Verdidebatt

Lågkyrkjeleg frykt for det liberale

Det er fullt ut mogleg å vere likestilt kvinne og kristen i 2018. Dette bør dei lågkyrkjelege misjonsorganisasjonane vere tydelege på.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

I oktober 2018 vart Aud Karin Kjølvik Ringvoll intervjua i Dagen om seminaret «Ikke ypp deg med damene våre» som vart haldt på leiarkonferansen til Indremisjonsforbundet (ImF) i 2017. Seminaret vart føreslått etter at Kjølvik Ringvoll opplevde at enkelte elevar ved Bibelskulen Bildøy hadde eit langt meir konservativt syn på underordning og tenestedeling enn det som har vore vanleg i ImF.

Eit av sitata til Kjølvik Ringvoll beit eg meg spesielt merke i: «Selv opplever jeg at noen i god mening ikke slipper damene til, for å være på den sikre siden.» Her set ho fingaren på noko viktig eg trur kan gjelde for fleire tema som omhandlar kvinner og kristendom. I nokre samanhengar blir det kanskje snakka meir om korleis kvinner bør bli avgrensa enn korleis dei kan bli heia fram.

Vagt om underordning

Eit døme er på dette er temaet underordning og ekteskap. Lågkyrkjelege misjonsorganisasjonar tar avstand når ei utsegn om underordning er for ytterleggåande, men det blir ofte litt vagt og forsiktig. Dei ønsker å ta avstand frå ei bokstaveleg tolking av det som står om underordning, men vil samstundes ikkje framstå motstandarar av ideen. Det er alltid eit lite atterhald fordi dei ikkje vil gi inntrykk av å vere liberale eller at dei går bort frå det organisasjonen meiner.

Det er i alle fall inntrykket eg får når eg les avisartiklar om underordning. Det eg sit igjen med er at dei lågkyrkjelege misjonsorganisasjonane ikkje vil gå bort frå å snakke om at underordning er ein del av skaperordninga. Samstundes blir det ofte presisert at i praksis har det lite å seie at mannen er overordna kvinna sidan han skal elske og ære henne, og viss det har noko å seie i praksis er det vanskeleg å få eit grep om korleis misjonsorganisasjonane meiner det skal praktiserast.

Ei slik tilnærming til underordning er problematisk på fleire måtar. For det første, om underordning ikkje har nokre praktiske konsekvensar og alle kan leve liva sine slik dei gjer, kvifor må det då snakkast om underordning? For det andre, om det blir praktisert, kan ikkje underordning fort føre til undertrykking, og særleg om misjonsorganisasjonane ikkje er tydelege på korleis det skal praktiserast?

Eg trur Aud Karin Kjølvik Ringvoll sette fingaren på noko viktig då ho snakka om korleis redsla for å gjere noko feil kan føre til at kvinner får færre oppgåver enn dei kunne hatt. Det er ei oppfatning av at det er best å vere 100 prosent på den sikre sida. Det same trur eg me ser i spørsmålet om underordning: Heller snakke om det, sjølv om det i praksis ikkje har noko å seie, enn å ikkje snakke om det og dermed bli oppfatta som mindre bibeltru.

«Og innrett dykk ikkje etter denne verda».

Når eg les på Facebook-grupper og diverse nettsider med kristent innhald finn eg ofte tekstar kor feminisme blir sett på som eit brot med skaperordninga til Gud. Det blir gjort eit skilje mellom det som er av denne verda, likestilling i ekteskapen, og det som ikkje er av denne verda: underordning. Mykje av det eg kan finne om temaet har ei langt meir restriktiv haldning enn det eg har oppfatta at dei lågkjyrkjelege misjonsorganisasjonane har. Likevel er dette meir tilgjengeleg og langt meir tydeleg.

Når dei som snakkar mest ope om underordning gjer det i store bokstavar på ein måte som kan få dei som er usamde til å føle seg for verdslege, for lite radikale og for lite bibeltru, då er det eit problem at dei lågkyrkjelege misjonsorganisasjonane ofte er utydelege og forsiktige i møte med temaet. Etter seks år på kristen internatskule og fleire sommar på kristen festival har eg knapt høyrt nokon forklare meg på ein god måte kva som eigentleg er meint med underordning, og sjølv om det heiter seg at eg som kvinne bør underordne meg veit eg lite om korleis dette burde føregått i praksis.

Kristen og likestilt

For eigen del veit eg kor eg står. Eg veit at mi tilråding alltid vil vere å praktisere likestilling i eit forhold i staden for å fokusere på eit ideal som er vanskeleg å leve opp til på ein god måte. Det er viktig å gi jenter og unge kvinner vissheit om at dei kan vere kristne og framleis vere i eit likestilt forhold og nytte fordelane av å vere kvinne i arbeidslivet og i familielivet i 2018. Denne bodskapen har òg dei lågkyrkjelege misjonsorganisasjonane ansvar for å sende til jenter, og kanskje ikkje minst gutar, på kristne internatskular, på kristne festivalar og i forsamlingane. Eg trur ein kan vere meir sikker på å gjere det riktige då enn om ein gir monopol på temaet til dei som er meir kompromisslause og konservative når dei snakkar om underordning.

Denne kommentaren ble publisert i Vårt Lands papiravis tirsdag 03. juli.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verdidebatt