mot regimet som brukar dødsstraff og piskeslag og delvis byggjer på sharia.

Men dersom Sandberg skal ha rett i at handel, teknologi og besøk til landet kan vera med på å endra regimet, må han i alle fall dra lærdom av sitt eige verbale paradisskryt. Og han må ha augo og øyro vidopne for det som skjer medan han let seg avfotografere saman med kjærasten, til bruk i sosiale medier.

Henta med makt

22. juli – på dei tider Sandberg var i Iran – knuste politiet i byen Rahst inngangsdøra til pastor Yusuf Nadarkhani. Dei brukte rå makt sjølv om han ikkje gjorde motstand. Pastoren vart deretter frakta til det berykta Evin-fengslet i Teheran.

I dagane etter vart tre andre medlemmer av Church of Iran henta. Dei fire fekk i mai stadfesta fengselsdommar på ti år. Nadarkhani og ein av dei andre fekk i tillegg to års fengsel som dei skal sona på ein fjerntliggjande og ugjestmild stad sør i landet. Alle er dømde for å ha «truga den nasjonale tryggleiken» og for å spreia «sionistisk kristendom». No var tida komen for å sona.

Det Nadarkhani har gjort, er å leia ei kyrkje der muslimar kjem til kristen tru. Å konvertere frå islam er ikkje lov. For knapt ti år sidan vart han dømd til døden for å ha fornekta den islamske trua, ein dom som blei omgjort til tre års fengsel.

Pressa ut

Eg er nettopp komen tilbake frå Tyrkia. Der møtte eg fleire andre iranske kristne. Dei leia eit nettverk av husgrupper, med kristne frå muslimsk bakgrunn. Dei visste det var farleg og gjorde alt dei kunne for å opptre i løyndom for politiet.

Men ein kveld i 2012 banka overvakingspolitiet på døra. På ein eller annan måte hadde politiet fått vita at denne kvelden var eit drygt dusin menneske samla til det leiarmøtet dei hadde kvar månad.

Bortsett frå to kvinner med babyar, vart alle arresterte og sat inne i to eller tre veker. Alle, også dei som ikkje vart fengsla, vart i avhøyr sette under eit brutalt psykisk press. Politiet ransaka hus på jakt etter medlemslister og kontaktinformasjon. For overvakingspolitiet var dette ein kriminell gjeng i Sandbergs ferieparadis. Dei fengsla måtte betala høge kausjonar for å vera heime medan dei venta på dommane.

Dommane lydde på eitt års fengsel og 60 piskeslag. Seinare vart dommane omgjorde til eitt års fengsel og to års forbod mot å forlata landet. Det siste var motsett av det Iran verkeleg meinte: regimet ville pressa heile gjengen til å forlata landet.

Det gjorde nesten alle. Etter at dei slapp ut fengslet, kunne dei nemleg ikkje oppsøkja kyrkjemedlemmane, det ville ført overvakingspolitiet rett til dekka bord. Overvaka og hardt pressa reiste nesten alle dei dømde ut av Iran, før dommane var sona. Slik regimet ønskte.

Minoritetsrettar

No er det slett ikkje slik at alle kristne med muslimsk bakgrunn blir fengsla. Men politiet slår til mot grupper som veks og mot leiarar som er ekstra aktive. Regimet toler ikkje tanken på ein kristen massebevegelse i eit islamsk land.

Det er heller ikkje slik at det er forbode å vera kristen i Iran. Kristne som høyrer til den armenske og assyriske minoriteten, som har halde til i Persia i uminnelege tider, er sikra rettar i grunnlova. Dei kan halda gudstenester på sine eigne minoritetsspråk, men ikkje på farsi, og berre i kyrkjene sine. Dersom dei slår seg til ro med å vera andreklasses borgarar som ikkje opponerer mot det shia-muslimske styret, kan dei leva ut trua.

Sandberg har heilt rett i at det er eit flott folk i eit flott land. Dei iranske kristne eg møtte i eksil i Tyrkia, understreka også sterkt at det er regimet, og slett ikkje folket, som forfølgjer. Frå folk flest hadde dei ingenting å frykta, motsett dei mange ekstremisttrugsmåla mot kristne i Pakistan.

Så er det dei som har det verre i Iran enn kristne med muslimsk fortid. Desse blir som regel ikkje utsette for fysiske overgrep, berre mentale.

Er du kurdisk milits, er du ille ute. Det er farleg å vera bahai i Iran – å vera bahai vert rekna som kjetteri og er forbode. Bahaiane er ikkje eingong andreklasses borgarar.

Dette er uansett eit så ille regime at ein påstand om at handel, teknologi og besøk vil kunna endra regimet, verkar som ein lettvint resept etter ein naiv ferietur.

(Ei utvida utgåve av eit innlegg trykt i Klassekampen 8.8.2018)

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verdidebatt