Verdidebatt

Angela Merkel i flyktningtrøbbel

Striden om immigrasjons- og flyktningpolitikk i den tyske regjeringa viser kor skjør storkoalisjonen i Tyskland er.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

«Regjeringskrise» vart eit hyppig brukt ord i Tyskland førre veke, og immigrasjons- og flyktningpolitikk var nok ein gong i sentrum av konflikten. Angela Merkels mantra om europeiske løysingar for europeiske problem vart sett på prøve då Horst Seehofer, innanriksminister i Tyskland for Christlich-Soziale Union (CSU), la fram det han kalla. «Masterplan Migration».

Seehofer og partiet han representerer har lenge vore for å kunne stoppe flyktningar på grensa til Tyskland, og det var dette punktet i Masterplan Migration som vart vanskeleg å svelge for Merkel og Christlichdemokratische Union (CDU). Dermed låg alt til rette for open konflikt mellom forbundskanslaren og innanriksministeren på eit politikkområde som er svært betent både i Tyskland og i forholdet mellom Merkel og Seehofer.

Kravstor veslesyster. For Merkels parti er CSU den yngre, kravstore og meir konservative veslesystera. Likevel går dei til val saman, CSU i Bayern og CDU i resten av Tyskland. I Forbundsdagen dannar dei partifraksjonen Union. Merkel har på ingen måte råd til å ignorere Seehofer og partiet hans sidan dei er med på å danne fleirtal for regjeringa i den tyske Forbundsdagen. Sagt på ein annan måte: Ingen støtte frå Seehofer, ingen Bundeskanslerin Merkel.

Seehofer har i fleire omgangar pressa Merkel hardt på immigrasjons- og flyktningspolitikk. Medan Merkel si tilnærming til flyktningkrisa var «Wir schaffen das», ønska Seehofer og partifellene seg ei langt strengare linje. Partiet har tidlegare hylla tilnærminga den ungarske statsministeren, Victor Orban, har hatt til fllyktningkrisa, og no har Seehofer i tillegg fått ein ny forbundskansler å sjå opp til: Sebastian Kurz i Austerrike.

Veljarkamp om ytre høgre. Før delstatsvalet i Bayern 14. oktober prøver CSU så godt dei kan å minske gapet mellom seg sjølv og Alternativ für Deutschland (AfD) og å markere seg sterkt i immigrasjons- og flyktningpolitikk. Utsegn om at islam ikkje høyrer til i Tyskland og vedtak i delstatsregjeringa i Bayern om å henge opp krossar i alle offentlege bygningar er berre to av døma på korleis kristendemokratane i Bayern kjempar om veljarane på ytre høgre. I oktober i fjor måtte Angela Merkel dra i land eit kompromiss med partiet om ei årleg maksimal grense for antal flyktningar på 200 000 for å få med politikarar frå systerpartiet inn i ein regjeringskoalisjon.

Likevel har dette ført til langt mindre spenningar mellom partia enn Masterplan Migration. Forslaget til Seehofer om å stoppe immigrantar på grensa splittar den sentrumsorienterte storkoalisjonen som mest av alt var ei naudløysing for å unngå nyval. Då hjelper det heller ikkje at Seehofer er klar på at  han ikkje kan godta å legge fram «ein halv plan med latskapskompromiss». No har han gitt Merkel to veker på å finne ei europeisk løysing i immigrasjons- og flyktningpolitikken, ei løysing som òg må tilfredsstille Seehofer og partiet hans.

Samarbeidet mellom Merkel og Seehofer har fleire gonger blitt sett på prøve, og på eit tidspunkt etter Masterplan Migration vart lagt fram vidareformidla Reuters nyheiter om at Union-fraksjonen i Forbundsdagen var historie. Dette viste seg etterkvart å vere falske nyheiter. Likevel viser den opne konflikten i den tyske regjeringa at forholdet akkurat no er iskaldt.

Vakuum til høgre. På eit overordna nivå handlar ikkje Masterplan Migration og andre konfliktar mellom CDU og CSU berre om immigrasjons- og flyktningpolitikk. Det handlar like mykje om kor Union som fraksjon i den tyske forbundsdagen skal legge seg i den politiske landskapen. Det er difor orda til tidlegare partiformann Franz Josef Strauß om at det ikkje skal vere noko vakuum til høgre for CSU stadig blir repetert. Den store oppslutninga til Alternativ für Deutschland har for Seehofer og andre sentrale politikarar i partiet blitt tatt som eit signal om at Merkel har dratt kristendemokratane for langt mot sentrum og dermed lagt eit rom i politikken lagleg til for hogg.

På kort sikt kan Masterplan Migration bidra til høgt konfliktnivå i den tyske storkoalisjonen. På lang sikt er det ein peikepinn på korleis regjeringssamarbeidet dei neste fire åra vil bli og kor langt CSU er villige til å presse Merkel for å få gjennom eigen primæpolitikk. Regjeringskoalisjonen i Tyskland er skjør, og Horst Seehofer og CSU viser at dei er villige til å setje styringsvilja til Merkel på prøve.

Denne kommentaren ble publisert i Vårt Lands papiravis onsdag 20. Juni

Foto: Markus Schreiber, Ap/NTB-Scanpix

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verdidebatt